onsdag 17. november 2010

Jubel i leiren!!!

Det er sjeldan ein middagsrett har hausta like mykje applaus som den eg laga i dag! Det var ikkje akkurat hokus pokus, men det vart fortryllande likevel!

middag

Det heile byrja med ein fargerik salat! Salat her i huset er laga etter innfallsmetoden og det vi til ei kvar tid har i kjøleskapet. I dag vart det heilt vanlege salatingrediensar i bollen. Ikkje tenk så mykje på kva slags grønsaker som er lurt å bruke for å smake godt i lag; ta det du har!!!

middag1

Eg har ein lilla salatbolle, og av ein eller annan grunn smakar salat mykje betre når eg serverer i den!

middag2

I tillegg til salat steikte eg kyllingfilètar; fyrst i steikepanna, deretter til gjennomsteiking i ovnen.  Så laga eg ein enkel fløytesaus, beståande av fløyte, julienne-gulrot, chili og kvitløk. Kok så pass lenge at den tjuknar litt. Sausen slår eg over pastaen etter at eg har slått ut vatnet.

middag3

Ungane var fulle av lovord til den herlege middagen! Dei åt opp rubb og stubb! Det er så artig å lage mat når du ser kor ungane kosar seg med alt som er på fatet – inkludert grønsakene!

Be my guest!!!

 

4 kommentarer:

  1. Vart rett og slett svolten :-)

    herlege fargar!!

    SvarSlett
  2. Åååå det så godt ut,mmmmmm ble sulten nå hihi :)

    SvarSlett
  3. Sitter her og blir mer og mer sulten....
    Må nok lage meg litt mat.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  4. Dette såg frykteleg godt ut, så kjekt med inspirerande middagstips. Er inne i ei periode der eg er veldig matlei, og da er det ekstra kjerkome med nye idear. Men, julienne? Kva er det??? Forstår det som det er noko du har i sausen...? Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!