torsdag 15. juli 2010

Liten Ida…

Vi brukte å kalle henne det då ho var lita. Liten Ida. Alltid så smilande blid! Alltid med gode klemmar og masse kos. No er ho ikkje så liten lenger.

Liten Ida

♥ ♥ ♥

Ho har vorte mamma si store og kjekke jente. Akkkurat same, gode smila. Alltid klemmar og  kos, men slettes ikkje liten lenger. Ho har vorte ei fin, lita frøken som likar å pynte seg. Som veldig gjerne vil vere stor. Gå på butikkar åleine. Pakke litt i veska si og vere med mamma på handel.

Liten Ida1

I dag var i Fosnavåg og då kjøpte ho seg ei Noa Noa-veske og ein nydeleg ring på Bella Blå. Ho kosa seg blant alt det vakre i butikken. Og handla for eigne pengar… No vil ho vere med meg ein annan gong òg, når ho har fått spart seg opp meir pengar! Det var så mykje fint ho hadde lyst på…

Liten Ida2

Og eg tek gjerne turen ilag med henne til Bella Blå ein gong til! Der var eitt og anna mamsen kunne tenkje seg òg…

Innekos3 

Då vi kom heim frå turen vår i dag, braka det laust eit forferdeleg uvèr! Det var tordenskrall og styrtregn som vi nesten aldri kan hugse å ha opplevd før! Då var det best å kose seg inne så godt vi kunne, og stearinlysa måtte tennast fordi straumen gjekk.

Liten Ida4

No ynskjer eg alle ei strålande helg! Vi pakkar saken og reiser ein liten helgatur.

♥ ♥ ♥

Kanskje klarer vi å finne sola!!!

Kallenamnet “Liten Ida” kjem frå filmen “Liten Ida”. Den skildrar lille Ida sine opplevingar og sterke barndomsinntrykk i det krigsramma nord-Noreg i 1944. Opplevingane hennar er litt spesielle, då ho var “tyskertøs”. Eg såg filmen då eg var lita, og det gjorde eit usletteleg inntrykk. 

5 kommentarer:

  1. Ho e no skjønn Idaen dokkes:)
    Min mor kalte vår Ida for liten Ida hun også. En stavangeronkel kalte henne "Iden piddeliden"....litt samme sak med andre ord. Det er gord å se at jentene våre vokser seg til, men litt vemodig på samme tid....

    SvarSlett
  2. Herleg innlegg og fine bilde av ei stor og fin liten Ida :)

    God helgetur :)

    SvarSlett
  3. Hei :) for ei skjønn lita jente...

    Vokser fort disse ungene... og det er utrolig hvor fort de blir opptatt av ting og tang. Men det er nå morsomt og koselig da også..

    Flott vekse ho kjøpte seg.

    Nyt dagene og kos dere..

    Klem

    SvarSlett
  4. Nydelige bilder av "lille" Ida. Kos dere på tur.
    Klæm Susanne

    SvarSlett
  5. Huskar godt filmen "Liten Ida", men var vel mora som var tyskertøs? Nokre år sidan, men eg har alltid tenkt på Ida som tyskerunge, og om ho ikkje var det så fekk ho lide for at mora var litt for vennleg mot fienden. Huskar eg feil eller? Kanskje eg må sjå filmen igjen, dei har han nok på biblioteket:-) I alle fall er di Ida ei flott jente, forstår godt ho vil shoppe meir på spennande butikkar;-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!