Det knitra så friskt då eg kom gåande på vegen. Kuldegradene beit meg i kinna og eg tulla skjerfet strammare kring meg. Aldri hadde eg sett så vakkert eit lys i så vakker ein dal. Den klare vinterdagen omkransa dei høge fjella, dei flotte gardane og dei endelause markene dekte av iskrystallar så langt auget kunne sjå. Eg var invitert til juletrefest for å seie nokre ord; i ein vakker dal, i ei vakker skulestove ilag med stolte folk.
Eg hadde aldri tenkt over at det låg ei gammal skulestove i denne dalen. Den låg så godt gøymd nedom vegen. Eg kan levande sjå for meg skuleborna kome springande langs vegen og sette fart ned bakken til skulestova. Den såg vekkgøymd ut, kald og forlatt.
Men det var før eg såg nærare etter.
Sjeldan har eg vel vorte teken så varmt i mot nokon stad eg har vore og heldt taler. Berre eg kika godt nok etter så såg eg det; den gamle stova utstråla varme og stoltheit. Akkurat som folket her.
Bygdefolket strøymde etterkvart til med mat på fat. Unge og gamle. Fastbuande og tilreisande. Gode klemmar og varme handtrykk vart veksla. Det hadde vore fyrt i fleire dagar og vedovnen gjorde det godt og varmt for alle som kom.
Det var kaldt ute, men inne var både hjarte og forfrosne sjeler varme. Levande lys i kvar ei krå, knitring frå ovnen, lågmælt prat og forventingsfull latter; det teikna til å verte ei triveleg stund.
Om berre veggane kunne ha prata til meg… Tenk på alle dei gode stundene som har vore i den vesle skulestova, all den flotte songen, dei gode forteljingane og dei fortrulege samtalene. Så mykje meistring og glede… Men kanskje også redsle, skam over ikkje å få til og strenge ord. Men i dag er her berre glede og varme i veggane!
Dei frammøtte benka seg kring alle bord. Ikkje ein stol var ledig. Ei skjønn jente på ti år las juleevangeliet. Vi song. Og eg sa fram alle orda eg hadde planlagt så nøye. Det var så kjekt å sjå dei strålande barneaugene då eg snakka med borna om kva som var det viktigaste i jula. Vi må vere snille, sa ein liten gut. Vi må takke, sa ei anna. Det rører meg at born tenkjer slik…
Det var vemodig å måtte forlate festen før alt var slutt, men eg hadde ein annan fest eg måtte delta på òg. Då eg stod i gangen og kledde på meg høyrde eg den gode praten som summa i skulestova, og sjølv om det var 16 minusgrader då eg kom ut, gjorde det ingenting. For eg var varm. Heilt inn i sjela var eg varm. Tenk at der er slike skulestover. Tenk at der er så flotte bygder og så fantastiske menneske!