Når håpet er som lengst borte, er trøysta og omsorga likevel nær. Med mjuke hender tørkar dei bort usynlege tårer. Seier dei rette orda og mildnar smerte, sorg og angst.
Ei sjukeseng har vorte ein god og verdig stad å avslutte livskapittelet. Fordi nokon er der. Fordi nokon ser. Fordi nokon bryr seg.
Nokre er heldige og får tilbringe livshausten i si eiga stove. Dei har det godt og trygt, vel vitande om at dei mjuke hendene snart bankar på døra. Snart står i stova for å lindre og hjelpe.
Kanskje ta seg tid til å prate litt, kanskje rekke ein kaffislurk. Og heilt sikkert ta seg tid til eit klapp på kinnet før dei går. Eit fast og godt handtrykk med lovnadar om at alt skal gå bra og at dei allereie neste dag skal sjå kvarandre igjen.
Nokre englar får også lov til å tørke dei aller minste tårene. Tårene som ingen heilt kan forstå. Som kanskje ikkje vert sett ord på. Som får hjartet til å blø.
Då går englane rundt og spreier håp og glede for små born som treng nokre glade stunder i ein trist kvardag. Dei motiverer foreldre, jublar med dei når det går rette vegen og sørgjer med dei når håpet svinn.
Heldige er dei som har englar til å passe på seg. Som får ein verdig start på nytt liv, eit verdig framhald på livet ein er godt i gong med, eller ei verdig avslutning på langt og levd liv.
Vi må halde fram å be om at slike englar skal få meir tid til å gjere jobben sin. Den kampen må vi aldri gi opp! Og fram til det skjer må vi berre takke for omsorga deira, på gangsmotet deira og den indre driven som får dei til å gjere så mykje godt for så mange menneske.
Takk og lov for at vi har englar på jord.
Takk til alle sjukepleiarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og andre som dagleg har andre sine liv mellom hendene!
PS! Dette innlegget er ikkje skrive til forkleinelse for andre som i sine yrker gjer ein eineståande innsats for andre. Det er mange kvardagsenglar som syt for at alle skal ha det bra!
Er så hjertens einige m dej Tove...E vel ganske heldige so he monge slike i min daglige omgangskrets også :-)
SvarSlettDine ord kunne vært mine...
SvarSlettJeg har en dyp og stor respekt for hver en helsearbeider som jobber dag og natt, med barn eller eldre, som er der uansett. Vi aner ikke hvor heldige vi er her i landet.
Jeg opplevde det jeg har gruet for et helt liv idag. nemlig å forlate min gamle og kreftsyke far på sykehjemmet. å dra fra han uten at han kunne bli med hjem...det er så hjerteskjærende, så sårt. en voksen mann som har vært min klippe, er plutselig en kropp som trenger pleie. men han er likefullt min far. jeg priser meg lykkelig for at vi bor på en liten plass, der alle de fantastiske pleierne kjenner både pappa og meg godt. jeg vet at han er passet på fullt ut hele døgnet. det er ei trøst...
Så fint at du skreiv om dette. Eg er så einig så einig og har stor respekt for arbeidet og omsorgen deira. Men det er ikkje alle som får sagt det som du. Du er utruleg!
SvarSlettFint skreve dette.. du e så flink te å sette ord på ting.
SvarSlettNydeleg skreve..
SvarSlettAll ære til dei som står på dag og natt for at våre pleitrengande skal ha det godt..
Men som dei seier, vi skulle hatt meir tid til å prate med dei..
(Har sjølv far min på sjukeheim)
Om du har tid ein vakker dag kan du (om du vil) sjå innom bloggen min...
God natt...
Nydelige ord Tove.
SvarSlettØnska deg riktig fin ny veke
Klem
Signerer!!!
SvarSlettEllers gøy å høre at du har tilbragt barndomssomre her på østlandet:-)
Så flott honnør til denne yrkesgruppa som gjer ein så god og viktig jobb, og så fine illustrasjonar du bruker! Takk for at du bruker bloggen din til slike gode, tankevekkjande innlegg!
SvarSlettVakkert skrevet Tove. Sitter på jobb med klump i halsen.
SvarSlettStor klem sendes din vei!
Christel
Det är vackert skrivit =), men det är så synd att dem inte blir mer satt pris på, många flotta personer som jobbar inom vården som inte orkar mer, av all helsepersonal, som inte orkar mer och slutar.....när man hur dem løper och det inte är personal nok.....klart dem bränner sig fort ut.....
SvarSlettMen det finnes många Änglar i detta landet som førtjänar så mycket mer...vet det av erfarenhet....
Ha en fin vecka
Kram
Mia
Engler kommer ialla skepnader og störrerlser. Dem finnes overallt.
SvarSlettDer du minst aner det.
Men alle fortjener en hilsen og takk for den jobben dem gjör.
Klems meg.
ett par til deg inne hos meg
SvarSlettNYDELIG!
SvarSlettTakk for at du skriv om kvardagshendingar som rører! Vil gjerne lese meir her.
SvarSlettHar fulgt bloggen din lenge :)
SvarSlettMå bare si at du har en egen evne til å sette ord på ting, en måte som rører meg.
Du er en fantastisk flink blogger som tar opp mange forskjellige temaer.
Stå på videre, ønsker deg og dine en fin somar vidare.
Klem Marianne