lørdag 6. november 2010

Dramatisk…

Når naturen spelar opp vert det ikkje spart på noko. Det vert mala med brei pensel og sarte, herlege pastellar.

solnedgang

Så utruleg fascinerande å sitje høgt her oppe og sjå skyer kome rullande inn frå langt der ute. Å vere vitne til slik dramatikk er luksus. Slike solnedgangar gjer kvardagaen til noko heilt spesielt.

solnedgang1

Trur det kan passe å bruke eit sitat som eg har hatt fleire gongar tidlegare på bloggen min:

“Så underlig det er å stå og fryse i måneskinnets ensomhet en kveld og kjenne kulden fra det døde lyset og være levende allikevel.”

- Inger Hagerup -

God laurdagskveld til alle der ute!!!

6 kommentarer:

  1. Måtte kommentere denne også eg :-)

    Wow så flott!
    Dokke lever i eit skiftande maleri!

    Ha vakker helg vidare♥

    SvarSlett
  2. Vakkert, vakkert, du store kor heldige de er som får nyte den utiskta, og kor flink du er som får fanga den i augeblikket :) God helg til deg og dine, måtte de få fleire magiske måleri som dette.

    SvarSlett
  3. Så vakkert at det nesten gjer vondt!!! :) (og der ute ein stad bur Lønnetunfrua...:)

    God søndag til deg og dine

    SvarSlett
  4. Utrolig vakkert!
    Gos søndag :O)

    SvarSlett
  5. Eg har lært at ein ikkje skal vere misunneleg - ein skal unne alle andre alt det gode som kjem dei til del....Men du må tru det held hardt her eg sit på Hadelandet mitt og ser på det vakre utsynet du har der du bor....

    Men eg pustar inn og med heile mitt hjarte syns eg at det er flott at akkurat du bor der og får sett dette fine - akkurat du fordi du har evne og innsikt nok til å dele dette underet med alle oss andre. Takk

    ....og du - jøyje meg kor eg gler meg til eg skal reise til Ørsta på onsdag.....

    søndagshelsing og grattis med johan:-))

    SvarSlett
  6. Hei :)

    Her må jeg bare si... helt nydelig.. kjempe flott :):)

    Ha en fin søndag:)

    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!