Det er sikkert mange som skal ete kalkun til nyttårsmiddag i morgon, og då har eg eit tips til eit supert tilbehør! Eg hadde kalkun til middag i dag, og då serverte eg heimelaga tranebærchuthney til!
Dersom du er heldig å få tak i ferske tranebær (noko eg ikkje var), så kan du bruke denne oppskrifta:
200 gram ferske tranebær
50 gram sukker
1/2 dl portvin
Putt alt i ei gryte og småkok forsiktig i 20-30 minutt.
Dersom du ikkje finn ferske tranebær, brukar du tørka. Det er dei tørka som er mest vanleg i Noreg og er å få tak i på dei fleste butikkar. Med tørka tranebær brukar du denne oppskrifta:
150 gram tørka tranebær
50 gram sukker
1 1/2-2 dl portvin
Putt alt i ei gryte og småkok forsiktig i 20-30 minutt.
På frukt.no kan du lese at tranebær er i same familie som blåbær og tyttebær, så tranebærchutney kan brukast der du elles ville ha brukt tyttebærsylte. I tillegg til å smake godt, er dei proppfulle av antioksidantar og nyttast til førebygging av urinvegsinfeksjonar, dei hemmar bakteriane som forårsakar magesår og motverkar viruset som gir omgangssjuke! Med andre ord; tranebær kan med fordel vere ein del av kosthaldet ditt!
Tranebær er også nydeleg i godt brød eller i grove kjeks!
Kalkun er fast 1.juledag hos oss, men eg skal ta vare på oppskrifta og lage denne chutney-en neste år:) Var forresten veldig fornøgd med sage and onion-stuffingen min i år, den smakte det engelsk av:)
SvarSlettØnskjer deg og familien din eit godt nytt år i indre strøk!
godt nytt år Tove...til deg og dine!!!
SvarSlettklem fra tara & mikael:)
Happy new Year!
SvarSlett