lørdag 25. juli 2009

Søtt…

Det var ikkje berre synet av alle dei deilige bringebæra som var søtt. Søtt var også biletet av den gode jenta mi, som i sommarkjole og støvlar trakka seg veg gjennom det høge graset for å kome fram til bringebærbuska.

Tove, sommar 002

Ho brydde seg ikkje om at det regna. Håret hang vått nedover andletet, men det gjorde ingenting så lenge alle desse søte, gode bringebæra venta på henne. Ho var så tindrande då ho kom inn på kjøkkenet og skulle lage sylte. Augene strålte då ho sette seg ved kjøkkenbordet og gjorde seg klar.

Tove, sommar 004

Mamma fekk berre så vidt assistere. Leite fram skåler og anna ho måtte trenge. Seie stopp når sukkermengda vart for stor.

Eg treng vel ikkje seie at sylta vart god. Den vart oppbevart i ei lita skål heilt til vi skulle ete kvelds. Nokre heldige aniskringler fekk følge av den søte sylta.

Tenk så enkle gledene kan vere.Tenk så mykje lukke ei skål med bringebær kan skape….

6 kommentarer:

  1. Syns jeg kan se for meg jenta di der ho går frem mot bringbærbuskene og gleden ved å lage sylte.

    Ei koselig skildring av en hverdagslig ting. absolutt et sommerminne :)

    SvarSlett
  2. Eit koselig sommerminne:) Smakte nok veldig godt. God helg:)

    SvarSlett
  3. Ser nydelig godt ut!
    Herlig sommerminne dette;)
    Klem fra Maja

    SvarSlett
  4. når du beskriv det så vakkert - får vi lyst til å finne ein kvan å plukke bringebær med!

    SvarSlett
  5. mmmm...kor deilig

    Du eg har en pose med litt klær eg lurte på om du ville overta for ho Sina. Eg har stengt salgsbloggen så det er litt ting eg skal gi vekk derifra:) Hvis du vil ha dei så sei ifra.
    Ha en fin dag
    Klem

    SvarSlett
  6. Kan nesten sjå den lille snuppa forran meg der hun går mot bringerbärbuska.

    Håper dere andre fikk smake av den gode sylta.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!