onsdag 22. desember 2010

Har du hugsa småfuglane???

Det er mange som treng litt ekstra merksemd når snøen lavar! Det er ikkje lett å vere småfugl når det ikkje er mat å finne. Dei er heilt avhengige av at vi hjelpe dei litt!

fuglar

Eg likte så godt desse fuglematarane på Europris! Kjekt å kunne finne så fine produkt til ein rimeleg peng! Og viktigast av alt, fuglane har ein fin og tørr stad å ete maten sin!

3 kommentarer:

  1. Trur eg må lure ein slik i handlekorga, småfuglane likar mykje betre meisebollar og nøtter enn nek.

    SvarSlett
  2. Her har vi mata fuglane sidan lenge før snøen kom. Vi heng opp ein fuglemater med solsikkefrø og eit par tre meiseboller. I starten må vi fylle på mest kvar dag men etter kvart et dei mindre - spørst om naboane også matar seinare på vinteren. Men vi passar på å henge dei så høgt at dei får vere i fred for kattane. Og no til jul har vi sjølvsagt også hengt opp julenek med raud sløyfe - men det trur eg no er mest til pynt både for menneskje og fugl:-))

    SvarSlett
  3. Eg vil ynskje deg og dine ei velsigna jolehelg frå oss her inne i Modalen og takke for kjekke kommentar på bloggen min i året som gjekk!

    Klem!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!