torsdag 19. mars 2009

Boktips til påske?

Av og til skal ikkje ei bok gjere meir enn å underhalde. Det gjer "Øya" av Victoria Hislop. Den underheld, varmar, rører meg djupt og opnar augene mine.

015 

"Idet fortøyningstauet løsnet, fløy det gjennom luften og dusjet kvinnens bare armer med lette dråper av sjøvann. De tørket fort, og mens solen stekte ned på henne fra en skyfri himmel, så hun hvordan huden funklet i intrikate mønstre av saltkrystaller, som en tatovering av diamanter. Alexis var den eneste passasjeren i den lille, slitte båten, og idet de tøffet ut fra kaien i retning av den ensomme, ubebodde øya foran dem, grøsset hun ved tanken på alle de menn og kvinner som hadde reist dit før henne.

Spinalònga."

Slik startar historia om Alexis, som er på Kreta for å finne ut meir om si eiga historie. Når Alexis kjem til Plàka på Kreta, oppdagar ho øya Spinalònga, ei lita øy rett utanfor landsbyen. Dette er ei fråflytta øy som i mange år fungerte som koloni for spedalske - ein stad for vonde minner.  I Plàka får ho òg endeleg høyre historien som mor hennar har halde skjult i alle år. Vi får høyre om Alexis si oldemor, Eleni, og døtrene hennar. Vi møter ein familie som har vore heimsøkt av tragedier, krig og lidenskap.

Historien er rørande, på grensa til det sentimentale, men eg let meg likevel overbevise. Det er kanskje nettopp det som er styrken ved denne romanen, det at den ikkje kan la lesaren forbli uberørt. Personane smyg seg under huda på deg medan du les, samstundes som du fornemmer både fargar og lukter.

I tillegg til å vere ei rørande historie, formidlar forfattaren kunnskap om ein sjukdom som alltid har virka skremmande på folk - spedalskheit (lepra). Ein sjukdom der vi lett ser for oss deformerte kroppar og andlet fulle av byllar. Denne romanen viser at dei fleste som fekk denne sjukdomen, ikkje vart så hardt angrepne og at mange var i stand til å leve normale liv. Det verste var kanskje alle fordommane dei vart møtte med, og det at dei vart utstøytt av samfunnet.

017

Alexis si bestemor fekk lepra og måtte forlate mannen sin og dei to døtrene sine. Slik skriv forfattaren om avskjeden:

"Eleni kjempet for å mestre den knusende sorgen som bygget seg opp og truet med å overvelde henne. Hun kunne la den strømme fritt når hun var kommet vekk fra Plàka, men det eneste håpet noen av dem hadde i dette øyeblikket, var at hun klarte å beholde selvbeherskelsen. Hvis hu ga etter, ville det blfi så vondt for dem alle. De skulle skånes fra synet av moren som gikk sin vei, et bilde som kunne brenne seg inn i hukommelsen deres for bestandig. "

Mannen hennar, Giorgis, skulle ro henne ut med båten sin:

012

"Båten var klar, og mens hun nærmet seg, sto han med armene hardt foldet over brystet og bøyd hode. Han tenkte at hvis han sto slik, anspent og stiv i hele kroppen, kunne han betvinge de voldsomme sinnsbevegelsene og forhindre at de strømmet ut av ham som voldsomme, ufrivillige skrik av fortvilelse. (...) Men innvendig var han knust av sorg."

Når det gjeld «Øya», er det historia i seg sjølv og forfatteren si evne til å formidle den som gjer dette til ei god bok for meg. Ei bok som ikkje let meg sitte att i undring eller opposisjon, berre med ei kjensle av å ha  vore vekk  frå kvardagen ei stund, i eit anna land, i ei anna tid. «Øya» er ei tåreperse med truverd.  

Mange har sikkert lese boka allereie. Men om du skulle vere av dei som enno ikkje har fått lese boka, så veit du kva lektyre du skal ønske deg til påske!

(Jorid Mathiassen frå "Bok og samfunn" har vore inspirasjon til noko ev det eg har skrive)

onsdag 18. mars 2009

Tungt...

Det har vore nokre tunge dagar i den vesle kommunen vår.

Sakna.

Ein ung mann har vore sakna.

sorg4

Ein kjærest. Ein bror. Ein son. Ein ven. Ein arbeidskamerat.

Ein pappa.

Eg har vondt i hjartet. Tenkjer på dei som sit att. Som har gått fleire dagar utan å vite. Sakna og sørga.

sorg5 

Om tankar har kraft og styrke, vonar eg familien kjenner all kraft og medkjensle som vert sendt frå kvar ein heim i bygda i dag.

Tankane mine i dag er hos dei som sørger.

Frynsegoder....

