søndag 10. februar 2008

Eg - ein kulturbærar!

Det heiter seg at det er frå ungar ein får høyre sanninga, og slik er det vel også i dette tilfellet: Når ungane besøkjer bestemor, må dei alltid kike litt i strikkekorga hennar. Dei let seg ivrig fascinere av at tråd, pinnar og godt handlag tryllar fram dei flottaste klesplagg. Sjølv har eg aldri strikka. Eg hugsar tilbake på handarbeids-timar på barneskulen der tårene nesten spratt i takt med klirringa frå dei andre sine strikkepinnar. Med meg vart alt mislukka; flokar på tråden, altfor faste mauskar, mauskar som av ein eller annan grunn berre forsvann og så vart alt berre smalare og smalare. Det gjorde det ikkje akkurat betre at bror min, som er tre år yngre, strikka seg både panneband og sveitteband. På ungdomsskulen heldt tragediene fram. Eg hadde ei fantastisk dame i handarbeid (velsigne henne!), men sjølv ikkje tryllestøvet hennar gjorde meg til ein strikkar. Då vi skulle lage eit avsluttande prosjekt i strikk, kika på meg og sa: "Du skal få brodere du, Tove." Paradokset er at elskar alt i ull, og skulle gjerne ha strikka både gensarar, lestar, pulsvarmarar, huer, hanskar, ullbukser til ungane og slumretepper til vinterkveldar i sofaen. Eg har sett på strikking som kultur og alltid beundra dei som har vore bærarar av denne tradisjonen. Så kom altså eldste sonen min ein dag og sa: "Mamma, kvifor er det berre bestemødre som strikkar? Du er ei mor, og alle mødre burde strikke!". Må berre innrømme at det stakk litt å høyre dette. Sjølv om eg ikkje har strikka, så har eg alltid sett på meg sjølv som ein kulturbærar. Eg diskar ofte opp med heimelaga kjøtkaker i brun saus, meiner ungane har godt av å ete fisk, syng godnattsongar som bestemora mi song til meg og meiner oppriktig at ein tur i skogen kan gi betre underhaldning enn Cartoon Network - berre for å nemne noko. Men no har eg altså teke pinnane fatt, og er igong med mine fyrste pulsvarmarar! Ida heldt på å besvime då ho såg meg kome ut frå strikkebutikken med pinnar og tråd. Endeleg skulle mora deira verte ein strikkar! I går kveld sette eg meg ned og la opp 60 mauskar i petrolfarga alpakkaull, og så får vi sjå kva det vert til. Intensjonen er som sagt pulsvarmarar. Det kjem sikkert til å gå tregt, eg kjem sikkert til å miste mauskar og strikke altfor stramt - MEN EG STRIKKAR! Det er nok til at eg rettar ryggen og gler meg til å kunne fortelje omverda at eg endeleg har vorte ein ekte kulturbærar!

1 kommentar:

  1. Lykke til med strikkinga. (Eg kan kome å plukke opp maskar i vinterferien ;-) ) Neida. Berre tøysa. Men, er de heime kjem vi gjerne innom ein tur.....

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!