onsdag 12. oktober 2011

R O S A oktober.

Til alle dei som har kjempa og gitt opp. Til alle dei som framleis tek kvar dag som ei gåve. Til dei som framleis må vakne kvar einaste morgon og vite at kroppen ikkje er frisk.

Til alle som har mista ein av sine kjære; ei mamma, ei bestemor, ei venninne, ei syster, ei tante, ein nabo, ein kjærast og ektemake…

…og til dei som kjempa og VANN…

IMG_3607 copy

H Å P

Ta med dig karta
och kompass,
när du går genom skogen.
Den är mörk och snårig,
full av hinder.
Små och stora,
som får dig att stanna upp.
Men var inte rädd,
vid din sida går jag.
Tro inte att jag lämnar dig,
sätter krokben för dig
och springer iväg.
Jag ska kalla fram stjärnorna
så du ser vägen,
solen så du inte fryser.
Jag ska ta ner månen,
så du kan bära den med mig,
och känna att du inte är ensam.

Dette nydelege diktet veit eg ikkje kven som har skrive. Eg har fått det av ei FB-venninne som heller ikkje visste det. Etter å ha googla det fann eg ein stad underskrive med “Ylva”. Dersom du veit kven som er opphavet så vil eg veldig gjerne vite det.

Smykket er det skjønne Stine med denne bloggen som har laga. Dei kosta kr. 250,-, der kr. 150,- gjekk direkte til Rosa sløyfe-aksjonen.

Støttar DU Rosa sløyfe-aksjonen?

søndag 9. oktober 2011

Minner om giveaway…

Minner om at skjønne Anne Brith med bloggen “Villa Perlesukker” har bursdagsfeiring og giveaway!

villaperlesukker copy

Det er superenkelt å vere med! Kik innom matbloggen min, “På kjøkkenbenken” og dette innlegget for sjå kva du må gjere for å vere med! Eg trekkjer ein heldig vinnar kl. 20.00 i kveld!

lørdag 8. oktober 2011

Eg er trøytt og går til ro…

Det er rart kor fort ferieveka har gått. No sit eg her og kjenner at det jammen hadde vore godt å hatt ei veke til. Det er likevel ugjenkalleleg slutt og laurdagskvelden vert brukt til absolutt kvile og kos.

IMG_3506 copy

Storeungane puslar rundt meg og gjer klart til kortspel. Litt brus i glaset og godt i skåla. Dei vil at vi skal spele “Vri  8’ar” så ho mor må sjå om ho klarer å rive seg ut av godstolen og legge frå seg datamaskin og strikketøy.

IMG_3520 copy

Legg merke til den rosa tape-biten bak stolen… Minste frøken snupp er svært oppteken av kunst for tida og heng difor opp sin eigen kunst på dei merklegaste stadar. Sjølvsagt med washi-tape.

Eg ynskjer alle ein varm og god laurdagskveld. Her er det nysnø i fjella og gradestokken kryp nedover. Må nok kle meg godt når eg skal på rusletur med hunden etterpå, men så er det rett tilbake til godstolen…♥

fredag 7. oktober 2011

Har du lyst å lage slike kaker???

Siste månadane har eg vore så heldig å verte kjend med skjønne Anne Brith med bloggen “Villa Perlesukker”. I dag har bloggen hennar 1-årsjubileum og i den forbindelse deler ho ut gåver med raus hand!

villaperlesukker copy

rund utstikkarform copy Eg har vore så heldig at eg har fått ei gåve som skal trekkast på matbloggen min, “På kjøkkenbenken” . Du kan vinne runde utstikkarformer som du m.a. brukar for å lage dei flotte kakene på biletet ovanfor.

Den heldige vinnaren vert trekt søndag kl. 20.00. Heilt til då kan du gå inn på matbloggen min og legge att ein kommentar der – superenkelt!

Gå inn her for å vere med på trekkinga og gå inn her for å besøke “Villa Perlesukker”!

Boblande glede ♥

For to veker sidan kosa vi oss som berre det på Hotel Alexandra i Loen. Husbonden skulle på ei messe og vi andre var med for moro skuld. Så medan papsen kika på gravemaskiner kosa vi oss i det fantastiske badeanlegget!

