tirsdag 31. mai 2011

Så godt å vere to…♥

Av og til veit dei ikkje heilt om dei er sysken eller syskenbarn. Grensene er viska ut. Det er i grunnen ikkje så farleg med heller! Dei går inn og ut kvarandre sine hus, drikk av same glas og deler hemmelegheiter som ingen skal få vite om.

IMG_9161

Andre gongar kranglar dei høglydt så tårene renn. Leiker blir kasta vegg-i-mellom og dei skal aldri vere bestevener meir. Det heile varer heldigvis berre nokre sekund. Så ser dei på kvarandre gjennom tårevåte auger, før dei spring i mot kvarandre og auser ut gode klemmar og alt er som før...

…så godt å vere to…

fredag 27. mai 2011

Fredagskveld i Villa Utsikten ♥

Eg har bestemt meg for å jage forkjølinga ut av kroppen, så då blir det ein roleg fredagskveld heime i Villa Utsikten.

IMG_9048

Fredag er definitivt beste dagen i veka. Helga verkar uendeleg lang, det er god mat på bordet og vi kosar oss og ser på TV. Men før vi gjekk over til total kvild, måtte vi sjølvsagt vere ute litt! Eldsteguten skulle på fotballtrening, så eg tok med meg jentene og eit tantegull og rusla tur i “hemmelegskogen”, ikkje så langt frå kunstgrasbana.

IMG_9050

Vi kasta stein i elva og laga teikningar i sanden. Vi leika sisten mellom trea, fann kvite steinar og plukka blomar. Og så stod vi heilt stille og lukta. Det lukta skog. Våt skog. Og sommar… Sjølv om det var kaldt og vått, lukta det sommar.

IMG_9068

Turen vart sjølvsagt avslutta med å plukke blomar – og det blir mykje blomar når 8 små barnehender set i gong og plukkar! Nokre vart gitt vekk og resten sett i vasar heime hos oss.

IMG_9076

Desse lilla, små “juletrea” passa så godt i dei nye Covent Garden-lyktene eg kjøpte (kan nokon fortelje meg kva blomane heiter, kanskje???). Det er ikkje noko som er kjekkare enn å fylle stova med heimeplukka blomar!

IMG_9092

No brenn det stearinlys i heile stova, det er fyr i omnen, det luktar sommar av frodig syrin og ho mor sjølv har sett seg til rette med litt tidsfordriv i sofakroken. Må vel snart lage meg ein kopp varm te slik at eg er i fin form i morgon, for då skal eg nemleg ut og treffe gamle studievener frå lærarskulen!

God fredagskveld til alle ♥

mandag 23. mai 2011

We all scream for ice cream…

Har du lyst å lage is i lag med ungane dine?

IMG_9025

På matbloggen min har eg lagt ut ei enkel oppskrift med lite sukker. Der er rett nok snoperi i isen, men den kan godt byttast ut med frisk frukt!

IMG_9035

Frøken snupp fekk seg ny kokebok i helga og måtte sjølvsagt teste ut ei av oppskriftene!

Ta turen inn “På kjøkkenbenken” om du vil ha oppskrifta!

lørdag 21. mai 2011

Ute regnar det trollkjerringar…

…men det gjer ingenting, for vi har ete solskinsfrukost!

IMG_8875

Papsen og dei to eldste har reist på fotballturnering, så eg og minstesnuppa er heime åleine og kosar oss! Vi har fyrt i omnen og laga oss herleg frukost! Ingenting smakar så godt som søte, små tomatar på rista brød med eit hint av salt og fersk basilikum rett frå glaskarmen! Båtar av grapefrukt er også eit sjølvsagt innslag på tallerkenenen!

 IMG_8880

Det gjer ingenting at regnet trommar mot ruta når ein kan setje tennene i ei slik brødskive!!!

IMG_8872 

Eg har forelska meg i grapefrukt og den er fast innslag både til frukost og kvelds, og som snack i løpet av dagen!

IMG_8890

Vesle frøken Sleepy Head stod opp medan eg heldt på å ordne til frukost. Det første ho gjorde var å ta seg ei halv grape, trykke den forsiktig i saman og drikke den herlege juicen!

