mandag 30. juli 2012

Frøken blomsterglede

Veslejenta mi er så glad i blomar. Ho kan stulle og stelle, luke, vatne og plukke. Av og til pyntar ho med dei inne, andre gongar er det borda ute eller i leikarhytta.
For nokre dagar sidan var det hortensiaen min ho gjekk laus på. Først plukka ho vekk gamle og visne blomar. Men så fekk ho så lyst å plukke meir... Ho henta fine fat i leikarhytta og pynta med den knall rosa blomar frå hortensiaen. Så kom ho og pynta bordet der eg og storesyster sat. 
Det er så kjekt å sjå at ungane har glede av blomar. På grunn av ei nært foreståande ombygging og påbygging av både hus og uteplass, så har eg ikkje så mykje hageplanter og blomar i år. Men dei vi har er jentene så flinke å passe. 
Kan hende vert eg meir påpasseleg og redd for plantene mine når eg får meg "ekte" og fin hage, men enn så lenge så får minste frøken snupp lov å leike litt gartnar. 


Flowers don't worry about how the're going to bloom.  They just open up and turn toward the light and that makes them beautiful.  

* Jim Carrey *

3 kommentarer:

  1. Herleg at du ikkje ropar over deg at ho må ikkje plukke sund hortensiaen din:) Dt er lett gjort å ta frå borna gleda over vakre blomar ved å seie at dei er forbudt område, kloke du vel å sjå leiken hennar og verdsette kor vakkert ho får det til å sjå ut med små blomar på fata, dette legg nok grunnlaget for varig blomsterglede!

    SvarSlett
  2. Herlig bilde! for en glede hun stråler :) fine blogger du har, følger deg videre :)Takk for hyggelig kommentar hos meg :) Du lurte på hva gråfargen på soverommmet mitt heter, det er maling fra nordsjö og den heter true sand, finner desverre ikke fargekoden.

    Ha en flott helg!

    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!