mandag 21. mai 2012

Dei finaste blomane...


...er blomar som er plukka av dei minste hendene. Desse små, skitne hendene som kjem strekt mot deg, etterfulgt av det finaste smilet og den godaste klemmen. 
 Dei er som regel ugras, desse blomane. Plukka i ein grøftekant eller i  ei skråning langs ein veg. Det er ikkje sikkert alle ser kor vakre dei er. Kor fine fargar dei har. 
Men dei små hendene veit akkurat kva dei skal gå etter. Veit kva som gjer mamma glad. Akkurat no er mark og eng fulle av desse små, lilla herlegheitene og den gode jenta mi veit at mamma likar dei. "Du må setje dei i den turkise vasen, mamma. Den vesle, fine, veit du. For turkis og lilla er så fint i lag". Ho har sjølvsagt heilt rett...

Sånn ser blomeengelen min ut. Pynta med ei fjør i øyret og bestekjole. Og med skitne hender. Hender som luktar mold og sol og varme. 



Dei er bra skjønne, desse små. Så fulle av kreativitet, glede og artige påfunn.  Gode jenta mi...

...and on that note: slike små, skjønne jenter kan også snu ei fint rydda 17.mai-stove om til ei slagmark før ein får sukk for seg! Dagen etter 17. mai hadde alle ungane fri og var heime. Vi sov lenge og åt ein god frukost. Men så måtte mamsen ned i vaskekjellaren. Berre nokre minutt var eg vekk. Akkurat lenge nok til at stova var forvandla til snikkarbud, formingsrom, Barbie-utstilling og klesbutikk. 

Det er utruleg at dei klarer det! Men slik såg det altså ut då eg kom opp frå kjellaren og ante fred og ingen fare. Og dette er berre eine delen av stova... Barbieutstillinga er i ein stol til høgre, klesbutikken på stovegolvet rett framfor føtene til fotografen, snikkarboda (ein hammar, eit skrujern og ein flisete pinne) i ein stol til venstre for biletet og formingsavdelinga på salongbordet. Den nye Mac´en min som tilfeldigvis låg på bordet (iiik!!!), hadde fått ein fin konvolutt klistra på lokket. Heldigvis tape. Og heldigvis rosa, med "m a m m a" og "s i n a" skriven med sirleg handskrift på framsida. 

Livet med små ungar er fullt av kontrastar - 

...and I love it!

2 kommentarer:

  1. Herleg kvardagsinnlegg, som vanleg ;) Her fløymer det også over av dei finaste blomar som berre minner om sommar og kos og ny energi. Kven treng vel nyinnkjøpte snittblomar i disse dagar? Ynskjer dykk ei strålandes veke under sola!

    SvarSlett
  2. Akkurat slik det skal være.
    Herlige bilder!
    Klem T

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!