tirsdag 2. mars 2010

Fargesymfoni!

Frøken midtimellom hadde så lyst på ei hue. Mamma sitt restegarn vart grundig gjennomgått og ho plukka ut dei fargane ho likte aller best.

024

Så vart fargane lagt på stovebordet og teke bilete av. Deretter var kommandoen: “Mamma, no kan du strikke!”

055

Eg gjekk i gong med dei herlege fargane og frøkena er glad for at hua veks!

012

Minstesnuppa har også vore oppteken av fargar i det siste. Ho er den lukkelege eigar av fargerike perler og lagar dei flottaste kreasjonar!

014

Berre tullball med mamma si tøysejente!!!

Takk og lov at dei bryr seg om fargar, for ute er det berre kvitt så langt auga kan sjå! Trøysta er at det kanskje smeltar litt for kvar dag, og at det bugnar av vårblomar under all snøen – klare til å berike kvardagen vår med flotte fargar!

4 kommentarer:

  1. -oi, oi, oi...nå ble vi virkelig inspirerte her! Jeg og minstemor har fri i dag, og nå løper hun ned for å finne nabbi-perle-brettene sine! Ute er det snø vertikalt, så det inviterer kun til inne-aktiviteter i dag!

    SvarSlett
  2. her i huset går det også mykje i perling for tida.

    du har verkeleg fått dreisen over strikkepinnane du.. Vi får vel sjå det ferdige resultatet???

    ha ein strålande dag i sola

    SvarSlett
  3. Ja hva hadde vel livet vært uten farger??? Jamen bra både store og små kan glede seg over fargesammensetninger og kreasjoner:))

    SvarSlett
  4. Farger er godt å ha :) Fine bilder!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!