fredag 26. februar 2010

Bade-engelreprise og blå strømpebukse!

I morgon skal eg ut på ein liten minitur og overnatte på hotell. Mann og barn blir att heime, og det er alltid litt vemodig.

Eg må berre ha eit innlegg med badebileta av Sina, slik at eg kan kike på dei når eg sit ved datamaskina i morgon og på søndag.

030

♥♥♥

037

♥♥♥

055 

♥♥♥

Kom forresten på ei artig historie som eg vil dele. Eg var på badet med minstesnuppa og skulle gjere henne klar til å legge seg. Ho hadde dusja og var klar til å kle på seg. Eg gjekk i skapet hennar og fann ny strømpebukse og body. Bodyen gjekk på lett som berre det, men då ho såg strømpebuksa vart det bråstans i påkledninga. Strømpebuksa var nemleg BLÅ! Ho nekta å ha den på seg, sjølv om eg sa at ho hadde arva den frå storesystra og viste henne at namnet til Ida var skrive på merkelappen. Ho trampa i golvet og protersterte på det heftigaste! Det er fascinerande å sjå kor utruleg bestemte slike små menneske kan vere… Til slutt måtte eg til å fortelle om dei små lamma som hadde fått klipt ulla si slik at vi kunne få denne gode og varme strømpebuksa.

072

Noko motvilleg sette ho seg på fanget mitt og lot meg kle på henne. Då ho hoppa ned på golvet sa eg;

“Neimen Sina, eg trur jammen strømpebuksa er for lita!”

Då lyste ho opp, sette augene i meg og sa så triumferande som berre ein to-åring kan: “Heldigvis!!!”.

♥♥♥

Tett etter låg strømpebuksa i ein krøll på golvet, og ho fortalte meg at søskenbarnet Felix kunne få den! Midt i alle desse tumultane klarte ho altså å vere klartenkt og praktisk! Så no spørst det om ikkje den berømmelige og velbrukte strømpebuksa må pakkast fint inn og bli gitt i gåve til ein liten kar som heilt sikkert er meir glad i blått enn det ho er!

♥♥♥

Eg ynskjer alle herlege menneske der ute ei fantastisk helg!

8 kommentarer:

  1. Du er så god å fortelle Tove! Herlig historie og flotte bilder!

    SvarSlett
  2. Bestemt liten dame du har...hehe
    Ha en fin helg:)

    SvarSlett
  3. Ei fin historie Tove.
    Eg huskar ei god historie om ein kar på 4-5 år som også var glad i stømpebuksa si - men han hadde ein litt annan vri på bruken.
    Han brukte den på hovudet som lue - og på den måten fekk han langt "hår med fletter".
    Han var stadig å sjå i gatebildet med "flettene" sine hengande fint på kvar side. Det var nok ei mor som var litt småflau over den praksisen - men som unger flest var han en bestemt liten herremann som hadde bestemt seg for at "fletter skulle han ha

    Klem jannetove

    SvarSlett
  4. Unger er så herlige.
    Så klare på vad dem vill og ikke minst IKKE vill.
    Skjönner godt lilletuppa at blått går ikke ann alltså, sjöl om eg er glad i blått.

    Håper det var en flott helg på hotell nå dag. Sjöl om familjen måtte bli hjemme.

    Nå blir det en tur på oss opp til Ålesund. På torsdag reiser vi opp for vi skal på begravning. Men uansett, det blir på en måte kosligt å möte slekta til tross for den triste anledningen.

    Men eg har oppdaget noe merkeligt. Når man samles etter begravelsen og skal drikke kaffe så blir stemninga nesten litt rar. Folk prater, ler og koser seg. Er det muligens det at da er det over. Man kan sitte ned og hugse ting man gjort sammen med den som man nettopp mistet?

    Så nå håper eg at vi får en fin og stemningsfull begravelse og at värgudene er på vår side.

    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  5. Veldig morsomt (ikke for deg der og da sikkert, men!). Helt utrolig hvor bestemte unger er på farger og fasonger allerede i tidlig alder. Hvor har de det fra, tro?
    :-)

    SvarSlett
  6. Veldig morsomt (ikke for deg der og da sikkert, men!). Helt utrolig hvor bestemte unger er på farger og fasonger allerede i tidlig alder. Hvor har de det fra, tro?
    :-)

    SvarSlett
  7. Fantastisk, Tove. :) Dei er gode desse toåringane. Guten min på 2 år er rett nok litt motsett - han insisterer på å bruke den rosa plastkoppen for tida. Får han ein annan farge, ja då vert det bråk! Fireåringen har derimot forstått at rosa er jentefarge, så det vil han ikkje ha... ;)

    SvarSlett
  8. Nydelige bilder og herlig historie ♥

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!