lørdag 28. juli 2012

Sommarlukke med jordbærsmak!


Eg sat på mormor sin benk og kjende alle dei gode luktene på kjøkkenet. Ein kunne framleis lukte kva mormor hadde servert til middag, og den gode lukta av heimelaga brunsaus og kjøtkaker med ingefær og muskat, blanda seg med lukta av bær. Nyplukka jordbær. Eg hugsar ikkje om morfar hadde plukka dei i eigen hage eller fått tak i dei på anna vis, men dei fylte fleire plastbaljar og var sjølve symbolet på sommarlukke for ei jente på fem år. Eg skulle hjelpe mormor å lage sylte. Den sylta eg likte aller, aller best; rørt jordbærsylte som alltid smakte sommar og sol.



Mormor sett fram nokre ingrediensar på benken. «No skal du sjå kor enkelt det er», sa mormor. Ho leitte fram sukker og Certo. Det var alt ho trengte sa ho. Var det verkeleg så lett å skape sommarlukke? Eg fekk meg ein liten kniv og skar vekk dei grøne stilkane og blada. Heilt forsiktig, slik at vi ikkje sløsa med bæra go skar vekk for mykje. Det var noko høgtideleg over denne stunda. Det kribla i magen. Vi heldt på å skape lukke, og eg fekk vere med!
Så vart sukker blanda med Certo og strødd over bæra. Eg fekk ein stor gaffel med lange tindar. Slik gaffel som morfar likte å ete middag med. Eg fekk mi eiga skål med bær. Eg jobba iherdig med bæra og sukkeret og Certoen. Mosa bæra slik at den varmt jamn og fin. Etterpå blanda eg det med mormor si bær. Og så var sylta ferdig sa ho. Så fort? Tenk at lukka kunne kome snikande inn på eit mormorkjøkken så fort. Og eg hadde vore med og skapt den! Sylta vart fordelt på glas og tome plastbokser, og så rett i frysaren. Og så hadde mormor sommarlukke heile året….
No skal denne sommarlukka formidlast vidare til mine born. Jentene fekk vere med på både reinskinga og mosinga. Eg laga av 8 kilo bær, så det vart mykje å reinske. Dei fire fyrste kilo ordna eg med sjølv, og dei fire neste var det jentene som ordna med. Eg kunne sjå på augene til minste frøken snupp at ho syntest dette var like magisk som meg sjølv då eg var på den alderen. 
Så når vinteren kjem og ungane kjem inn etter vill leik i snøen, kan dei kle av seg, varme seg framfor omnen og kose seg med brødskive med sommarlukke på! 

Det er kjempeenkelt å lage rørt jordbærsylte. Om du vil bruke oppskrifta mi finn du den på matbloggen min; "På kjøkkenbenken". Klikk på denne lenkja så kjem du dit! 



3 kommentarer:

  1. Så fint du skriv om minne, eg kjenner nesten lukta av jordbær! Eg har og skrive om sylting av jordbær... :)http://livetddenkjrlighetenogbamsemums.blogspot.no/2012/07/min-indre-hamster.html

    SvarSlett
  2. Så nydelege minner!
    Og så flott at du gir dine gode sommarminner også!

    God søndag :-)

    SvarSlett
  3. Helt herlige minner, jeg ble hensatt til min mormors kjøkken:-)
    Vi gjør det samme her hver sommer, fyller fryseren med rørte jordbær. Tradisjonen er også at guttene høster ripsbuskene, vi sukrer de og fryser de til mange deilie desserter med vaniljesaus på utøver vinteren.
    Klem♥

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!