lørdag 6. november 2010

Korleis handtere ein litt grå dag!

Fyrst må vi innkalle forsterkningar. Syskenbarn S var ikkje så langt unna og kom ilande til då ho forstod at vi trengte selskap.

s og s

Deretter leitar vi fram like prinsessekjolar og jålesko, før plasserer begge jentene i godstolen! Jammen er det kjekt med Knerten på ein snøvèrsdag!!!

s og s1

Medan Knerten underheldt dei to små damene, stod gjæredeigen til heving. Storebror i huset har bursdag i morgon, så då må det bakast litt. Å trille ut rundstykker er ei enkel sak for slike flinke hjelparar!

s og s2

Det var litt av kvart desse to hadde å fortelje kvarandre!

s og s3

Medan rundstykka steikjer tek dei seg kvil i glaskarmen og spionerer på storesyster som er ute og måkar snø! Flinke jenta har måka masse snø til oss!

♥♥♥

No ventar jentene på rykande fersk bakst og kakao! Kanskje kjem det fleire gjestar???

4 kommentarer:

  1. Fine jenter og kjoler - å no fekk eg so inderlig lyst på kakao....

    god helg:-))

    SvarSlett
  2. Så enig med Janne Tove :-)
    trur eg fyrer i omnen og finn fram kakoen..

    Kos dokke!

    God helg♥

    SvarSlett
  3. Så kjekt ho hadde hatt det i dag!! Fortalde med store auge at ho både hadde baka og pynta seg, (og midt inn i setninga eit "trallalalala") og bada og sett på TV og kosa seg med Sina, og "trallalalala" :) Ein dag med mange inntrykk. No søv ho djupt og godt.

    SvarSlett
  4. Takk for hjelpa, forresten :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!