På grunn av dette….
…vert strikkeprosjektet “Gensar til tantegull” lagt på is for ei stund. Med bandasjert tommel er det ikkje så lett for ein litt klønete strikkar å handtere tynne strømpepinnar…
Men no har eg funne ut at dersom tråden er tjukk og pinnane er tjukke, så klarer eg faktisk å strikke litt! Då vart det altså eit lite strikkekompromiss! Viktig å halde fingrane i gong, hi, hi!!!
Så i kveld skal eg benke meg og strikke pute til snuppelurene sitt rom! Hadde tenkt å bruke Eskimo-tråd, men den hadde dei ikkje på ein einaste strikkebutikk her eg bur. Prøver meg på Sandnes garn sin “Easy” i staden for.
No har kvelden og roa senka seg og eg skal setje meg godt til rette og kose meg med strikk – endeleg!!! Gler meg…
Dette garnet har eg strikka mykje med.
SvarSlettGodt å strikke ta.
Håpa tommelen vert betre snart. Sei ifra om du treng hjelp med strikkeprosjekta :)
HA en fin søndagkveld
Klem
For ein flott farge på puteprosjektet..
SvarSlettGod betring med fingeren,
stakkars deg..