IMG_8893

Del ei grapefrukt i to og bruk ei skei for å mose lett innhaldet. Då kan du drikke grapefruktjuice rett frå frukta! Det smakar himmelsk godt og gir ein super start på dagen!

Om det regnar der du bur; kjøp deg ei grapefrukt, litt tomatar og fersk basilikum og inviter sola inn!!!

fredag 20. mai 2011

Hipp hurra!

Endeleg er nasjonaldagen komen så pass på avstand at eg kan setje med ned for å reflektere litt. Eg var leiar i 17.mai-komitèen og hadde hektiske dagar. No har både eg og resten av 17.mai-gjengen landa og ser oss godt nøgde med dagen og arrangementet!

IMG_8625

Skjønnaste 17.mai-buketten….♥

IMG_8651

Minste frøken snupp sette seg på kyrkjegardsmuren og kika stolt på storebroren som stod i flaggborg for speidarane.

IMG_8725

Eg var fotograf under fotballkampen på stadion og frøken midtimellom heldt meg med selskap. Det regna trollkjerringar, men kva gjorde vel det når eg hadde blidaste sola ved mi side…♥

IMG_8821

Vel heime etter ein lang dag ute i regnet, dumpa vi ned i sofaen og såg gode, gamle “Grease”. Store og små let seg fascinere av klassikaren og vi kosa oss med den herlege musikken! Frøken snupp var svært glad for å kunne bytte frå bunad til disco-kle og dansa seg gjennom heile filmen!

I år vart det ein travel, hektisk, heseblesande og energikrevjande nasjonaldag – men du verden så kjekt!!!

søndag 15. mai 2011

Grøne fingrar…

…har eg ikkje, men er likevel glad i alt som blomstrar og veks! I dag var det den store plantedagen her på garden!

IMG_8582

Eg er vanedyr i plantevegen og kjøper stort sett det same år etter år. På grunn av manglande hage er eg avhengig av å plante alt i flyttbare krukker.

IMG_8579

Eg likar så godt lavendel mot dei røffe fjøsveggane! Visste du at lavendel gjer godt for psykisk helse? Den nydelege lukta, dei vakre lavendelblomane…. Eg har alltid lavendel der vi oppheld oss om sommaren.

IMG_8608

Det var litt kaldt å stå ute og og plante i dag, men eg kosa meg likevel. Ungane og tantegulla sprang til og frå og underheldt meg med rolleleik! Eg var sjølvsagt butikkdame og hadde blomsterbutikk. Det var hyggeleg å få vere med i leiken deira, men dei var litt oppgitt over at plantene mine var så dyre! Dei las nemleg på prislappen at dei kosta femtihundremillionar kroner ♥♥♥

IMG_8615

Rundt omkring på bloggar kan ein sjå mange flotte plantebord med alt slags utstyr og romantisk design. Plantebordet mitt er eit gammalt respeteksbord som vi har på låven. Bordplata er prega av livet som har vore på garden; i eine hjørnet er der eit utal merker etter ein bordkniv. Kven har skore av brødskivene sine her? Andre stadar ser vi at den raude kanten rundt bordet er slitt og matt, akkurat som om to armar har kvilt seg der. Slitne etter hardt arbeid og takksame for ei lita kvild på kjøkkenet med ein god kopp kaffi. Betre plantebord kan eg neppe få!

IMG_8618

Det vart sommar på trappa vår i dag! Planta øverst i venstre hjørnet er ein engletrompet som eg har fått i gåve av ein god kollega. Eg er så spent på om eg får den til! Den skal i alle fall få rikesleg med gjødsel, godt stell og god pleie – med eller utan grøne fingrar!

Korleis har søndagen din vore?

lørdag 14. mai 2011

Eg og Knausgård!

Melodi Grand Prix durar og går i bakgrunnen. Eg merkar det eigentleg ikkje. Inn i mellom høyrer eg ei og anna stemme som snakkar eit framandt språk. Folk som jublar og klappar og syng.

IMG_8532

Einaste eg høyrer er stemma til Karl Ove. Karl Ove som så levande fortel om far sin, om bestekompisar, om speilegg og berusande augneblink i snøkave og blest. Eg høyrer endelause skildringar om bagatellar. Litt i overkant, kanskje, men likevel tek dei pusten frå meg. Fyller meg med latter, glede og undring. Men også sorg. Sorg, fordi eg synest synd på han. Sorg, fordi så mange opplever så mykje trasig.