IMG_2889 copy

Minste frøken snupp syntest det var litt rart å bade i utebassenget medan det regna…

IMG_2895 copy

Det er rart å ligge slik på bassengkanten å berre kjenne kor boblene kitlar og sjå regndråpane danse på vassflata.

IMG_2903 copy

Heldigvis har eg ungar som likar å bade. Hotel Alexandra er eit eldorado for slike ungar. Der er basseng både inne og ute, vannsklie, boblebad og spa-avdeling.

IMG_2933 copy

Artig bilete av eldstemann!

IMG_2940 copy

Ho mor sjølv gjekk rundt på kanten og knipsa bilete! Heile laurdagen bada eg i lag med ungane, men søndag måtte papsen rive seg laus frå gravemaskinene og nyte dei varme bassenga. Det gav meg ei flott moglegheit til å knipse bilete i vilden sky! Og jammen klarte eg å snike meg med på eitt av bilete, hi, hi!

I neste innlegg kjem nokre bilete frå barnediscoet om kvelden. Minste frøken snupp var sjølvsagt i storform og svinga seg villeg i dansen! More to follow….

mandag 3. oktober 2011

Hipp hurra for den “nye” kjøkkenbenk-bloggen min!

Då er mange veker med venting og spenning over! I dag lanserte matprat.no eit heilt nytt konsept som du finn her. Eg er ein av dei få som har vore så heldig å få vere med på dette! I morgon skal eg skrive litt om korleis du òg kan verte ein matbloggar på matprat.no!

framside, på kjøkkenbenken

Dei som kjenner bloggen min frå før vil legge merke til at mykje er nytt. Med god hjelp frå matprat.no har eg gått over til Wordpress. Dette er eit nytt bloggsystem for meg, så det vil sikkert gå litt tid før alt blir heilt som eg vil…

Uansett; du er hjarteleg velkomen på kjøkkenbenken min! I dag har eg laga supergode pannekaker. Oppskrifta ligg sjølvsagt på bloggen! Klikk på denne lenkja for å kome deg inn til meg. Legg meg gjerne til i blogglista di slik at du finn tilbake til meg. Du som har lagra meg frå før må lagre den nye adressa. Kanskje dukkar det opp ein giveaway snart???

 

Velkomen!

søndag 2. oktober 2011

Så vakker kan hausten vere….

Sakte, men sikkert, går det opp for meg at eg har haustferie. Ei veke i lag med ungane, med all verdens tid til å gjere det vi har lyst til. Vi skal nyte haustdagane ute og gjere naudsynte syslar inne. Dersom vèret skal vere like flott som no, så vert vi nok mest ute.

autumn copy

Eg har alltid vore eit haustmenneske. Før trudde eg at det var fordi eg var fødd på den tid av året. Og kanskje er det slik. Det er noko særskilt med desse mørke kveldane når det ruskar litt ute. Det forsiktige suset når vinden dreg gjennom skogen og leikar med haustlauva, eller den heftige stormen som virvlar opp alt rundt oss.

IMG_6399

Den herlege roa det er å ha beitande sauer på nabomarka. Den forsiktitge brekinga når vi nærmar oss. Ungar som forsiktig klappar den mjuke ulla og gir dei litt godt å tygge på.

IMG_6411 copy

Eg likar at naturen går i dvale. Alt vert pakka inn og skal kvile. Men enn så lenge kan vi plukke haustblomar og strå, pynte med fargerike lauv, sette naken greiner i vase, leite etter drivved som rek i land etter hauststormane… Nyte den klare lufta og det underlege lyset. Litt blast, litt mjukt og litt varmt.

IMG_2986

Ynskjer alle ein fnatastisk haustsøndag! Vi skal nyte dei varme solstrålane og gle oss over at vi skal kjenne på kvilepulsen i ei heil veke ♥♥♥

lørdag 1. oktober 2011

Morgonkos…♥

Det knirka i soveromsdøra. Litt etter litt såg eg at døropninga vart større og eit lite bustetroll kom tassande på nakne føter inn på soveromsgolvet. Eg lata som eg sov då den vesle kroppen kom smygande inn under dyna. Ho la seg godt til rette. Klemte seg rundt meg  og fletta dei kalde føtene inn mellom mine. “Mamma, du er ei varm hole”, sa ho. Eg opna augene og såg på henne. Dei nydlegaste blå augene lyste mot meg.

