fredag 12. februar 2010

Søt fredagskveld og herlege ungar…

Fredagskveldar kan brukast til så mangt. Ein kan slappe av på sofaen, gå seg ein lang tur, kose seg med eit strikk eller besøke gode vener. Eller dei kan brukast til mjølfyk og eggeknusing på kjøkkenet!

Eldstemann på 10 år har fått dilla på å lage mat, og i dag ville han lage noko med sjokolade. Etter å ha blada seg gjennom nokre hyllemetrar med kokebøker, fann han ei kokebok for born. Der fann han oppskrift på verdens beste sjokoladekjeks, og dei måtte sjølvsagt prøvast!

031

Fyrst måte oppskrifta lesast nøye. Lissjesystene benytta likegodt høvet til litt kos med storebror!

034 

Sukker og smør skulle piskast, og då måtte minstesnuppa utstyre seg med hørselsvern. Ho likar slettes ikkje alt bråket og meinte at så absolutt at han burde piske alt for hand!

038

Storebror piskar i veg….

041

…medan minstesnuppa måtte sjekke ut kva som var i muggen…

043 

…og så måtte vi sjekke ut nokre av mamma sine kokebøker!

042

Storebror  har tid til å sjarmere veslesystre samstundes som at han lagar mat!

045 047

Å knekke egg kan gå godt eller gale, men i dag var dei heldig og det vart lite griseri! Med eggeallergikarar i hus er dette litt risikosport, men det gjekk heldigvis bra i dag òg!

048

Slå i egga…

051

…bland alt det tørre…

052

…slå det i røra…

057

…og rør godt!

060 

Vi kom til det aller mest kritiske punktet i bakinga då vi skulle putte i sjokoladen. Det var ikkje så lett å forstå at ein ikkje kunne smake så masse, så dei aller minste fingrane i heimen vart veeeeldig lange og sjarmen vart skrudd på for fullt. Alt for å snike til seg ein liten sjokoladebit!

061 062

Berre ein liten bit, Johan???

067 068

Litt god “kollegarettleiing” kan ein alltids ha bruk for!

075

Vi fekk tre brett med kjeks!!!

077

Ida fann ut at det var best å ete litt skikkeleg kvelds før kjeksetinga! Men etterpå…

081

…mmmmmmmmmmmmmmm!

Det kan hende eg legg ut oppskrifta, men må berre sjekke med kokken fyrst!

10 kommentarer:

  1. Herlig Tove. Så flink ungar som bakar til mor. Eg me vil ha :o) Nyt helga.
    Smil frå Lill

    SvarSlett
  2. Fantastiske bilder, Tove. Du er heldig som har tre slike flotte skattar som hjelper deg på kjøkkenet.

    I morgon skal eg og mine skattar lage bursdagskake til pappaen her i huset, han har nemleg bursdag på søndag, så då slår vi faktisk fire fluger i ein smekk

    ha ei flott helg, og håper du får ha brøytemannen din heime heile helga

    SvarSlett
  3. Herlige bilder og mye glede!
    GOD HELG TIL ALLE DERE!
    Klem fra Hanna

    SvarSlett
  4. For en herlig bildeserie på de små bakerane. Var kjeksen like goe som dem såg ut?

    Spör den herlige bakeren om å få legge ut oppskrifta.

    Sitt oppe og ser på OL invigninga. Helt spektakulert alltså.

    Önsker dere i bakerfamiljen ei flott lördag.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  5. Flotte bilder av nydelige unger :o)

    En kjempeflink baker/kokk han sønnen din .. også klarer han å ha opplæring og underholde søstrene sine samtidig også .. :o)

    Koselig familiestund!

    Ha en super lørdag - klem!

    SvarSlett
  6. Flotte actionbilder, og så hørselvern da! Jeg hadde smeltet og gitt vekk all sjokoladen min om niesa mi hadde kommet med noe sånt=P

    Håper kjeksene ble gode, de så kjempelekre ut! Flink herrmann du har!

    SvarSlett
  7. Herlege bilder! Ser ut som om dei kosa seg veldig:) Ha ein fin morsdag i morgon:)

    SvarSlett
  8. Fantastiske bilder!! Hvilket deilig trekløver du har...så gøy å se dem gjøre slike ting sammen de to. Bildene viser tydelig kjærligheten mellom storebror og lillesøster, det varmer hjertet å se. Takk for at du deler.
    Antar du har hatt et fantastisk morsdag i dag!

    Tussilago

    SvarSlett
  9. For ein herleg fredagskveld dokke har hatt.:) Vart glad av å lese og sjå!
    Helsing Kristin

    SvarSlett
  10. For noen herlige bilder!
    Sjokoladekjeks er undervurdert - og veldig, veldig godt!

    Jeg liker at du vil dele hverdagene og hverdagsøyeblikk - jeg er av de som liker bedre hverdager enn ferie - og helgedager (mange synes vel jeg er litt rar).

    Det var kjekt å kikkke innom hos deg!

    Maryathome
    (http://maryathomewriting.com)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!