I går hadde vi den store pizzasnurr-dagen! Ungane har skiveke på skulen, og ville ha noko godt i matboksa. Eg brukte ei meir eller mindre sjølvkomponert oppskrift, og resultatet vart svært bra!
Slik laga eg dei:
14 dl kveitemjøl
3 dl sammalt grovt speltmjøl
1 1/2 pakke tørrgjær
1 ts salt
Krydderblanding (eg brukte eit krydder på glas som m.a. inneheldt soltørka tomat, nam, nam…), bruk så mykje du har lyst på. Krydderet er med å sette fantastisk smak på pizzasnurrane
7 dl vatn
Bland det heile og hev.
Bak ut to gode leivar, smør på pizzasaus og ha på det fyll du likar best (eller tilfeldigvis har i kjøleskapet). Vi brukte kokt skinke. Rull saman, del i passelege bitar og legg på bakepapirkledd steikebrett. Etterhev. Strø over ost og steik ved ca 225 grader i 15-17 minutt.
Eg likar pizzasnurrane aller best når der er grovt mjøl i deigblandinga. Desse vart fantastisk gode, og vi hadde ein nydeleg kvelds i går. Samstundes fraus vi ned ei pose, og alle mann hadde med seg til niste i dag.
Minstesnuppa var sjølvsagt med og baka, og laga små kakemenn av deigen ho fekk! Ho og storebroren steikte dei i ovnen og kosa seg med dei etterpå.
Det blir ikkje lenge til vi skal snurre oss igjen!!!
De så kjempe gode ut!! :o)
SvarSlettBarna mine pleier av og til å få pizza snurrer i matpakken, og det er populært her også.
Klem Fredrikke :o)
Ååå de så gode ut, tror jammen vi skal lage pizzasnurrer her også....men vi venter til helga!! takk for god ide!!;o)
SvarSlettgjett kem som fikk løst på pizza...takk for tipset..
SvarSlettPizzasnurr er ett godt mellommål. Det er passe stort.
SvarSlettNå må eg nesten pröve det til vi skal ut i skogen.
Takk for tipset.
Klems.
Såg vanvittig gode ut! Veldig dumt at eg sit å er litt svolta no... ;o)
SvarSlettKjempeflott tips, takk skal du ha! Jeg er helt tom for ideer når det gjelder mat tiden og suger til meg litt her og der;)
SvarSlettPizzamenn er jo heller ikke dumt;)
Ha en fin kveld.
Nammis - såg jo berre godt ut ;)
SvarSletthar laga noe lig. noen ganger og like populert kvar gang ;)
Ellers så har eg fått tak i den kokeboka med den bakaren fra Lom - og eg gleda meg til å bake
Men så var å finne litt tid da -
smil fra monika
ser godt ut!!
SvarSlettjeg lagde en knall brøddeig i går - kjempestolt, helt til jeg fant ut at jeg hadde glemt gjær, veldig morsomt...
ha en en fin kveld!
tone