mandag 10. mai 2010

Ventesko…

Eg har kjøpt meg nye sko. Veldig etterlengta sko. Herlege, sarte rosa sko som eg aldri har sett maken til!IMG_1484

Eg veit ikkje kva det er med tresko; om det er gode minner frå barndomen eller det er det at dei er så lette å ta på seg.

IMG_1495 

Men når det gjeld Calou sine tresko veit eg akkurat kva det er: dei er så utruleg vakre!!! Eg har lenge tråla butikkar etter akkurat dette merket, utan å lukkast. Sjølvsagt kunne eg ha bestilt meg eit par på ymse nettbutikkar, men tenkte at det var ein sjanse å ta. Tenk om dei berre var nostalgiske og ikkje gode å gå i!

IMG_1494 Så vart eg gjort merksam på at den lokale Skoringen-butikken hadde tatt inn Calou clogs.  Eg fann endeleg det eg leitte etter! Utvalet var rikhaldig og kvaliteten fantastisk! Dei passa så godt på foten og var svært gode å spankulere rundt i!

IMG_1497

Eg skulle sjølvsagt ha stukke eit par solbrune føter i dei, og spasert ein liten kveldstur i herleg mai-sol. Men sånn er det ikkje… Akkurat står treskoa i gangen og ventar, medan snøen lavar ned ute. For å gjere ventetida kortare tok eg dei med meg ut i snøen og fotograferte dei i det herlege “vinterlyset”. 

No berre ventar eg på tresko-vèr!!!

PS! Til dei som meiner at eg har vore i overmåte raus med bileta mine, og som meiner at det burde halde med eitt eller to bileter: Eg beklagar…. Men eg vart rett og slett så betatt av treskoa, og i mangel på interiørduppedittar og strigla hus å vise fram, så vart det altså tresko…  Sånn er det berre, hi, hi!!!

15 kommentarer:

  1. Skona SÅ fine og du var slettes ikkje for raus med bileta dine :o) Dei er faktsk like gode på føtene (ihvertfall på mine bare bein) som dei ser ut ;o) Enjoy!
    Klem Tonje

    SvarSlett
  2. Åhh, så fine! Det er igrunnen lenge sidan eg har vore i skobutikk no...Burde kanskje ta ein tur.
    Trur ikkje eg har brukt tresko sidan eg (nesten) vrikka foten i mamma sine platå-tresko ein gong i dei glade 70-åra :)

    SvarSlett
  3. Utrolig søte! Huska veldig godt mine første klogger. Dei var knallrøde og knallfine...

    Smil fra L

    SvarSlett
  4. Nydelige :-)

    Fine bilder er ingenting å "skjemmas" øve

    Pøs på!!

    SvarSlett
  5. Ja, disse var virkelig flotte.
    Bare håpa været blir bra så du kan bruke dei til sommarlette kle :)
    God natta frå Mork
    Klem

    SvarSlett
  6. Heia,

    Kjempe fine tresko. :)
    Du har ein kjempe kjekke blogg altså.
    Er litt ny i bloggverda, men lærer raskt. :)

    Helsing Alise

    SvarSlett
  7. Hei i natten.
    Så flotte tresko sier eg og ser på mine svarte sliten tresko som står her vid verandadöra...
    Må kanske bli ett par nye...
    Skoringen har eg her og. Får ta en kikk in der.

    Ikke var det mange bilder på skoa heller. Dem fortjente det.

    Så snön laver ned hos deg ja...
    Nei slik er det ikke her. Men det er kaldt. Vi har 3 minusgrader akkurat nå...
    Var ute og la på dundyna over blomstrene mine i går. Trur dem fryser ihjel eg...
    Blev litt kaldt for meg i natt da, men eg fant en pled eg kunde dra over meg hihi....
    Det er en litt komisk situasjon(skrives det slik?) dette väret synst eg.
    Alle prater om det. Alle har omtrent det samme väret.
    Det snör i maj. Det er kuldegrader i maj... man veit ikke om skal le eller grine...
    Velger det förste trur eg. Det hjelper ikke å grine. Bedre å le trur eg.

    Ta nå vare på snöen. Tenk om det ikke kommer snö til vintern, da er det godt å ha litt på lager.
    Kos dere og gå tur med treskoa. Inne da.
    Klems i natta.

    SvarSlett
  8. Kjempegode tresko, herlig farge, og ikke minst er de gode og gå i. Jeg kjøpte svarte ifjor, og sesongen er startet.
    Ha en super dag, tross været.

    Klem Ann<3

    SvarSlett
  9. Så stilige. De står på min øskeliste og.
    Ønsker meg mange par i mange farger. Men skal vel være glad om jeg får ett par.

    Ha en fin dag. Nyt synet av dine nye sko

    Klem tove( med det fine navnet. he he)

    SvarSlett
  10. Kunne sikkert slengt på enda nokre bilder utan at eg hadde reagert på det hehe. Nydelege sko, eg er og glad i tresko, men er greit med mjuke solar. Har eit par gulltresko med ekte tresolar, blir litt hardt i lengda. Satsar på at det ubestemmelege været snart bestemmer seg for sommar og at me får bruke slike sko snart:-)

    SvarSlett
  11. Tresko er vel like fint som interiør-dill! Og i tillegg så er dei praktiske og brukarvennlege:) Når dei til alt overmål er fine å sjå på så synest eg at dei rett og slett er eit veleigna fotomotiv:)

    SvarSlett
  12. Stilige, får meg virkelig til å mimre tilbake til oppveksten. Da var det jo virkelig inn med tresko/klogger.
    De var så fine at jeg kunne tenke meg sånne ;)

    SvarSlett
  13. Sånn kan det gjøres! - tresko er ikke lenger det det en gang var!
    Og om de i tillegg er gode på foten, så er det jo bra!
    Gratulerer med nye tresko!
    Husker et par jeg skreik meg til i 3.klasse...de var røde, med påsydd gult og blått hjerte, jeg SKULLE ha dem på på 17.mai, og fikk gnagsår før jeg kom ned på skolen...etter det har tresko liksom ikke vært det samme, men jeg tipper comforten på dine er litt annerledes enn mine gamle minner.

    God vår!

    SvarSlett
  14. Disse var jo bare skjønne, og vist de er gode å gå i tillegg er det et "må ha".

    Ha en fin dag.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!