Læraryrket er vel neppe eit yrke med dei store frynsegodene, men vi har noko som ikkje er like vanleg i andre yrker: SKIDAG! I dag var eg og Line på tur med klassa vår til Bondalseidet! "Bakkar og Berg" arrangerte skileik ilag med barnevernsstudentar, og trengte ei klasse å øve seg på - vi stilte sjølvsagt frivilleg opp!

068

Regnet og sola avløyste kvarandre heile dagen, men det gjekk ikkje ut over humøret til elevane! Dei var i full gang med aktivitetar frå vi kom til vi reiste heim! Det var kuleløyper, hopp, snøborg, snømannlaging og mykje latter og moro.

075

Som vanleg når ein er ute på tur, er stunda rundt bålet det store høgdepunktet! Vi kosa oss med pølser, marshmellows og pinnebrød.

jul4

No sit eg her; våt til skinnet, raud i kinna og med ein eim av bållukt rundt meg.

Tenk så deilig det er å vere lærar slike dagar....

fredag 13. mars 2009

Himmelsk.....

Etter litt att og fram på You Tube i dag, fann eg denne nydlege videoen. Songen er kjend for mange, og det er vel snart jenta òg!

Emilie har farsrøtene sine i Ørsta, så det er klart eg vart kry då eg høyrde denne songen! For ei fantastisk stemme! For ei nydeleg, skjønn jente! Eg tenkjer nok denne tanta er umåteleg stolt..... Denne dama er vel heller ikkje heilt ukjent med talentet!

Eg vart sittande med gåsehud og tårer i augekroken - dette er noko av det flottaste eg har opplevd!

Dette videoklippet må du berre setje deg rett ned og nyte...

Heia Emilie - du kjem til å nå langt!!!

torsdag 12. mars 2009

...om å unne seg rast og ro.

Av og til må ein stoppe opp og gå nokre runder med seg sjølv. Vurdere. Tenkje. Finne ut av kva ein eigentleg har lyst til. Eg har gått nokre slike runder siste vekene. 

022

Medan eg har stressa rundt frå gjeremål til gjeremål, så har noko forsvunne.

Tid.

Tida mi ilag med dei som betyr alle mest for meg har forsvunne.

018

Ei strofe frå Kurt Foss og Reidar Bøe sin song smaug seg frå radioen og inn i øyret mitt medan eg var på badet laurdagsmorgonen. Bettan song den så vakkert som eg aldri har høyrt det før:

"...når du aldri unner deg rast eller ro, kan ingenting vokse og intet gro."

048  

Som lyn frå klar himmel gjekk det opp for meg; eg må prioritere. Det kan ikkje lenger vere slik at jobb, politikk og mine eigne fritidssyslar skal ha fyrsteprioritet. Eg har framleis mykje energi på lager, men eg trur det er rett å økonomisere bruken av den.

042

Siste tida har det stort sett vore pappa som har fått tørke tårer og vaske små barnekinn. Ungnane har fått kose seg i lag med pappa, og det er verdfull tid. Men eg trur tida vert endå meir verdfull om mamma òg er meir inne i biletet!

055

Minstesnuppa har vorte byssa til søvn av sterke pappahender, og storesyskena har fått hjelp til eitt og hitt av ein pappa som har all tolmod i verda.

069

Eg vil også vere med. Eg vil også ha meir tid til latter og leik, og ikkje berre kome heim i tide til å så vidt seie god natt.

071

Det ei bølge tek med seg inn til land, tek ei anna bølge med seg tilbake til havet.

Difor vil eg ta meg meir tid til å vere meir heime, slik at eg kan vere der  for alle dei små tinga. For alle gullkorn og for alle gode stunder.

072

Eg har alltid vore engasjert i lokalsamfunnet, og meiner framleis at engasjement er ein av dei viktigaste eigenskapane eg kan formidle vidare til ungane mine. Det å bry seg om at andre også skal ha det bra, og å kunne vere med på å forme eiga framtid er noko eg vil ungane mine skal ha med seg på livsvegen.

016

Som ein sår, skal ein hauste. Nettopp derfor er det viktig å vise ungane at mamma har engasjement, men like viktig at mamma viser at tida mi ilag med dei er aller viktigast!

030

Det er for seint å nyte blomane når sesongen er over og blada har visna. Eg er flink til å verkeleg vere ilag med ungane mine når vi er ilag, no vil eg berre ha meir av det! Ikkje ein einaste av blomane skal bløme utan at eg ser det og får nyte det!

058 

Vi er kanskje litt rare i vår familie. På varme, fine sommarsdagar kosar vi oss heime med plaskebasseng, leik og berre tid til å vere i lag. Men når når den svalande kveldssola er i ferd med å gå ned, og alle badegjestane forlet badestranda - då kjem vi! Det er så deilig å ha stranda for seg sjølv! Ungane får leike og springe, vi et medbragt kveldsmat før vi tuslar oss heim og puttar trøtte ungar til køys. Slike kveldar er gir gode minner.

