onsdag 26. august 2009

Ikkje heilt basic med Basix…

Det kriblar i magen, stemmebanda slår krøll på seg og hovudet jobbar kontinuerleg med å pugge tekst. Fredag brakar det nemleg laust, den eineståande vokalgruppa Basix skal halde seminar i Ålesund, og damekoret eg syng i skal vere på scena ilag med dei og ta instruksjon på ein av songane deira. Vi syng nemleg Australien Spring i koret vårt, ein song dei deltok med i Grand Prix for nokre år tilbake. Gruppa Basix er på ingen måte “basic singing”, dette er avansert vokalsong!

Desse seks flotte karane skal alstå pirke på oss, sjå oss inn i augene og lokke fram dei flottaste tonar! Gjett om eg gler meg!!! Kor i alle dagar vi skal klare å konsentrere oss om instruksjonen og songen er ei HEILT anna sak… Songen vi skal synge er den du ser på videoen over!

Nyt!

mandag 24. august 2009

Hausten sig på….

Den gode og varme haustkjensla kom over meg i dag. Den lune og varme dagen gjekk til ro med kalde drag i lufta. Framleis blå himmel ute. Framleis ikkje heilt mørkt.

Men likevel med eit drag av noko anna. Noko eg ikkje heilt klarer å setje fingeren på, men som er så kjent og så kjært. Og som gir meg ei fullstendig ro, sjølv om dagen har vore lang og hektisk.

   011

Så i kveld krølla eg meg ihop i sofaen. Blomane frå forrige helg pynta opp bordet ilag med levande lys.

009

Eg burde heilt sikkert ha gjort noko fornuftig. Vaska eit golv eller lagt ihop ein haug med kle. Flytta litt rundt på nokre planter kanskje, eller tømt oppvaskmaskina. Men akkurat i kveld vil eg heller strikke. Den vesle tantebabyen som kjem om kort tid vil heilt sikkert meine det er fornuftig disponering av tid. Stakkaren kan ikkje kome pleddlaus inn i verda!

012 

Det lilla pleddet ventar på meg. Når haustkveldane set inn for alvor, må eg ha gode pledd i sofaen. Det er golvkaldt i gamle hus, og eg likar ikkje å fryse.

Du skal få eit lite haustdikt med deg inn i denne vakre kvelden:

Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
       som song
i Sumar so vænt millom Greino?
       Sidan eg høyrde deim
       ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.
Kvar vart det taa alle dei Blomar,
       som stod
og nikka i Ljos og i Ange?
       Eg ser yver Bøen,
       men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
       — Han visnar, Blomen, mot Hausten.

***  Per Sivle  ***

018

Medan eg kosar meg med te og strikking, håper eg du nyt kvelden der du er!

Og hugs; hausten er ikkje slutten på ein herleg sommar!

Det er byrjinga på eit nytt og vakkert eventyr!

søndag 23. august 2009

Eg hadde ikkje takka nei…

… om nokon kom og gav meg litt av dette skjønne serviset! På min vesle snartur til Tønsberg, tok eg turen innom den fantastiske interiørbutikken “IN” i Baglergaten. Der forelska eg meg hovudstups i Sophie Conran sitt Portmeirion-servise.

 sophie conran1

Så enkelt og stilreint, samstundes så praktisk, robust og anvendeleg.

sophie conran2

“I savour that wonderful moment of calm and peaceful anticipation when everything is still and quiet… and then laughter and chatter burst into the house as family and friends arrive and help prepare the food and table. Giggling games and enthralling tales fill the hours as eyes sparkle – a perfect day!”   

- Sophie Conran -

sophie conran5

Trur eg skal vere på utikik etter dette serviset. Om du har sett det på ein butikk i min umiddelbare nærleik (Ørsta/Ålesund), må du gjerne gi meg eit vink!!!

“…make every day a

beautiful day!”

