Tenk å vere snart tre år, og ha heile verda for sine føter! “Eg berre reiser ein liten tur eg, mamma!” Tenk å kunne rusle ein tur på tunet og ha kjensla av å ha vore på jordomsegling. Tenk at ein liten time i sola kan gi så mange inntrykk, så mange historier, så mange gleder…
Ugras er dei vakraste blomar for eit lite barn. Dei har ikkje lært seg at nokre blomar har mindre verdi enn andre. Dei plukkar det dei ser, og ser at det er vakkert.
Det er ei oppleving å få rusle i fotstega til slik ei lita frøken; høyre dei små samtalene ho fører med seg sjølv, lytte til betraktningane, sjå alt ho undrar seg over og le av alt det fantastiske ho har føre seg.
Så godt å setje seg ned i lag med henne og småprate om alt mellom himmel og jord, medan lyden av beitande sauer er det einaste vi høyrer. “Tenk at det går an å lage så fine blomar!”, seier ho, medan andletet lyser opp av forundring!
Brått kjem ein sommarfugl og forstyrrar oss. Med ei pinselilje i handa småspring ho over åker og eng for å sjå om ho klarer å nå den att. Til slutt må ho gi opp jakta og set seg ende ned på ein stein og kikar utover bygda. “Tenk at det går an å ha det så fint”, seier ho. Det er ikkje fritt for at morshjartet svulmar litt ekstra. Tenk om eg har klart å lære henne å setje pris på alt vi har rundt oss, om ho har skjønt at vi må sjå det store i det små!
Storesyster kjem springande med noko godt gøymt i handa! “Sina, vi kan ønske oss noko!”, ropar ho! Ein liten gullsmed kjem til syne når ho forsiktig opnar handa. Sina, som aldri har sett ein slik før, hyler av fryd når dei små føtene kitlar henne i handa! Storesyster forklarer at ho må late att augene og ønske seg noko. Ho held den vesle gullsmeden godt i handa si, let hardt att augene og er stille ei lita stund. “Eg ynskjer meg meir sol!”, seier ho og slepp gullsmeden ned i graset! Herlege, gode ungen min…
♥♥♥
Måtte ønsket hennar verte oppfylt! Slike soldagar er så utruleg gode, så uendeleg viktige og så veldig velkomne…
Herlig ;)
SvarSlettnydelige bilder og nydelig ord
Nyt helga Tove -- smil fra monika
Herleg å få lov å ta del i desse små sine gleder. Ei skjønn lita pie, håper ho får oppfylt ønsket sitt:-) God helg til deg og dine.
SvarSlettÅ så herleg..
SvarSlettmåtte vi lære av dei små å sette pris på LIVET!
Ynskjer store og små ei fortsatt vakker helg :-)
Så nydelige bilder av ei nydelig jente. Koselige blomster bilder...
SvarSlettHa en fin kveld
Klem Tove
Du og du så vakkert du skildrar verda til ein 3-åring, slik vi vaksne kan sjå den. Har sjølv ei på 3 år, kjenne meg slik att i orda dine :) Kven ynskjer vel ikkje å vere 3 år igjen, om ikkje anna så for ei pitte lita stund, ein varm somardag... :) God helg!
SvarSlettVakre ord, fra ei vakker kvinne, på en vakker kveld! :)
SvarSlettHa det flott i helgen, og ta var på dine kjære.
♥ Siljemor
Et nydelig innlegg:)
SvarSlettHerlig!!!!!
SvarSlettDu skriver så godt, at du i tillegg legger til så fine bilder gjør det så fint.
Hilsen Wenche
Vakkert skrevet, og koselige bilder! Vi trenger sånne små livsnytere i hverdagen. Bare de skjønner fullt ut hva det vil si å leve! :)
SvarSlettHei :)
SvarSlettTakk for at du vil dele dette med oss, Tove.. Nydelige ord og bilde.
Ha en fin søndag :)
Eg får ro i sjela når eg les ditt inlegg idag.
SvarSlettSå herligt.
Om eg trur riktigt så har kanske Sina hatt bursdag nettopp siden du skreiv Sina 3 år. Gratulerer litt med overstått om det er slik.
Kan uansett gratulerer til den kjekke dattra som ser det flotte i naturen. Hun har hatt en god läromästare som vi sier på svensk.
Ha ei deilig söndag. Og siden det er morsdag i Sverige idag så sier eg gtatulerer med dagen til deg og, sjöl om vi er i Norge.
Klem fra Synnöve.
Nydlig Tove - får håpe denne vesle jenta får oppleve å få mange mange av ønska sine oppfylte.
SvarSlettKlem
Så herlig. Nydelig jente, med en innstilling til livet og verden vi alle kunne trenge å lære av. Jeg misstenker at hun har det fra sin mor.. :)
SvarSlettÅ så herlig innlegg. Ta vare på denne tida!!!! Plutselig er den over, og ungen er blitt stor..
SvarSlettJa, den som kunne sjå verda som ein 3-åring... sette pris på dei små gleder og nydelige hendingar.
SvarSlettDu skriv det så vakkert - ein blir tvungen til å stoppe opp å puste litt :-)
Ha ei god helg - med mykje sol på sunnmøre.
:-)