040

Av og til har eg det berre så travelt. Altfor travelt. Det er så vidt eg rekk heim frå jobb for å skifte til andre kle før eit nytt møte, om eg i det heile tatt rekk å reise heim.

"Du skal ikke jage I hvileløs ring..."

050

No skal eg ta meg betre tid til å dyrke deg eg har heime.

062

"Gå inn i din stue, hvor liten den er

så rommer den noe ditt hjerte har kjær..."

023

Eg skal framleis vere aktiv i politikken og gjere det eg har forplikta meg til, eg skal framleis gå på jobb kvar dag og bruke kveldar på retting og førebuing - men eg må kutte ut mykje av det eg har gjort berre for meg. I allefall for ei lita stund. Eg har vorte flink til å seie nei, og det er like befriande kvar gong. For kvar gong eg seier NEI, seier eg JA til meir tid ilag med borna mine og mannen min!

Det er kanskje å vere litt gjerrig på tida si, men er ikkje det litt lurt då? Mor mi minner meg stadig på at desse viktige barneåra aldri kjem att. Og ho har heilt rett.

Eg trur der er mange slike som meg rundt omkring. Som stiller opp kvar gong nokon spør, som yt sitt beste - både heime, på jobb og i fritidsaktivitetar.

Eg har tenkt å vere ein slik person lenge! Men då er det nok fornuftig å av og til  ta seg ei kunstpause og prioritere og finne ein fornuftig balansegang mellom det ein må, det ein bør og det ein kan droppe!

010 

Dette biletet tok eg i går kveld. Då stod eg og ungane i lag på altanen og såg sola gå ned. Vi var heilt stille. Trykte oss tett i hop og verna kvarandre mot den kalde vinden. Eg skulle ha vore på kor, men dette var viktigare. Det forstår du sikkert???

No skal eg unne meg rast og ro - og bruke tida mi på dei nære ting.

"Den lykken du søker bak blånende fjell

kan hende du alltid har eiet den selv

Du skal ikke jage I hvileløs ring

men lær deg å elske de nære ting."

onsdag 11. mars 2009

Tid for T!

Eg har fått ei artig utfordring frå Hanne, og den vil eg sjølvsagt prøve meg på! Det går ut på å finne svaralternativ til kvart spørsmål der fyrste bokstaven i ordet er fyrste bokstav i namnet mitt - altså T! Det høyrest lett ut, men eg trur nok her er ei og anna fallgruve...

Kva er namnet ditt? Tove

Ord på fire bokstavar? Tine - det er så fantastisk når snøen tinar om våren!

Gutenamn? Terje - min kjære husbond...

Jentenamn? Tora - kunne godt ha kalla ei av jentene mine for Tora

Eit yrke? Trailersjåfør - dei har eit humpande og ristande yrke (i alle fall når dei køyrer på norske vegar...), men det må vere spennande å stadig oppleve nye stadar, både innanlands og utanlands!

Farge? Tomatraud - tenk på alle dei søte, små og knallraude tomatane, mmmmm.....

Noko du har på deg? T-skjorte

Mat? Tacopizza

Noko på badet? Tannkost

Ein stad? Trinidad - nokon må gjerne sende meg dit på synfaring eller ekskursjon...

Grunn til å kome for seint? Trasig vintervèr - betre å kome fram for seint, enn ikkje i det heile tatt...

Noko du ropar? Tar du med eit glas vatn til meg? - lurer på kor mange gongar min kjære husbond har kome springande med vatn til meg....

Filmtittel? Titanic

Noko du kan drikke? Te - ingenting er som ein god kopp te....

Ei musikkgruppe? The Margarets - eit strålande band frå Giske

Eit dyr? Terrier - ein nydeleg, liten hund...

Gatenamn? Taugata - ei gate i Stavanger

Bilmerke? Toyota - eg susar rundt i ein Toyota Landcruiser

Songtittel? "Touch me" med Samntha Fox, - ein var ikkje ungdom på 80-talet utan å vere påverka av denne låten...

Eit verb? Trylle - vi treng alle litt magi i kvardagen...

016

Slike bileter som dette fyller kvardagen min med magi.  Det kan vere travelt, hektisk og krevande, og som ved eit trylleslag dukkar slike auugneblikk opp og endrar alt. Dette biletet av veslesnuppa er eit av dei bileta eg er aller mest glad i - det er så fullt av optimisme, håp og glede!

Eg trur denne utfordringa har gått sin seiersgang rundt omkring i Blogglandia i det siste, men dersom det er nokon som framleis ikkje har prøvt seg på den, så er det berre å plukke den opp frå meg!