IMG_8537

Så mange sitat eg vil hugse. Så mange skildringar som brenn seg fast i minnet. Eg var usikker på om eg ville like boka. Hadde høyrt så mykje rart om den, men også ein del bra. Bestemte meg for å ha eit ope sinn og lese den utan å tenkje over at historia var sjølvbiografisk og at mange heilt sikkert vert utleverte utan å ynskje det. Eg las den som ei underhaldande og svært godt skriven bok. No er bok nr. 1 ferdig og bok nr. 2 vart med meg heim frå butikken i dag. No gler eg meg til å ta med meg Knausgård og lese litt på senga. Melodi Grand Prix får segle sin eigen sjø og så håpar eg husbonden hugsar å sløkkje alle stearinlysa. For eg har nemleg ein date med Karl Ove!!!

IMG_8571

“For mennesket er bare en form blant andre former, som verden uttrykker igjen og igjen, ikke bare i det som lever, men også i det som ikke lever, tegnet i sand, stein og vann. Og døden, som jeg alltid hadde betraktet som den viktigste størrelsen i livet, mørk, dragende, var ikke mer enn et rør som springer lekk, en gren som knekker i vinden, en jakke som glir av en kleshenger og faller ned på gulvet.”

To siste linjene i bok nr. 1.

søndag 8. mai 2011

Du luktar sol…♥

Du luktar sol, vesle barnet mitt. Du har sprunge gjennom dagen og leika med alt du har funne. Sola har varma deg. Farga kinna dine gylne. Du har tatt for deg av alt dagen har gitt deg.

IMG_8366

Du har teke sommaren på forskot i lag med sysken og syskenbarn. Små føter som har sprunge berrføtt over steinar og grus. Fått dei fyrste flisene og ferske skrubbsår på knea.

IMG_8377

Ein snill pappa som fylte bassenget med varmevatn så du fekk bade. Så rart å ligge der og plaske i sola, sprute vatn og hyle av glede.

IMG_8422

Vi er så heldige som har slike dagar. Tid til å gjere alt. Eller ingenting. Springe mange gongar att og fram mellom husa i tunet. Drikke saft og kose seg med saftig melon. Og avslutte kvelden med eit godt bad. Kjenne at dagen er forbi. Vaske vekk all sanden. All molda og alt klisset. Men framleis luktar du sol, vesle barnet mitt. Framleis har du sommardagen i deg…♥

IMG_8453

Det er ikkje så lett å finne svevnen ein slik kveld. Så mange gode opplevingar som må sorterast. Så mykje som forteljast vidare. Mamma ventar tolmodig på sengekanten. Syng litt og stryk deg forsiktig over det nyvaska håret. Du har framleis solvarmen i deg. Framleis full av spilloppar og med endå litt energi til overs.

IMG_8448

Eg kjenner at pusten vert rolegare. Augene glir att, men framleis søv du ikkje heilt. Mamma syng om vesle lammet, om trollmor og om vesle pusekatt. Av og til kikar du opp på meg. Smiler og syng litt med. Men så sovnar du til slutt. Heilt stille ligg du der. Framleis med eit lite smil leikande på munnen. Framleis luktar du sol og har sommardagen i deg…

God natt, vesle sovande barnet mitt…♥

lørdag 7. mai 2011

Du veit det har vore ein god dag…

IMG_8292

…når klessnora er full av våte sko fordi ungane har vore på oppdagingsferd i fjøresteinane ♥

IMG_8287

…når lyspæra i utelampen aldri slår seg på fordi det ikkje vert skikkeleg mørkt ♥

IMG_8331

…når ein er raud og god i kinna etter å ha tilbragt lange og gode stunder på JA-benken i solveggen ♥

IMG_8280

 Og når sola går ned i vest og fargar himmelen raud, veit vi at det kjem fleire slike dagar…♥

Nydeleg førmiddag…

“Dette må vere verdens beste laurdag”, sa 4-åringen! Ho fekk besøk av syskenbarnet, det var varmt ute og dei trippa seg ut i skjørt og leika seg. Mor gledde seg meir over klestørk og at blomar sprett og at alt gror!

