torsdag 21. februar 2008

Det fullkomne kaos!

Å ha komplett og fullstendig orden til ei kvar tid, er ein stor draum og eit inderleg ynskje. Ikkje berre er det viktig, men også nødvendig for at alt skal gå på skinner i heimen. Heldigvis er eg heilt normal, så av og til flyt rotet og kleda heng hulter til bulter på knaggen, eller ikkje på knaggen i det heile. Kanskje er dei ikkje i gangen eingong, og kvar er dei då?
Slik hadde vi det i dag. Vi sov sjølvsagt altfor lenge, og då blir det meste kaotisk. Heldigvis hadde far i huset ordna med skulemat, sett ut bossdunkane og laga klart til frukost. Men tru du meg: med tre ungar som skal på do, vaskast, påkledast, børstast og skiftast bleie på - så går tida på badet altfor fort. Plutseleg var klokka ti på åtte, plutseleg skulle Ida flette håret og plutseleg hadde Sina bæsja seg ut. For dei som ikkje skjønar kaoset og tidspresset, så kan det nemnast at alle må vere i bilen kl. åtte.....
Johan tok frukosten ståande, Ida hoppa i støvlane og gjorde seg klar sjølv, medan eg sette ny rekord i å kle på Sina. Så var vi klar! Det var berre ein ting...... Kvar var regnkleda??? Og støvlane??? Ute piska regnet på ruta, så det var ikkje sjans å køyre utan. Vi fann støvlane ute, og ei regnbukse i kjellartrappa. Resten var sikkert i barnehagen. Men der var det tom knagg..... Og klokka tikka og gjekk. For å gjere ei lang historie kort, så vart det mange turar til barnehagen denne morgonen. Til slutt vart alt rett! Alle ungane hadde komplette sett med kle! Då får det så vere at der hang lapp i barnehagen om at Ida må ha nytt strekk på regnbuksa, og at Johan måtte ta til takke med ei regnbukse han eigentleg har vakse ifrå. Med ull innerst og bestemors heimestrikka lestar skal dei nok halde seg tørre og varme i dag òg!

















Kanskje eg lyt rydde gangen i dag, eller leite fram alle ekstra regnkle frå kjellaren. Det er sikkert lurt. Det vert heilt sikkert regn i morgon òg. Og heilt sikkert kaotisk.....

1 kommentar:

  1. Høyrest kjent ut, Tove! :-) Akkurat no for tida er det likevel som om det var i ei anna verd, men ein gon var det slik. Dagane er utruleg mykje mindre hektiske og morgonane rolegare når eg er heime og Eivind berre har to dagar i veka han byrjar tidleg. Så, sjølv om det kanskje ikkje er draumelivet å vere ufrivillig heime, så har det heldigvis sine fordelar også!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!