fredag 8. oktober 2010

Enkel interiørfilosofi!

Eg skal på ingen måte skryte på meg å vere ein “interiør-forstå-meg-på`ar”, eg har heller ikkje ein stilrein heim som kan puttast i den eine eller andre interiørkategorien. I min interiørfilosofi er det plass til det meste! Men tre ting går alltid igjen; natur, spor av levd liv og funksjonalitet. Eg er glad i naturlege materialer og likar godt å ta med meg naturen inn. Ungane er store bidragsytarar til det området, anten det er blomar, stein eller ting dei har laga av drivved og kvistar.

stein

Når ungane kjem heim frå skule eller barnehage har dei som regel alltid med seg ein stein eller ti i lomma. Eg kunne sjølvsagt ha ergra meg over dette, men såg fort at det var vekkasta energi! Det er som regel med stor stoltheit dei kjem og legg steinane på benken, og då har ikkje mammahjartet lyst å kaste dei. I staden for let eg dei ligge i glaskarmar rundt omkring i huset, og så kan vi sjå på dei titt og ofte! Ungane hugsar endåtil kvar dei har plukka kvar ein einaste av dei, og då er det rørande å ta vare på dei! Og så synest eg der er eit fint innslag i interiøret.

stein1

I lag med steinane i glaskarmen på kjøkenet står ein avleggar frå ein pelargonia som mormora mi har hatt. Det er mange år sidan ho døydde, og då er det noko heilt særskilt å ha ein slik avleggar. No står den med sprekkferdige knoppar og strekkjer seg mot lyset!

stein2

Har du slike små minne liggande rundt omkring i huset???

stein3

I vindaugskarmen på badet er det også stein. Kvar gong ei bukse skal til vask, kjem der nye steinar til i samlinga!

stein4

Såpedispensaren og såpekoppen glir fint inn i det naturlege temaet! Eg likar så godt sandfargane…

stein5

Korger kan brukast til så mangt! Eg har fleire slike på badet og dei passar fint til oppbevaring.

stein6

Huset vårt er frå 1939 og på loftet er alle dei gamle dørene inntakt og dei fleste av dei er framleis i original fargeprakt. Dei var mala i ein dus grønfarge som var å finne fleire stadar i huset. Eg veit ikkje kva som gjer det, men gamle dører og dørstokkar betyr noko heilt spesielt for meg… Det kan kanskje vere fordi at ein dørstokk så tydeleg har spor etter levd liv. Ei gamal dør viser nostalgisk slitasje som vitnar om liva som her levd i huset før oss. Slikt betyr noko…

stein7

Her ligg frøken midtimellom og kosar seg med Nintendo DS medan mamsen svinsar rundt på jakt etter gode fotomotiv som illustrerer litt av den enkle interiørfilosofien som regjerer i heimen!

Og når det gjeld funksjonalitet; eg er stor tilhengar av at alt ein dreg i hus må kunne brukast til noko og kome til nytte! Anten det er splitters nytt eller gjenbruk. Og så vil eg at borna skal få vere born og at interiøret skal tole både racerbilløp, ein og annan ball i høg eller lav høgde og at møblane skal tole skitne buksebakar og klissjete fingrar.

Kva er din interiørfilosofi???

6 kommentarer:

  1. :) Så fin lesning!!
    Det er så mye man har lyst på nye møbler og div. når man ser disse flotte hjemmene rundt omkring forbi.. For oss (som forøvring ikke har råd til å kvitte oss med møbler for å kjøpe nye) er det viktig å gjøre hjemmet koselig med det vi har. Å ha et hjem fyllt av godhet og varme, slik at andre kan trives, og ikke minst at barna kan trives! Det er så viktig for oss, at de har lyst til å tilbringe tid her hjemme, og ta med seg venner hjem :) En god og avslappet stemning betyr absolutt aller mest for meg. Så får den hvite Ektorpen bare vente...

    Klem!

    SvarSlett
  2. Har aldri tenkt på om jeg har en interiørfilosofi, men er enig i et par ting som du er inne på; liker ting som har en funksjonalitet (og som er vakker å se på!).

    Er påvirket av trender, og akkurat nå liker jeg den naturlige stilen med tre og slikt som du viser på bildene dine her! :-)

    SvarSlett
  3. Tusen takk,Tove, for koselige ord om tv-innslaget. Jeg visste ikke at jeg hadde en slags filosofi før jeg ble spurt og måtte tenke etter..:-)
    klem♥

    SvarSlett
  4. Så koselig innlegg. Jeg er helt enig i din filosofi om at det er viktig at barn får være barn i sitt hjem :) Et hjem skal jo ikke være et utstillingsvindu heller. Steiner, blomster o.l som barna tar med inn skaper en god stemning :)
    Ha en fortsatt fin helg.

    SvarSlett
  5. Heimen må vere funksjonell, lettvint å halde reint og lun og varm. Om ting er nye eller gamle spelar lita rolle. Eg har plutselig blitt oppmerksom på slike interiørbutikkar - slike butikkar med fransk landstil, green gate og anna "hippt" og flott. Har ikkje tenkt så mykje over at det finst så mange slike butikkar før eg starta å blogge og finn mange som bloggar om dette.
    Eg syns det er utrulig mykje fint å sjå i slike butikkar og bloggar - men eg klarar ikkje å bli heftig begeistra....

    ....for med litt erfaring i livet syns eg heimen er heilt perfekt innreidd så lenge mine kjære er tilstades der....
    så det får bli min filosofi..

    Klem:-))

    SvarSlett
  6. Love your pictures!!
    Have a great week!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!