Begge sitata er henta frå Sophie Conran si brosjyre, som er like nydeleg som produkta hennar…

fredag 21. august 2009

Når enden er god…

…er allting vått!

036 

Dei siste dagane har vore så varme og gode at det ikkje er anna å vente at småtuttene mine vil bade!

Dei trengde ikkje reise så langt – næraste sølepytt gjorde nytta!

047

Etter eit kraftig regnskyll i natt, danna det seg ein fin liten plaskedam i veggrøfta vår. Snuppene testa badetemperaturen, og kasta seg rett ut i det gjørmete vatnet!

038

Med 29 grader i lufta kan ein bade kvar som helst, ikkje sant?

043 044

Tenk at vatn kan vere så kjekt!!!

045 046

Nokre var mest opptekne av at fotane vart skitne, medan andre ikkje likte alt det gjørmete på fingrane!

029

Det er lenge sidan eg har lagt ut tydelege bileter av borna mine på bloggen, men dette kunne eg ikkje motstå! Sjå det herlege gliset! Sjå kor ho kosar seg! Tenk å vere to år, og ha ei mamma som er gal nok til å la borna bade i ein sølepytt i ei grøft! For å seie det slik;  det har vore langt mellom bademoglegheitene siste månaden, og då lyt ein sno seg når ein kan! Og kvifor ikkje ???? Dei skulle likevel rett i badekaret!

048

Til slutt vart det litt for kaldt for minstesnuppa…

049

Då vart det om å gjere å kome seg raskast mogleg til det varme, gode badekaret. Stødige, små fotar fann raskt vegen ut av søyla.

051

“Sina bade, mamma! Fort!”, var beskjeden frå badeløva! Mamma måtte berre henge på så godt ho kunne, for her gjekk det fort over grusen!

007

Eg og badeløvene ynskjer alle ein god fredagskveld!

Og hugs; alle moglegheiter for livsnyting må gripast med begge hendene! Om det så er å ta eit kveldsbad langs ein grøftekant…

tirsdag 18. august 2009

Starten på ei reise…

Det er så mange små hjerter som ligg og bankar litt ekstra i kveld. Sommarfuglane romstrerer litt ekstra, medan dei nye skulekleda heng så fint over stolen.  Skulestart er alltid litt spennande.  Nokre har allereie byrja, og mine små englar skal ha fyrste skuledag i morgon. Ny skule, nye medelevar, nye lærarar og nye utfordringar. Starten på ei reise – utan ledsagar, utan pass og utan klart definert endestasjon.

Kari Bremnes har skrive ein nydeleg tekst om slike reiser:

Reise
reise
reise med en liten passasjer
følge tegn som ingen andre ser
være egen båt
frakte både jubel og gråt

202
Reise
reise
reise lenger enn du hadde trodd
kjenne liv der ingen før har bodd
være en lugar
seile med et spørsmål uten svar

 027
Reise
reise
reise langsmed dag og over natt
reisen er den lengste du har tatt
være eget fyr
blinke for et gammelt eventyr

460 
Reise
reise
reise med en passasjer om bord
nynne på en sang av hav og jord
være solvarm strand
når en liten sjømann går i land
Av Kari Bremnes

 028

Lukke til, alle som skal tilbake til skulekvardagen i morgon!

“... vårt liv er en reise, og vi vet ikke hvor eller hvordan den ender, eller om den noen gang egentlig ender.”                                       

- Benny Andersen -

PS! Bileta tok eg i Danmark i sommar, på den nydlege stranda vi budde på. Båten som låg med kjølen i vèret sjarmerte meg i senk. Det var nesten noko symbolsk  med dei skjønne plantene som vaks der, og vitna om at ein kan kome seg langt her i livet sjølv om det er karrige kår.

søndag 16. august 2009

Matauk!

