torsdag 2. august 2012

Solbærdraum ♥

Det er rart kor mange minner som dukkar opp når det er sommar og ferietid. Kanskje er det fordi ein har god tid til å tenkje, eller at mange av minna våre er frå dagar med sommar då vi var små. 

Når bærbuskene bugnar kjem mine barndomsminne strøymande, for mange av minna handlar om mat og matauk. Og veldig ofte er dei fire besteforeldra mine heilt sentrale i desse minna. Eg hugsar bærplukking, fisketurar, grønsaksåkrar, sur rabarbra, slakting, sylting og safting. Om eg let att augene kan eg framleis kjenne den gode lukta av mormor si solbærsaft... Dei gamle, litt krokete fingrane som med stor uthaldenheit plukka reine solbærtrea og laga verdens beste saft!
Ingen laga saft som mormor. Det var fest kvar gong vi fekk denne kalde, herlege tørstedrikken i glaset. Eller varm, tjukk solbærsaft i ei krus om ho høyrde at ei forkjøling var på veg. I dag veit vi så mykje om antioksidantar. Mormor visste ikkje kva det var, men ho visste at solbærsaft var medisin når kroppen gjekk på lavgir og ein kjende seg litt uggen. 
No har eg laga solbærsaft. Eg trur mormor hadde vore nøgd med den, for den vart veldig god! Har du lyst på god, heimelaga solbærsaft? Dersom du ikkje har solbærbusker i hagen, kan du alltids kike inn i hagen til naboen! Spør om du kan få plukke litt bær og så kan den kjekke naboen få ei fin flaske med heimelaga saft som takk! 

Dersom du vil lage saft finn du ei svært enkel oppskrift på matbloggen min, "På kjøkkenbenken" (klikk her). 

Lukke til!


1 kommentar:

  1. Sommer er tid for minner :)
    - jeg husker godt at jeg hjalp mormor på Fjørtofta og plukke solbær, men jeg var ikke så glad i de bæra.
    Men mormor lagde verdens beste rabarbrasuppe, mmmmm :)

    klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!