…kan svært mykje skje!
Vi var på veg ut døra og mamma “måtte berre” fyrst. Eit eller anna måtte leitast opp, noko måtte skruast av eller ein ungane mangla. Då såg frøken snupp sitt snitt….
Eg veit at lipglossen er eit ynda objekt og burde vel strengt tatt ha vore innelåst i ein safe i staden for å ligge i veska mi. Eg trudde eg var lynkjapp då eg sprang på kjøkkenet for å sjekke at kaffitraktaren var avslått og at vi hadde hugsa å pakke ned gåva vi skulle ha med oss på babybesøk. Men denne tausa er raskare enn sin eigne skugge og var difor i full gang med å jåle seg då eg kom ut på gangen att.
Ja, ja, det var berre å innsjå at slaget vart tapt denne gongen òg og frøken snupp fekk gå på babybesøk med lipgloss.
Til slutt fekk mamma òg litt lipgloss og vi foreviga oss sjølve i spegelen i gangen!
(Jøss, er det fyrste biletet av meg på bloggen, skal tru???)
Så herlig! Her er guttungen på to mest opptatt av maskaraen. Heldigvis holder det me et lagmaskara uten å ta børsten ut av flaska, men vet ikke hvor lenge det varer....
SvarSlettOg begge to kledde den like godt:-) Vær veldig glad for at du ikkje brukar mørkeraud leppestift, det går av erfaring ikkje slett så bra...
SvarSlett