Eg kan godt forstå at dei gledde seg til hausten, dei som levde meir enn hundre år før oss. Naturen sitt eige spiskammers bugna av mat som kunne sankast og forhåpentlegvis vare vinteren gjennom. Dei var flinke til å nytte alt som var etande, og visste korleis det skulle brukast for å vare så lenge som råd.

nøtter og sina 009

Dette er ein av grunnane til at eg er så glad i hausten. Er så kjekt å kunne gå seg ein tur, og kome heim med noko du kan nytte i matvegen. Frøken midtimellom har nok arva dette etter meg. Og blant alt som kan haustast, har ho lagt sin elsk på nøtter.

nøtter og sina 008

I dag kom ho heim med ein diger pose nøtter. Vi sat i stille alvor og knekte nøtter, medan tankane leika seg med kva vi kunne bruke alt til.

nøtter og sina 016

Eg kunne godt tenke meg å lage litt hasselnøttlikar, etter inspirasjon frå dama med denne bloggen. Likøren skal stå og trekke i tre månadar -  det er vel eit supert julegåvetips??? Eg skal også prøve henner oppskrift på rognebærgelè, men det får verte i eit anna innlegg.

nøtter og sina 019

Ida meinte at nøttene eigna seg best til umiddelbar eting, så då vart det slik. Smaken av ferske nøtter er heilt ubeskrivelig!!!

nøtter og sina 010

No er oppmoding at alle bør ta seg ein tur i nøtteskogen og få seg ei smaksoppleving som minner om barndomsdagar….

lørdag 15. august 2009

Om å setje farge på tilværet…

I dag tok Ida kommandoen og beordra meg på blomsterhandel. Ho hadde så lyst å pynte litt i stova. Kven kan seie nei til slikt?

blomster 002

Begge jentene gjekk igong på kjøkkenet. Dei fann vasar, blomsterkniven min og sette seg til med kjøkkenbordet.

blomster 005

Eg tok sjølvsagt kontroll over blomsterkniven, men resten var det dei som ordna med.

Ida sine bloggbileter 015

Dette artige biletet har eg lånt frå Ida sin blogg, og syner ein skikkeleg hal i og dra-kamp om den siste rosa. Sjølvsagt var Ida storesyster nok til å gi rosa til Sina, og alle opptøyane roa seg straks!

blomster 004

Etter endt blomsterdekorering, gjekk dei inn på stova og pynta på borda mine. Flinke jentene…. Ida var strålande nøgd med at blomane matcha stearinlyset, duken ‘og zinkpotta i bakgrunne!

blomster 006

Det skal så lite til for å setje farge på ein ellers så grå dag! Og så er det så kjekt at det er ungane som tek initiativ! Det er vel stort vi mødrene som stullar og steller med slikt, men nå ser det ut som om frøken midtimellom har sans for det vakre ho òg!

blomster 007

No kan det berre regne så mykje det vil! Vi kosar oss inne med nydlege blomar og har det godt og varmt!

Ida sine bloggbileter 013

Tusen takk, gode snuppene mine -

Ida sine bloggbileter 016 

for å alltid gjere kvardagen min litt vakrare!!!

PS! Må gjerne kike innom Ida sin blogg, for ho har dokumentert heile hendinga der!

fredag 14. august 2009

Om å strekkje seg rette vegen.

Tove, sommar 030

Det er ikkje alltid ting går slik vi har tenkt. At oppturar vert nedturar, og gleder vert til sorger. At noko du hadde gledd deg til ikkje vart så bra likevel, eller når du har høge forventningar som ikkje vert innfridd.

Det kan vere vanskeleg å snu det negative til noko positivt. Men har du sett kva mange blomar gjer når dei av ein eller annan grunn heng med hovudet, og ikkje har fått strekkje seg mot lyset som dei andre? Den lange stilken heng krokrygga over kanten på vasen, så plutseleg tek den seg sjølv i nakken og søkjer oppover.

Mot lyset. Mot meir glede. Mot betre tider.