IMG_8318

Sjølv ein einsleg løvetann har tid til å nyte utsikta ein slik dag!

IMG_8324

Ei gammal spireabusk nyt den varme vårdagen i ei lun krå ved fjøsen.

IMG_8321

Eg har ikkje hage, men tulipanene veks villeg likevel! Dei dukkar opp like trufast kvart år. Løkane er gamle og har vorte flytta rundt på fleire gongar, men er nok av den hardføre sorten som ikkje let seg vippe så lett av pinnen!

IMG_8336

For ein flott blome – og for eit vakkert namn! Det er ikkje rart William Wordsworth let seg inspirere til å skrive dikt:

“I wandered lonely as a cloud
That floats on high o'er vales and hills,
When all at once I saw a crowd,
A host of golden daffodils;
Beside the lake, beneath the trees,
Fluttering and dancing in the breeze.”

Kos deg med laurdagen din, anten du er i by eller bygd! No skal vi lage pannekaker og andre kaker!

fredag 6. mai 2011

…og slik går dagane ♥

Av og til går dagane så altfor fort og har altfor mange gjeremål. Nokre dagar oppheld vi oss meir i bilen og på kunstgrasbaner enn vi er heime. Og når vi fyrst er heime så er det for å skifte kle, sakspapir eller ungar!

IMG_8248

Kva middagsmenyen består av slike dagar tør eg nesten ikkje seie. Det viktigaste er at det kan lagast og etast i løpet av 20 minutt. I dei same 20 minutta skal to ungar gjere lekser og ei lita skal underhaldast for ikkje å sovne. Dei eldste må i tillegg ha skifta til treningskle i løpet av same tidsromet.

IMG_8251

Hus og heim har sjølvsagt ikkje høg prioritet i slike perioder. Alt som heiter blogging er vekkprioritert. Det har det med å hope seg opp med både kle, rot og husarbeid som burde ha vore gjort. Når kvelden kjem og alle transportetappene og gjeremåla er unnagjort, er vi så slitne at vi ikkje ser kva som burde ha vore gjort likevel. Eg tvilar på vi er dei einaste som har det slik. Det er mange travelt opptekne familier rundt omkring i Noregs land. Familier som står på for fellesskapet og ungane sine, som stiller opp på dugnad og kakebaking. Som køyrer andre og eigne ungar att og fram for å oppleve idrettsglede eller for å berike kulturlivet. Misforstå meg for all del rett; eg meiner ikkje at det einaste rette og beste er å fylle ungane sin kvardagen med eit utal fritidsaktivitetar. Vi må ikkje gløyme verdien av å vere i lag med ungane og gå i skog og mark, lære dei å fiske eller setje seg ned i lag med dei og teikne eller lese bøker. Dei aller fleste har vel litt av alt, vil eg tru.

IMG_8253

Av ein eller annan grunn er eg typen som seier meir ja enn nei. Ofte til besvær, men aller mest til glede! Heldigvis klarer eg å kople ut mellom slaga. Eg toler at oppvasken står medan eg er ute med ungane. Eg kan godt la kleshaugen vente til neste dag og heller strekke på beina i sofaen. Alt blir gjort likevel – på eitt eller anna tidspunkt! Og medan vi i perioder bur i bilen og køyrer ungane våre på fritidsaktivitetar, sender eg ei stor takk til alle som står på og gjer frivilleg arbeid for at ungane skal få gode opplevingar og innhaldsrike fritidstilbod!

IMG_8209

Her er eit bilete av frøken midtimellom frå forrige helg, då vi var på cup og var tilskodarar og heiagjeng for forballaget til eldstemann.

Den fantastiske lemonaden på bileta kjøpte eg på den eineståande interiørbutikken Herlighet på Moa. Lemonaden er musserande og utruleg leskande når den er kald! Det blir ikkje lenge til eg må setje nasen utover att for å kjøpe fleire flasker! Sjølve flaska er super til gjenbruk, sjølvsagt!

I helga skal vi på “Utsikten gard” gjere absolutt ingenting! Vi skal kose oss i sola, drikke lemonade i skyggen og kose oss i lag. Minna om dei hektiske dagane skal gløymast og erstattast med noko som er mykje betre!

God helg ynskjer eg til alle ♥♥♥