søndag 29. mars 2009

Ung frøken med påskeutstilling!

Ida er glad i å pynte og vere kreativ. Særleg er ho glad i å pynte med ting og tang ho finn ute. I dag var ho på tur med bestemor og bestefar, og i fjøresteinane fann ho gåsungar. Mange greiner. Store greiner. Ho kunne sjølvsagt ikkje gå i frå dei!!!

088

Etter litt åleinetid på loftet kom ho ned og inviterte oss alle opp på påskeutstilling!

087

Ho hadde sanka saman alt ho fann av blomstervasar, plastikkblomar og nips og naps som minte henne om påske.

089

Gåsungane er ekte nok, men blomane er plast. Vakker kombinasjon likevel! Ida har skjønt det, ho!!!

095

Lille harepusen passar på! Dette kosedyret kjøpte ho for eigne pengar på Kremmarhuset, og snill som ho er deler ho den både med veslesystra og hunden!

096 

Dette skjønne påskebroderiet kom ho heim med frå skule ein dag. Det er nok ei og anna kyndig og pedagogisk lærarhand som har hjelpt til, men eg set det like stolt på hylla og seier det er ho som har laga det! Eg fekk streng beskjed om at ho skulle ha det på romet sitt fram til ho tek påskeferie, men då skal eg få det ned i stova og pynte med det!

101

Når ein held utstilling må ein også pynte seg! Ida fekk seg ny skjorte for litt sidan. Vi gjekk inn på H&M og i alt mylderet av kle plukka ho seg ut denne skjorta. Den hang på eit tilbodsstativ og kosta berre kr. 30,-!

102

Trur vi likte den like godt begge to! Dei skjønne, blå blomane fekk fram sommarkjensla vår!

103

No drøymer ho om at eg skal strikke henne ein blå vest som ho kan ha til....

104 

For å setje prikken over i`en, vart utstillinga avslutta med eit forrykande show av ablegøyer og dans - og tilskodarane jubla!!!

106 

Ein liten piruett avslutta det heile!

Tusen takk, gode Ida mi, for at du inviterte oss på kunstutstilling med tilhøyrande show i dag! Og tusen takk til bestemor som tok deg med på fjøretur....

PS! Om du vil lese ei sterk og rørande historie, tek du turen innom HER i kveld...

13 kommentarer:

  1. Skjønar henne godt eg, det går rett og slett ikkje an å gå frå sånne skjønne gåsungar:0)
    Og sansen for å gjere det koseleg har ho og!!
    Klem

    SvarSlett
  2. Flink jente.. det var utrulig vakkert!!! :-)
    Herlig når ungane gjer slikt!

    klem
    Monica

    SvarSlett
  3. Du må hilse den søte dekoratøren der og fortelle henne at pynten hennes ble veldig fin. :)

    SvarSlett
  4. Heia!
    Søt jente og så korselig hun har gjort det. Hils og si at det broderte bildet var nydelig:0)

    SvarSlett
  5. For ei fin utstilling!!
    Likte godt harepusen innimellom her!! Klart du strikker vest til ho?! Blir kjempestilig!! Tenk, så lita -og allerede opptatt av både interiør OG mote! Koss skal dette gå!??

    God veka til dåkke begge!

    Gåsungar e noke av de skjønnaste eg veit -men då mannen e allergisk, må eg halda meg til falske....

    SvarSlett
  6. For ei herlig lita dame. Det blir nok mange kosestunder med kreative innslag fra henne framover. Tusen takk for at du deler gleden med oss bloggere. Jeg synes nesten jeg fikk være med på opplevelsen.

    SvarSlett
  7. Det er ikke bare jeg som er i vårhumør skjønner jeg!!
    Flott!

    SvarSlett
  8. Så koseleg:0) Ditta har ho sansen for.... pynte og so godt som det passa saman. Og du... Du strikka fort den blå vesten Tove, Var jo knallbra det andre du strikka. Nyt veka. Det skal eg...... Drar snart til "friplassen" på øya 11 dagar skal nytatst til det fulle.... Og sidan livet går litt saktare der ute, vil det kanskje virke som 14.. hihi.
    Smil til deg

    SvarSlett
  9. Så flink hun er da. Koselig med pynt de har laget selv også.

    Ønsker deg og dine en flott uke!

    Klem, Christel

    SvarSlett
  10. For ei herleg jente vesle Ida er, og så kreativ då. Dette er det nok berre dei unge som kan få til.

    SvarSlett
  11. Så kjekt, å så fint ho laga det til :)

    Ha ein fin kveld, frå ei som var innom din koselige blogg:)

    SvarSlett
  12. kor flott ebilde av turkesnora under her! Verkeleg vakre!
    Og kor flink lita snuppelupp du har! Det var ei flott utstilling ho har laga og med perfekt avslutning! Flott at mor fanga piruetten!

    SvarSlett
  13. Så herlig, Tove!
    Ei skjønn tulle du har, like kreativ som sin mor ser jeg.

    Kos og klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!