onsdag 27. oktober 2010

Nokre morgonar…

…må ein berre stoppe alle klokker, la stress vere stress og gløyme at ein eigentleg skulle ha vore ein annan stad. I går var ein slik morgon. Vi hadde stressa rundt inne; leita etter briller, sjekka alle skulesekkane ein gong til, leita etter badehetter, sløkt alle lys og sjekka at all maten var sett på plass i kjøleskapet. Ungane vart beordra ut i bilen, og hadde i farta lurt med seg nokre Marie-kjeks som dei skulle kose seg med på veg til skule.

Med høg puls og stressadrenalinet pumpande rundt i kroppen, kunne eg endeleg låse døra bak meg og sette meg i bilen. Men ungane var ikkje i bilen. Ikkje skulesekkane heller. Eg såg  på klokka og tenkte at ei leiter!unde var det siste eg hadde tid til!

Så høyrde eg småprat bak hushjørnet. Der sat rømlingane. På den kvite benken vår, og kosa seg med Marie-kjeks. “Kom og sjå så fantastisk fint lys det er, mamma!”.

vinterlandskap

Eg sette meg ned i lag med dei. Klokka fekk leve sitt eige liv. Vi hadde viktigare ting å styre med. Det er ikkje kvar morgon vi ser slike under; den fantastiske utsikta vår, Raudøya bada i det blå morgonlyset og månen som hang langt der oppe og vaka over oss alle. Vi sat slik lenge. Kosa oss med Marie-kjeks. Snakka om kor heldige vi er som bur her vi bur, som kan vakne om morgonane og sjå på alt dette vakre.

Hand i hand rusla vi oss tilbake til bilen. Dagen måtte starte. Også for oss.

vinterlandskap1

Etter å ha køyrt i to minutt måtte vi stoppe igjen. Då vi runda Lianeset stod himmelen i brann. Det er så rart å tenke på at vi forlet det kalde, blå morgonlyset og like etterpå er den same himmelen i fyr og flamme.

Vi fekk verkeleg ladda batteria våre denne morgonen! Vi er så heldige som av og til får slike fantastiske naturopplevingar! Ingen ting er meir spennande enn når naturen sjølv spelar opp og byr på seg sjølv. At Christel Alsos underheldt oss i bilen med denne utruleg vakre songen, gjorde det heile til ei endå større oppleving!

♥♥♥

Bileta er tekne med mobiltelefonen min og lagt på rammer og skrift i eit fotoredigeringsprogram.

3 kommentarer:

  1. Utrolig vakkert.
    Ja, dere er heldige...for en deilig pause midt i morgenstresset...
    Klem :O)

    SvarSlett
  2. Kor flink du er til å fylgje ongane dine sine impulsar! :) Utsikta dokka er upåklageleg! Dokke ser nesten heilt ut til meg!! :) Nydelege bileter, nydeleg song og eit nydeleg innlegg som minner oss om kor viktig det er å leve i NUET :) Takk!

    Og tusen takk for fint julegåvetips! :) Det blir nokre slike! :)

    Gode helsingar frå Lønnetunet

    SvarSlett
  3. VAkre bilete og ord frå morgonstunda dykkar:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!