fredag 22. juli 2011

Comfort time…♥

Sommaren på Sunnmøre har vore kald, våt og grå. Nokre få dagar med sol har vi rett nok hatt, men det vert mest som å smake på ein liten bit av favorittsjokoladen, for så å pakke den vekk og ikkje få smake meir.

Tuslande, små barbeinte leikar sommar likevel. Trippar rundt i små toppar og sommarkjole og sandalar – til trass for at det regnar og er surt. Vi vaksne er litt meir fornuftige, men har nok sete på altanen med gåsehud og kalde føter meir enn ein gong i sommar…

IMG_1261 copy

Slikt blir det sommarforkjøling av. Såre halsar, hoste og rennande naser.  Både små og store treng av og til noko varmt, både inni og utanpå. Kvelden i går var difor prega av lune, gode ullskjorter og rause koppar med god te.

…og medan vi framleis ventar på sola, trøystar vi oss så godt vi kan!

PS! Det må nemnast at temperaturen i dag er god og at vèret minner mest om Indian Summer. Det er ei mager trøyst ♥

4 kommentarer:

  1. Vart med den eine gode dagen her og...har ikkje vore mange verkeleg fine dagar her heller. Som oftast ei skikkeleg regnbyge enten morgon eller kveld.....

    Ha ein fin dag trass alt:-))

    SvarSlett
  2. Eg har tinga finever på Sunnmøre neste veke!

    SvarSlett
  3. Ekstra trasig å bli sjuk om sommaren...God betring!!
    Så mange nydelege innlegg du har laga sidan sist eg var innom..
    Flott å høyre om opplevinga di i samband med dikt opplesing..
    Kanskje sommaren kjem to dagar neste veke, er lov å vone i allefall..

    SvarSlett
  4. Flotte innlegg sida sist eg var innom, men det er då inga overrasking ;) God betring til den som er forkjøla, med helsing frå ei anna som er forkjøla... PS: endringane på bloggen er fine!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!