SoveSina copy

Slik låg vi og kika på kvarandre. “Du er ei varm hole, mamma, som eg kan krype inn i.” For ein herleg metafor! For eit fantastisk kompliment! Vi heldt godt rundt kvarandre og kjende på den gode varmen vi delte. Tankane gjekk tilbake til den gongen eg verkeleg var ei hole som denne vesle kroppen kvilte i. Då du låg i magen min og var avhengig av meg. Det er jammen godt at du framleis treng varmen min og at du likar å vere mamma si kosejente…

onsdag 28. september 2011

Lyden av i n g e n t i n g.

Det har vore så ufatteleg hektisk. Ikkje eit einaste sekund utan at tankane har arbeidd, kroppen vore i rørsle og lista av ting eg burde ha gjort har vorte lenger og lenger. Til slutt høyrer du berre sus. Alle lydane blandar seg. Alle stemmene vert som ei lydsky, språket vert ullent og ingenting blir oppfatta.

sau

Brått har dagen gått mot natt og eg er heime etter ein altfor hektisk dag. Framleis med uro i kroppen og dårleg samvit for alt seg sikkert burde ha gjort, men som eg ikkje rakk. Eg skrur av tenninga og går ut i haustnatta. Slepp alt eg har i hendene og stoppar heilt opp. Så kjenner eg det. Natta tek vare på meg. Omfavnar meg og pakkar meg inn i alt som er godt. Små regndråpar legg seg som svalande dogg på kinnet mitt. Eg vert fylt av ei uforklarleg ro.

Vinden. Suset i graset. Bølgene nede på sjøen. Lauv som fyk langs bakken og i lufta.

Lyden av ingenting.

sau1

Etter ei stund høyrer eg sauene på beite. Det er så stille at eg høyrer kor dei gneg graset. Tygg det. Går litt vidare og finn meir å ete. Dei er rett bak meg. Eg vert aldri lei av å høyre desse lydane. Lydar som ein kanskje ikkje har tid til å høyre etter midt i kvarddagsjaget, men som ein tidleg nattestime er medisin for ein sliten kropp. Alt roar seg. Pusten. Pulsen. Tankane.

Ofte er lyden av ingenting lyden av alt.

Eg treng ikkje meir enn dette.

Morgondagen er rett rundt hjørnet, og eg er klar.

Bileta har eg lånt her og her.

lørdag 17. september 2011

Låvefest

I går var det duka for nok ein låvefest i Villa Utsikten.

IMG_2488

Dei nye KOKO-koppane står klar på spisebordet.

IMG_2489 copy

Å gjere klart til gjestar er noko av det kjekkaste eg veit. Leite fram servise, tilberede mat, pynte litt og vente på gjestane….

IMG_2518 copy

Ei stor korg med pledd står klart til bruk om det skulle verte litt kaldt.

IMG_2508 copy

Låven stod pynta til fest – klar til å fyllast med god mat, god prat og kjekke gjestar! På menyen stod det reker med sausar og dressingar av ulikt slag, og pastasalat til dei som ikkje kunne ete reker. Sjølv om ein er på ein låve kan ein godt pynte med kvit duk! Bordpynten var enkel, men likevel meir enn nok! Gjestane var den flottaste “bordpynten” i går!

IMG_2532 copy

 

Tusen takk til alle som kom og gjorde kvelden heilt fantastisk!

tirsdag 13. september 2011

Det har vore så stille…

Det har stått stille på bloggen min i det siste. Eg har hatt så mykje å gjere. I går var det val og all tida, både før og etterpå, har vore nytta til valkamp, valvake og valresultat.

IMG_2471

Bloggen min er ABSOLUTT FRI FOR POLITIKK, men vil eg gjerne nemne det med nokre få ord. Eg har vore lokalpolitikar og kommunestyremedlem i åtte år, og medlem i formannskapet i fire av dei. No er eg godt nøgd med å ha fått fornya tilliten for fire nye år! Begge jentene mine fekk vere med meg i stemmelokalet då eg gjorde borgarplikta mi. Dei syntest det var stor stas og kjende nok litt på alvoret. Ekstra stas var det sjølvsagt då dei fekk stempel på handa! Stolte gjekk dei ut av lokalet og proklamerte at “Vi har stemt, vi"!”

