Sommarlukke er å tenkje mest på det ein vil gjere og ikkje det ein bør gjere. Det er å ligge langflat på ei bryggje og kaste småstein og kike på sjøstjerner.
Ungane finn alltid noko å undre seg over. Ser alltid noko dei ikkje har sett før og brukar laaang tid på å studere alt dette spennande. Dei er ikkje til å rikke. Vil ikkje heim. Og det vil ikkje eg heller…♥
Måkeskrik og tøffande småbåtar er alt vi høyrer. Er det rart ingen vil heim?
Eldstemann vågar seg heilt ut på kanten. Så godt når ungane er trygge i og nær vatn…
Bestemor kjem og fortel meir om alt det rare dei ser. Held godt fast i minstesnuppa. Det er ikkje så høgt ned, og når bestemor passar på går alt bra. Tida går, men framleis vil ingen heim. Sola er framleis varm, sjølv om det er kveld.
Slike dagar lever vi lenge på. Fullstendig fri for må og bør, alt vi gjer er vil! Og framleis er det meir sommar….
Håper mine bloggvener landet over nyt gode sommardagar i lag med familie og vener ♥
Herlige sommerbilder!
SvarSlettDu har no hatt ein flott utforma blogg før Tove - men eg må sei at denne var enkel og stilrein - både bilder og tekst kjem igrunnen mykje betre fram uten alt anna "stæsj" rundt.....fint var det.
SvarSlettOg du.....får litt klump i magen når eg ser kor de kosar dokke på båtbrygga "mi"....Der har eg hatt mange gode stunder før i tida....
Håpar at både de og vi får den skikkelege varme gode sommaren snart - om ikkje anna så berre nokre dagar hadde vore godt:-))
Klem
Kjekt å sjå at ungane kan slappe av og nyte. Ikkje måtte stresse avgarde, men ha masse tid til overs. Skriv du meir på historia du snakka om? God sommar!
SvarSletther oser det sommer og lykke lang vei!
SvarSlettSå herlig bilder, og flott tekst å lese!
God sommerkveld til deg!