lørdag 21. mai 2011

Ute regnar det trollkjerringar…

…men det gjer ingenting, for vi har ete solskinsfrukost!

IMG_8875

Papsen og dei to eldste har reist på fotballturnering, så eg og minstesnuppa er heime åleine og kosar oss! Vi har fyrt i omnen og laga oss herleg frukost! Ingenting smakar så godt som søte, små tomatar på rista brød med eit hint av salt og fersk basilikum rett frå glaskarmen! Båtar av grapefrukt er også eit sjølvsagt innslag på tallerkenenen!

 IMG_8880

Det gjer ingenting at regnet trommar mot ruta når ein kan setje tennene i ei slik brødskive!!!

IMG_8872 

Eg har forelska meg i grapefrukt og den er fast innslag både til frukost og kvelds, og som snack i løpet av dagen!

IMG_8890

Vesle frøken Sleepy Head stod opp medan eg heldt på å ordne til frukost. Det første ho gjorde var å ta seg ei halv grape, trykke den forsiktig i saman og drikke den herlege juicen!

IMG_8893

Del ei grapefrukt i to og bruk ei skei for å mose lett innhaldet. Då kan du drikke grapefruktjuice rett frå frukta! Det smakar himmelsk godt og gir ein super start på dagen!

Om det regnar der du bur; kjøp deg ei grapefrukt, litt tomatar og fersk basilikum og inviter sola inn!!!

1 kommentar:

  1. Du er favorittmammaen min, Tove! Eg tenkjer at du lyt ta vare på deg sjølv også inn i mellom slik du kan fortsette å vere favorittmammaen ;-) Tusen takk for at du er eit så fint døme på ei god mor og eit rikt menneskje, det inspirerar oss andre til å bli litt rikare ;-)

    Helgaklem frå Steinnes

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!