Av og til er hovudet fullt. Det sprengjer. Stadig nye tankar, bekymringar og idèar trengjer seg på. Det er ikkje så lett å vite kva ein skal gjere.
Det er sein kveld og eg burde krype til køys. Men noko held meg attende. Orkar ikkje å ta kveld med så mange uløyste utfordringar.
Eg vil ikkje vere sauen som diltar. Eg vil gå i front, vere den nytenkande og kreative. Den som har alle løysingane, som ser utvegar der andre ser stengsel. Som ser håp når alt verkar håplaust. Som klarer å pusle alle bitane i puslespelet.
Det er ikkje alltid slik. I kveld er ein slik kveld.
Eg kan vere glad for at eg og mine næraste har det bra. Tanken bleiknar likevel når eg veit at andre slit. Og så vil eg så gjerne hjelpe til. Ordne opp. Kome til unnsetning. Vere den reddande engelen.
Eg vil vere bjellesauen som samlar flokken kring meg når det er fare på ferde. Eg vil verne dei minste lamma og gøyme dei tett inntil meg. Eg vil lose alle trygt gjennom ukjent terreng, og garantere at vi skal kome trygt fram. Eg vil gi ly når det stormar som verst, og eg vil stå fremst i flokken når nokon utfordrar til kamp.
Men eg er ingen bjellesau. Eg er ingen reddande engel. Berre eit heilt vanleg medmenneske som bryr meg om andre. Eg har ikkje superkrefter eller magiske evner. Eg kan ikkje by på anna enn meg sjølv. Eg vil likevel gjere alt eg kan for å fylgje instinkta mine, gjere det eg kjenner er rett. Fyrst då kan eg sove godt og kjenne at skuldrane senker seg og tanketrykket lettar.
Og kanskje nokon har kjent at eg har sendt dei varme tanker….
♥♥♥♥♥♥
(dei fantastiske bileta har eg lånt her)
Godmorgen Tove.
SvarSlettDet var ord som gjikk rett i hjartet på meg dette. Slik er det nok noen ganger.
Å väre eit heilt vanlget medmenneske er ikkje bare bare det skal eg si deg. Det er ofte dem som er våre hverdagshjelter.
Så flotte bilder du viser og. Deilige i sort/hvitt.
Klems Synnöve.
Nydelige ord til fantastiske bilder :)
SvarSlettKjempefin blogg du har. Oppdaget den gjennom kåringen på Foreldremanualen. Kommer til å følge den videre :)
Syns du beskriv denne kjensla svært godt - det er alltid så vondt å stå på sida og sjå på uretten og kampen til andre og så ikkje kunne gjere noko...
SvarSlettMen eg syns du skal vite at dine varme tankar har nådd meg mange ganger, du har vore til stor støtte og hjelp med orda dine fleire ganger og det veit eg at du også har vore for andre.
Ha ein fin dag Tove og ein god klem:-))
Det har noen helt sikkert! Og du vet, i langt de fleste tilfeller så holder det i massevis å være et god medmenneske. Man behøver ikke å være bjellesauen eller engelen - det er vel så bra å være ved siden av som å være foran :o)
SvarSlettØnsker deg en fin dag!
Også skal eg sende varme tankar til deg slik at du kan forstå at å vere eit medmenneske til dei som slit kan bety ALT! Tru meg, eg har ein gong vore den som har trengt eit medmenneske... og dei som var det.... dei ser eg på som reddande englar:) Så sov du godt Tove... du kan ikkje redde heile verda veit du!:)
SvarSlettHa ein fin dag kjære du!
Fantatisk skrevt Tove, om alltid. Du er ett herlig mennesker. Reflektert, godt & omsorgfullt mennekse. Det lyser godhet av bloggen din, og det viser seg å være ekte. Men 100 % går du inn i alt du forestar deg, og en ting er sikkert! De nære er stolt av deg! Du er en engel :) Enkelt & greit. Klem fra Lier
SvarSlettEt helt nydelig innlegg .. her var mye jeg kunne nikke gjenkjennende til og mye som fikk tankene i sving. Det er så mye man ville ha hjulpet til med - så mye man ville gjort .. men man rekker ikke over alt. Så får man bare hjelpe til der man kan og gjøre det man rekker. Men det er viktig å ikke få dårlig samvittighet for alt det andre .. :o)
SvarSlettSynes det virker som om du får gjort en masse du kan være stolt og fornøyd over :o) Det er helt sikkert de rundt deg også :o)
Ha en fortsatt fin torsdag - klem!
Takk! Eg kjende at du sende meg slike varme tankar. Du er bra god! Ønskjer deg alt godt i natta og andre netter. Varm klem frå meg.
SvarSlettTakk for alle tankene du setter ord på og sender videre...slik at de kan gro;) Å være et medmenneske er å tenke slike tanker...man trenger vel ikke ha hverken bjelle eller vinger...men rett og slett bare være der. I denne verden vi lever i...kan det å "være der" bety mer enn fysisk tilstedeværelse også...ord i en blogg betyr mye i vår tid! Så...det jeg mener å si er at du ER et 100% medmenneske!
SvarSlettNyt helge-timene med familien!
Tussilago
Fantastiske bilder og like fantastiske ord.
SvarSlettEn veldig bra post! Kjenner meg igjen...
SvarSlett