Fekk ei utfordring frå Astrid for litt sidan (trur det var henne...), der eg skulle skrive om noko eg var flink til. Den utfordringa lyt vente til eg orkar å samle tankane mine og leite fram noko skryt. Er i grunnen det verste eg veit.....

Ha ein strålande dag!

søndag 8. mars 2009

Berre for å tirge litt...

...eller for å spreie litt solskin og glede?

048

Etter ein liten rundtur i blogglandia i dag, har eg observert at mange slit med snøvèr rundt omkring.

047

Då vart eg så freista til å vise kor fint vi har hatt det i dag! Vi nyt gode dagar på Sunnmøre for tida, med sol, vårblomar og grønkande hagar.

049

Aldri er bygda mi vakrare enn når den ligg bada i sol!

050

Vil gjerne få dele desse vakre bileta med alle som slit med snøkave og kulde. Våren er uansett i anmarsj, sjølv og det er vanskeleg å tru det når det lavar ned ute. Berre tenk på at det er eit yrande liv under snøen, og at alt dette livet berre ventar på å få glede deg!

017 

Eg har hatt nokre perleblomar i krukker som eg har prøvd å dyrke fram. I går byrja dei å sprette fram, og det vart skikkeleg vårstemning på kjøkkenet.

015

No håper eg alle dei nedesnødde fekk litt vårvon av bileta mine!

Frukostdessert...

Ein perfekt start på dagen er å stå opp til ferdig frukost. Fint dekka frukostbord, god mat og god stemning. Etter nokre munnfullar med grove rundstykker var vi klar for noko meir eksotisk...

022

Pommegrant er ei fantastisk frukt! Stor helsegevinst, spennande konsistens og vakker farge!

023

Sett noko så vakkert? Tenk at noko så spennande gøymer seg bak det harde skalet...

034

Glatte og saftige fruktkjerner som er klare til å bli plukka for hand. Nokre går strake vegen inn i små munnar, nokre går i dessertfata og nokre lurer seg jammen inn i store munnar òg!

039

Så spennande å ete smake noko ein ikkje får til dagleg. Så godt å kjenne kor dei små frøa knasar mellom tennene. Så artig å ete dessert til frukost...

036

 029 

  Vaniljeyoughurt var godt som fylgje til pommegrant-frøa.

045

Minstesnuppa skrapa nesten fatet. Ho etterlet seg eit frø til ære for fotografen! Det høyrer med til historia at ho to minutt etterpå klatra opp på bordet og slikka reint det som var att...

pomegrant

Ut i frå denne vakre blomen veks pommegrantfrukta. Er det rart at frukta òg er vakker??? Biletet er lånt frå Flickr.

Skal tru om resten av søndagen vert like eksotisk?

fredag 6. mars 2009

Af Haab og Liv er alle Knopper fulde...

 

013

Af Haab og Liv er alle Knopper fulde, —

036
De tør ei briste, skjønt de gjerne vilde;

037
Thi Vaaren kæmper end med Vintrens Kulde.

019

De brudte Straaler over Marken spille,

015

Og drikker Lyset længselfuld og stille.

Og Blomsten svulmer i sit snevre Kammer, 

 035    030

Den aner Maiens underbare Flammer,
Naar alle mørke Vinterskyer vige,
Naar ingen Kulde Hjertebladet rammer.


040
I Luften svæve Elskovsguder glade;
Da tør Du nævne dine skjulte Tanker, —
Da viser Blomsten sine Hjerteblade.

039

Johan Sebastian Welhaven

torsdag 5. mars 2009

Vårleg middagsbord

Vi har så nydleg vårvèr for tida, at eigentleg skulle vi ha laga middag utandørs. Det skulle sprake på bålet og ungane skulle vere raudlette i kinna.

042

I staden for et vi middag inne i dag. Ungane er litt småsjuke, så eg fann ut det var betre å lage litt vårstemning inne, og så heller skunde oss ut ein liten tur etterpå.

044

Jentene sprang ut og plukka snøklokker som vi kunne pynte med på middagsbordet.

050 

Det mangla ikkje på vårteikn på kjøkkenet i dag! Det er så kjekt å sjå kor dei små løkane forvandlar seg til dei nydlegaste blomar!

056   

Blåbærsaft passar til det meste...

 063

... også til pølsepizza, for det var det vi hadde i dag! Ferdiglaga deig, ferdiglaga tomatsaus, pølser i små bitar og ost. Det heile vart ferdig på eit kvarter, noko som gav oss endå meir utetid! Vi er ikkje vekkskjemde med finevèrsdagar på Sunnmøre, så vi veit å nyte dei vi har. Og då må vi av og til gjere det enkelt i matveien!

Ha ein fin dag, alle! No kjem vi ikkje inn før vi mørknar ute!