Vi er så heldige å ha vår eiga underhaldningsavdeling i heimen vår. I går var det danseshow, teater og moteshow som stod på programmet.
Minstesnuppa stod for det meste av underhaldninga og svinga seg i eine kjolen etter den andre. Songane som stod på repertoaret varierte frå Abba sine kjende slagerar til Beyonce sin “Single ladies”.
Litt trøbbel med kjolen, men det opplever vel mange modellar under motevisningar!!! Ho har likevel forstått at uansett kva som skjer, så må ho gjennomføre med full overbevisning!
Avslutningsnummeret i minstesnuppa sin konsert var “Mamma Mia”, som nok er ein av favorittsongane hennar!
Frøken midtimellom hadde ei svært så teatralsk framsyning i William Shakespeare si ånd, noko som vekte stor begeistring blant tilskuarane!
Etter endt forestilling måtte sjølvsagt dei involverte partane fram på den heimesnikra scena for å hauste applaus! Eldstemann var altmuligmann og hadde tallause oppdrag for dei krevjande aktørane. Han var ei viktig brikke i alle nummera og fekk stor takk frå minstesystrene!
♥♥♥
Takksame foreldre var rause med applausen og gler seg allereie til neste framsyning!
Så koselig ;)
SvarSlettHerleg :-)
SvarSlettSå skjønne!1
SvarSlett