Det er vel kanskje ikkje rett å kalle dette ei kake. “Ei smaksoppleving av dei sjeldne” er vel ei rettare skildring. Ein dessert med smakar du blir sittande og undre deg over, ein dessert som gjestane vil ha meir enn eitt stykke av.
Eg har laga to slike kaker i dag. I den fyrste kaka brukte eg margarin og lettrømme i fyllet, slik det står i oppskrifta. I den andre kaka brukte eg meierismør og seterrømme. Det blir opp til dommarane å avgjere kva for ei som blir best!
Denne kaka er aller best til ein sterk og god kaffi for dei vaksne, og med eit stort glas kald mjølk til ungane!
Eg har fått oppskrifta med Heidi Brunstad Øyehaug. Ho er lektor i ernæring, helse og miljø, og underviser ved Høgskulen i Volda, avdeling for lærarutdanning. Ho har gitt ut bøkene “Ta kaka” og “Bakebok for menn”, så dette med kakebaking er noko ho kan!
Denne kaka bør du så absolutt prøve å lage!
No skal vi kose oss med fårikål til middag og eplekake til dessert! Kanskje kjem det nokre innom på besøk òg???
Takk for at du deler! Her er også fårikålen i gang,- mon tro om jeg har alt jeg trenger for å lage en eplekake også... Nyt søndagen!
SvarSlettTusen takk for oppskriften. Artig at du skrev den på bildene. Jeg har sagt det før, du er virkelig kreativ :-)
SvarSlettNå er det bare å gå i gang ved kjøkkenbenken for min del.
Takk for tipset!
SvarSlettDen boka til Heidi har jeg(mannfolk) men denne oppskrifta har jeg nok oversett! Men har laget mye annet godt fra den!
Jeg leide faktisk hybel hos Heidi og HO i 1996/97 i Ørsta.
Stilig!
SvarSlettMå prøve den ein dag :-)
Hei Tove, ditte såg skikkelig godt ut :-) Ej elska alt so he m eple og kake og gjere... Kankje du sende mej oppskrifta? E for late til å skrive av.
SvarSlett