Sist søndag fekk den vesle hobbykokken vår på 3 1/2 år endeleg sett favorittkokken sin på TV! Ho beordra storesyskena sine til å vere stille så pass at ho fekk høyre på Hellstrøm i fred og ro. Så sprang ho ut på kjøkkenet og henta seg skjærefjøl, kniv og ei grønsak å skjære på. Deretter benka ho seg på ein krakk rett framfor fjernsynet og såg på Hellstrøm.
Dersom ho hadde vore skrivekyndig hadde ho heilt sikkert notert ned oppskrifta til meg. I staden for vart oppskrifta på svineribbe og tilbehør referert til meg etterkvart. “Mamma, no gjer han Hellstrøm sånn….. og så må vi ha sånt krydder du veit… og så legg han løk og gulrot i botnen…. brukar du det, mamma…. og så er det viktig at du snur den… og har vi sennep til å ha i surkålet?” Omtrent slik utarta instruksjonen seg!
Det spørst kva Hellstrøm hadde sagt til at kokken legg beina på bordet når ho lagar mat…
Slik sat ho til heile programmet var ferdig! Då hadde ho sjølvsagt heile menyen klar og lurte på om vi kunne feire julaftan med ein gong! Då eg sa at me måtte vente i to veker til, var ho litt bekymra for at ho kanskje kunne gløyme korleis det skulle gjerast!
Eg spurde om det var kjekt å sjå på Hellstrøm, og då snudde ho seg mot meg og sa:
“Mamma, Hellstrøm er helten min!”.
HÆRLIG ;)
SvarSlettKlemma
Ååååh, kjære vene! Verdens fineste lille chef du har der :-)
SvarSlettHåper dere har det fint nå i uken før jul, har du alt klart ? :-)
Håper du får en fin kveld, vi skal kose oss med sushi, et glass vin og film. Deilig!
Klem Jorid
Stilig!
SvarSlettGod helg :-)
Så søtt:)
SvarSlettHeilt fantastisk! Og med foten på bordet. Det kan virkelig ikkje bli betre. Herlig!
SvarSlettFANTASTISK! For et bilde det siste der. Knallfrøken!
SvarSlettFabelaktig... detta lova jo bra for all framtid :-) Finnast værre heltar å ha...
SvarSlettHo der skulle e ha tenkt me å hatt litt i heimen her ute i bya;) Ikke ett kjedelig sekund hs dere forstår jeg;)) Synes ho var utrolig skjønn der ho sitter i blonder og støveletter!! Bør sende blogginnlegget til Hellstrøm spør du meg;)
SvarSlettFantastisk artig.
SvarSlettDet her burde den godeste Hellstrøm ha sett. Da tenker jeg morskheten hadde forsvunnet kjapt og smilet hadde kommet på plass.
:-)