IMG_2423

No kan det hende det roar seg ei lita stund slik at eg får tid til å puste litt igjen!

Tusen takk til alle som gjorde ein jobb for demokratiet i går!

søndag 11. september 2011

Kvar dag er ein fest…

…og då må ein kle seg deretter!

Sina

Eg flira godt då eg såg kva 4-åringen hadde kledd på seg då ho skulle vere med papsen på butikken i går! Papsen skrytte og sa at ho var kjempefin, så eg hadde ikkje hjarte til å jage henne inn att for å finne andre kle! Så då vart det laurdagshandel på Kiwi med ballerinadrakt og glittersko med høge hælar!

 

La vita è bella!

søndag 4. september 2011

The most beautiful fjord in the world!

I’m so proud to live in this little corner of the world. We have beautiful mountains, deep valleys, fantastic scenery every where we turn. And I’m so proud of Hjørundfjorden, which in my opinion is the most beautiful fjord in the world!

IMG_0823

We had a few sunny days this summer and one of them was spent on a beach at Sæbø, in the heart of Hjørundfjorden.

IMG_0828

The people of Sæbø take such good care of their community.

IMG_0814

Every where you turn there’s something beutiful to rest your eyes upon. It’s as if time stands still. The peace and quiet fills you when you walk through the main street. Small craft shops, a bakery, smiling grocers, friendly residents and amazed tourists surrounds you.

And as you get closer to the beach, Kapteinskvia, the charming boathouses lies as beads on a string along the shoreline:

IMG_0831

R   U   S   T   I   C

IMG_0832

C   H   A   R   M   I   N   G

IMG_0834

C   O L   O   R   F   U   L

IMG_0921

O   L   D

IMG_0920

The scenery is just so fantastic, so full of contrasts. Adventurous hikers and backpackers praise the mountains – no wonder…

IMG_0922

The old boathouse and the fishing nets in sharp contrast to the modern and heavy machinery. Still beautiful, still something special and unique.

IMG_0923

Some of the houses are old and worn. It just adds to their soul and their presence. They welcome us as silent witnesses, telling tales of times long gone. And some of the houses are old, but neat and refurbished, telling tales of times to come.

IMG_0871

In Hjørundfjorden the past, present and future walks hand in hand. A place to visit, a place to enjoy, a place to slow down and let time fly.

Welcome to beautiful

Hjørundfjorden!

I’m so proud to say it’s in my neighbourhood!

PS! It’s raining cats and dogs today. I just had to publish these beutiful summer photos! If you want to check out Hjørundfjorden on a map, click here.

fredag 2. september 2011

Birthday girl…♥

Det er litt rart, i grunnen. Brått er eg eitt år eldre. Eitt år klokare. Eitt år rikare på erfaringar. Og eitt år rikare på glede og lukke.

IMG_2304 copy

Eg set stor pris på kvar ein einaste bursdag eg får. Det gjer meg ingenting å verte eldre. I staden for å tenkje på at tida går og at eg kanskje er meir enn halvvegs, så har eg fokus på alle åra som har gått. Kor mykje eg har investert og kor ufatteleg fullt det er på livskontoen min!

IMG_2316 copy

Eg har fått barn og gifta meg, fått hus og heim, etablert meg i yrket mitt, engasjert meg for lokalsamfunnet og besøkt mange stadar i verda.

IMG_2313

Sjølv om eg likar godt å ha bursdag, så er eg ikkje så glad i dei store feiringane. Det aller beste er å samle familien, fylle huset med alle mine. Det vart slik denne bursdagen òg! Vi skulle eigentleg vere ute, så den skjønne 9-åringen min tok umiddelbart ansvar for borddekkinga!

IMG_2318 copy

Ho dekka med kvite pappfat (praktisk og enkelt, fekk eg beskjed om!!!) og kvite serviettar. For å hindre serviettane frå å flyge av garde, pynta ho med små, kvite steinar. Så la ho lavendelkvistar på serviettane før ho sa seg nøgd med arbeidet.

