torsdag 30. desember 2010

Tilbehør på tampen!

Det er sikkert mange som skal ete kalkun til nyttårsmiddag i morgon, og då har eg eit tips til eit supert tilbehør! Eg hadde kalkun til middag i dag, og då serverte eg heimelaga tranebærchuthney til!

Tranebær

Dersom du er heldig å få tak i ferske tranebær (noko eg ikkje var), så kan du bruke denne oppskrifta:

200 gram ferske tranebær

50 gram sukker

1/2 dl portvin

Putt alt i ei gryte og småkok forsiktig i 20-30 minutt.

Dersom du ikkje finn ferske tranebær, brukar du tørka. Det er dei tørka som er mest vanleg i Noreg og er å få tak i på dei fleste butikkar. Med tørka tranebær brukar du denne oppskrifta:

150 gram tørka tranebær

50 gram sukker

1 1/2-2 dl portvin

Putt alt i ei gryte og småkok forsiktig i 20-30 minutt.

frukt.no kan du lese at tranebær er i same familie som blåbær og tyttebær, så tranebærchutney kan brukast der du elles ville ha  brukt tyttebærsylte. I tillegg til å smake godt, er dei proppfulle av antioksidantar og nyttast til førebygging av urinvegsinfeksjonar, dei hemmar bakteriane som forårsakar magesår og motverkar viruset som gir omgangssjuke! Med andre ord; tranebær kan med fordel vere ein del av kosthaldet ditt!

Tranebær er også nydeleg i godt brød eller i grove kjeks!

3 kommentarer:

  1. Kalkun er fast 1.juledag hos oss, men eg skal ta vare på oppskrifta og lage denne chutney-en neste år:) Var forresten veldig fornøgd med sage and onion-stuffingen min i år, den smakte det engelsk av:)
    Ønskjer deg og familien din eit godt nytt år i indre strøk!

    SvarSlett
  2. godt nytt år Tove...til deg og dine!!!

    klem fra tara & mikael:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!