torsdag 29. desember 2011

Nye juletradisjonar ♥

I år har vi prøvt oss på to “innslag” i jule som vi håpar kan verte tradisjon. På veslejulaftan inviterte bror min m/fam alle i storfamilien til julekoldtbord. Det var utruleg deilig å forlate vaskebøtta og setje seg ned med nydeleg mat og drikke! Alle kosa seg og det var ikkje måte på kor mykje god mat dei hadde laga til!

IMG_4752 copy

På førmiddag på julaftan inviterte eg storfamilien på graut og gløgg på låven. Dette var også eit forsøk på å etablere ein ny tradisjon! Låven var sjølvsagt pynta til jul! Ungane syntest det var mest stas med det kjempestore juletreet som dei fekk ansvar for å pynte! Og når ein inviterer til fest på låven, måtte sjølvsagt nipenissen kome på besøk!

IMG_4757 copy

Nipenissen er ein kjend karakter i bygda vår og ungane var svært nøgde med at han kom på  besøk denne julemorgonen!

IMG_4760 copy

Minste frøken snupp var ikkje redd for nissefar og var både stolt og glad over å ha fått ynskt han god jul! Og så var alle ungane godt nøgde med at han hadde med gåver i sekken som dei fekk lov til å opne!

IMG_4762 copy

Om det vert tradisjonar av desse to “juleinnslaga” våre veit vi vel fyrst neste år! Men ein flott start på julehøgtida var det i alle fall!

Kva for tradisjonar klarer ikkje du deg utan i jula?

3 kommentarer:

  1. herlege gode fellesferiringar!

    SvarSlett
  2. På lisjejulafta invitera foreldra mine til julekvelds. Då kjem alle barn med familiane sine, og andre som vil kome. Ein kjekk kveld der vi storkosa oss.

    SvarSlett
  3. For nokre flotte tradisjonar du prøver å få til - håpar de lukkast - det vil ungane dine alltid ha glede av. Eg er ikkje sikker på kva eg MÅ ha i jula. I fjor hadde eg ikkje juletre inne, ingen felles pakkeopning og ikkje fåreribbe. Det var første jula mi på Hadeland og eg hadde ein fortreffeleg julekveld. I år fekk eg besøk av dattera og laga tilnærma (pga cellegifta vart den litt redusert) tradisjonsjul slik ho er vand med frå oppveksten - og for fyrste gong var juletreet av plast. Neste år vurderer eg å reise utanlands (viss helsa held). Kjenner at eg er opptatt av å oppleve nye spennande ting så lenge eg feirar jul utan ungane mine. Men når ungane kjem på besøk SKAL jula vere slik ho alltid har vore.
    Fortsatt god Romjul Tove og kos deg med nyttårshelga.
    jannetoveklem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!