onsdag 22. desember 2010

Kortreiste gåvelapper!

Eg likar godt å pakke inn gåver. Det er så kjekt å sitje ut i dei små nattetimene og pakke inn gåver til dei eg bryr meg om. Då er det også kjekt å legge litt ekstra i innpakkinga.

mola-mo 

I år bestilte eg julegåvelappar med ei fantastisk jente eg kjenner som jobbar med illustrasjon! Ho er så utruleg kreativ og flink, og eg er så stolt over å kjenne henne!  Julegåvelappane var akkurat så artige som eg ville ha dei, for ikkje å snakke om kor flott ho hadde pakka dei inn! Ho bur ikkje så langt frå meg, så gåvelappane vart levert av henne i eigen person! I tillegg til gåvelappar fekk eg påfyll av energi, for denne jenta er eit fyrverkeri!

mola-mo1

Ho sel desse gåvelappane gjennom bloggen sin, men det er vel kanskje litt for seint for dei fleste å få tak i dei no… (det er ikkje alle som er like seint ute med å pakke gåver som meg, he, he…). Eg vil likevel anbefale eit tur innom bloggen hennar og sjå på alt det flotte ho illustrerar!!! Kan også røpe at eg har tenkt å ta henne med på laget når eg skal realisere nokre av draumane mine! Det trur eg blir eit strålande samarbeid som vil lyfte prosjektet mitt!!!

Mola-mo sin blogg finn du her! Ho blir sikkert glad for å sjå at du har tatt turen innom!!!

PS! Her er det den store “gjere alt mogleg på ein dag”-dagen, så kanskje eg òg kjem i mål til jul!!!

1 kommentar:

  1. Tusen hjertelig takk for så fine ord. Du er så god! Og draumar er til for å realiserast og eg gleder meg som ein unge. Ha ei superkos jul. Håper du får slappe godt av og kose deg stort saman med dine:) Kleem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!