Tove, sommar 031

Etter å vere så langt nede, kan det berre gå ein veg.

Oppover.

Vi har mykje å lære av naturen. Blomane, trea, alt som veks og gror har forstått kor viktig det er å strekkje seg mot lyset. Aldri gi opp. Dei veks ofte der du minst ventar det. Dei er sterkare enn du trur.

Tove, sommar 032

“Optimisten ser en sjanse i alle vanskeligheter og pessimisten ser vanskeligheter i hver eneste sjanse. I det lange løp kan det hende pessimisten får rett, men optimisten har hatt det så mye morsommere i mellomtiden.”

Prøv å strekkje deg oppover.

Alltid.

onsdag 12. august 2009

Veldig kry….

Frøken midtimellom har alltid vore oppteken av blogginga mi. Ho har fulgt med frå sidelinja lenge, og i dag kom ho og sa at ho hadde lyst på sin eigen blogg! Då vart eg sjølvsagt veldig kry…

logo,ida

Bloggen hennar heiter “Gøy på landet!” og blir sikkert ein “sjå kva eg har gjort på i dag”-blogg. Eg må nok hjelpe henne litt med skrivinga, men alle bileta tek ho sjølv.

Ho blir kjempeglad om du kikar innom!

Easy to please!!!

I går hadde eg husbonden oss ein koseleg tur – berre vi to åleine!  Vi fekk besøkt både Tønsberg og Oslo før vi sette oss på flyet heim til Ørsta.  Husbonden var på businesstur, og eg var med på lasset!

Tove, sommar 008 

Medan husbonden gjorde ærenda sine, gjekk eg og tusla i Tønsberg by. Synet av desse to butikkskilta gjorde meg sjølvsagt veldig nøgd…

Tove, sommar 009

Denne butikken var veldig liten, men fortauet vitna om at dei hadde litt for ein kvar smak!

Tove, sommar 010

Desse skjønne blomane stod ved døra og ynskte velkomen!

Tove, sommar 011

Takk for påminninga!

Tove, sommar 012

Mykje vakkert å kvile augene på…

Tove, sommar 014

Etter at vi var ferdige i Tønsberg,  sette vi oss på toget tilbake til Oslo. Dette var utsikta frå lunsjbordet vårt…

Tove, sommar 015

Reker høyrer med når ein et lunsj på Aker Brygge!

Tove, sommar 020

Det var sommarstemning i Oslo. Varmt og godt…. Einaste dårlege med heile dagen vart at vi måtte teste tre fortausrestaurantar før vi fekk severing. Det var vel ikkje det at detvar så mykje folk, men dei var ufatteleg treige med ekspederinga. Men pytt, pytt, vi kosa oss i sola likevel!

Vel heime i går kveld, sat vi att med ei kjensle av å ha vore på ferie, og det hadde vi vel eigentleg! Sjølv om det berre var for ein dag!

mandag 10. august 2009

Absolutt urettferdig!!!

Det er ikkje lett å vere liten og ha lyst til å gjere alt det storesyskena gjer.

Tove, sommar 013

Trøytt, snurt, sliten og lei seg måtte ho innsjå at det næraste ho kom sykkeleventyret, var å låne storsystra sin sykkelhjelm.  Livet er jammen urettferdig….

Tove, sommar 017

Heldigvis var fjøra og kaia like i nærleiken, så minstesnuppa og mamsen tusla seg ein tur dit, og då kom smilet!!! Vi såg på fuglane, bølgene, fann steinar og skjell – lukke på jord! Det såg ut til at ho gløymde heile syklinga for ei stund!

Tove, sommar 020

Tove, sommar 019

Fantefjeset, smilet og humøret steig fleire hakk då ho fekk smake tyggis for fyrste gong! Syklinga vart brått heilt uvesentleg. Vi sat på gjerdet og dingla med beina og tygde tyggis! Med små midlar vart dagen redda likevel!