tirsdag 7. desember 2010

American chocholate chip cookies!

I dag fekk eg ein uventa heimedag med frøken midtimellom. Ho var ikkje heilt i strøk og måtte vere heime. Då nytta eg høvet til å bake nokre julekaker. Her i huset bakar vi alltid American chocholate chip cookies til jul. Dei har ikkje for vane å bli verande særleg lenge i kakeboksa, for å seie det slik… Eg har brukt mange ulike oppskrifter, og dagens deig var nok eit nytt eksperiment.

American

Du treng:

225 g usalta smør

150 g kvitt sukker

160 g brunt sukker

2 store egg

1 1/2 ts vaniljesukker

1 ts bakepulver

1/2 ts salt

295 g kveitemjøl

200 g hakka sjokolade

Rør smøret mjukt med ein miksmaster. Tilsett kvitt sukker og brunt sukker, rør dette i omlag 2 minutt slik at alt vert godt blanda.

American1

Rør eitt og eitt egg inn i røra. Tilsett så dei andre ingrediensane og rør godt. Bland i sjokoladebitane og rør litt til.

American2

Du har no ei tjukk og god “deig”. Legg små klumpar på ei bakepapirkledd steikjeplate. Kjeksa vert passe store om klumpen er på storleik med ei stor valnøtt. Du lyt berre prøve deg fram! Av og til har ein lyst på kjempestore kjeks, og då må deigklumpen vere større!

Steik kjeksa på 190 grader i 12-14 minutt. Pass på så dei ikkje vert brende. Legg øyeblikkeleg på ei bakerist slik at dei får kjøle seg ned.

American3

Legg kjeksa i ei kakeboks og gøym dei ein lur stad! Desse har det med å få bein å gå på…

PS! Dersom du vil ha litt variantar i kjeksa, kan du prøve eitt av desse tipsa:

  • rasp litt appelsinskal ned i røra
  • hakk opp valnøtter og tilsett i lag med sjokoladen
  • bytt ut saltet med Maldonsalt
  • hakk marsipan i små bitar og putt i røra

Kanskje du har eit anna godt tips???

5 kommentarer:

  1. Hei :)

    Disse så kjempe gode ut.. oppskrift er skrevet opp og skal prøves en gang.

    Ha ei koselig førjulstid og så håper jeg at ho er blitt i bedre form.

    Klem

    SvarSlett
  2. Denne julekakeoppskrifta er eg vaksen opp med - men uten at den har det fjonge utanlandske navnet...
    Mi mor laga desse kakene kvart år til jul og eg trur nok det var desse vi likte aller best - spesiellt om ho hadde i litt store klumper med sjokolade.
    Vi kalla dei konfektkaker og det var denne boksa som vart gøymt best bort for oss ungane - kanskje ikkje så underleg:-))

    førjulsheling
    jannetove

    SvarSlett
  3. De så skikkelig gode ut.
    Må muligens bake de =0)
    Hilsen Wenche

    SvarSlett
  4. Mmmm. Jeg pleier alltid å lage ccc til jul. Men så kjekt med disse variantene du har med i slutten der. Det skal jeg jammen meg prøve i år! Takk :)

    SvarSlett
  5. putt røde og grønne nonstopp på toppen før steking. De beholder farven og kjeksen blir julete å de på :-) kan også hakke resten i kjeksene som sjokokladebiter

    Britt

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!