IMG_2358

Norgesglas med skjell og steinar vi plukka i sommar fekk æra av å stå midt på bursdagsbordet.

IMG_2346

Det vart diverre for kaldt til at vi kunne sitje ute. Gjestane fekk ikkje gleda av å nyte alt arbeidet frøken midt i mellom hadde lagt i borddekkinga, difor lyt eg heller bruke litt bloggplass på å vise det fram!

IMG_2353

Tusen takk for alle fine gåver. Alle dei gode helsingane og klemmane. Takk for at familien kom og feira i lag med meg.

♥♥♥

…og takk for at eg får lov å verte eitt år eldre!

God helg til alle!

fredag 26. august 2011

Til mamma – frå Sina ♥

Mamma må ein snartur til Oslo igjen, og heller ikkje denne gongen får veslegullet vere med. Men mamma må ha med seg ei teikning når ho reiser. Når mamma har hatt det travelt i Oslo må ho kike på teikninga frå veslegullet og verte glad i heile hjartet.

IMG_2233

Mammahjartet smelta då teikninga vart overlevert. “Men du må ta bilde av den mamma, slik at du kan ta den med deg på telefonen din. For vi må nemleg ha den fine kunsten hengande på veggen her heime!”.

IMG_2231

Så no har mamma blogga om biletet, slik at eg kan opne innlegget på telefonen og kose seg med biletet i tilfelle eg skulle lengte heim… I tilfelle eg vert veldig sliten og lei meg….. I tilfelle eg skulle ynskt at veslegullet faktisk hadde vore med til Oslo…

♥♥♥

Så no kan mamma trygt reise til Oslo…♥

I have to go to Oslo for a few days and my 4 year old made me a drawing of our family to bring along with me to Oslo. Just in case I would miss them… Just in case I was feeling tired and a bit sad… I took a picture of the drawing and made a blog post. This way I can look at the drawing when ever I get a bit home sick! My precious, wonderful 4 year old…

torsdag 25. august 2011

“Ein må aldri slutte å engasjere seg!”

Eg er så heldig at eg har ei farmor. Ho er 94 år. Gjennom eit langt liv har ho opparbeidd seg mykje visdom og mykje lærdom. Alltid engasjert. Alltid vore undrande og nysgjerrig på samfunnsliv og politikk. Alltid oppteken av alt vi har styrt med.  No er ho 94 år. Mykje er annleis. Men i dag gjorde ho borgarplikta si. Ho førehandsstemte til kommunevalet.

gammal

Eg fekk vere med henne til røystelokalet. Vi tusla oss gjennom gangane på sjukeheimen. Småprata om det eine og det andre. Som fyrstemann i køa fekk ho gjere det ho har gjort i alle år. Stemt. Sjølv no, i ein alder av 94 år, måtte ho stemme.

gammal1

Det var lang kø utanfor stemmelokalet då me kom ut. Der stod dei eldre; mange med rullator, nokre med rullestol, medan andre berre trengte ei hand å halde i. Rørande, eigentleg. Både engasjementet blant dei eldre og blant dei tilsette. Engasjement. Eg likar slikt.

Vi sette kursen tilbake til farmor si stove. Vi møtte endå fleire eldre som skulle stemme. Eg sa til farmor at det gjorde meg glad. Ho såg på meg og smilte. Klappa meg på handa mi som kvilt i lag med hennar på rullatoren. Det var stille i gangen. Eg tenkte på kor heldig eg er som har ei farmor. Og så tenkte eg på kor heldig eg var som fekk vere i lag med farmora mi då ho gjennomførte denne handlinga. I ein alder av 94 år. Eg kjende at eg var stolt av farmora mi. Litt kry der eg gjekk, faktisk.

Eg gav henne ein klem og sa at eg var stolt av henne. At ho hadde gjort noko viktig.  Ho tok hendene mine og kika meg inn i augene. “Ein må aldri slutte å engasjere seg”, sa ho.

Eg stoppa i døropninga og vinka til henne. Ho såg meg ikkje. Ho sat oppslukt med lokalavisa og var i andre tankar.

Eg er stolt. Kry. Og utruleg takksam.

Bileta er lånte her og her.