Det var ikkje berre synet av alle dei deilige bringebæra som var søtt. Søtt var også biletet av den gode jenta mi, som i sommarkjole og støvlar trakka seg veg gjennom det høge graset for å kome fram til bringebærbuska.
Ho brydde seg ikkje om at det regna. Håret hang vått nedover andletet, men det gjorde ingenting så lenge alle desse søte, gode bringebæra venta på henne. Ho var så tindrande då ho kom inn på kjøkkenet og skulle lage sylte. Augene strålte då ho sette seg ved kjøkkenbordet og gjorde seg klar.
Mamma fekk berre så vidt assistere. Leite fram skåler og anna ho måtte trenge. Seie stopp når sukkermengda vart for stor.
Eg treng vel ikkje seie at sylta vart god. Den vart oppbevart i ei lita skål heilt til vi skulle ete kvelds. Nokre heldige aniskringler fekk følge av den søte sylta.
Tenk så enkle gledene kan vere.Tenk så mykje lukke ei skål med bringebær kan skape….
Syns jeg kan se for meg jenta di der ho går frem mot bringbærbuskene og gleden ved å lage sylte.
SvarSlettEi koselig skildring av en hverdagslig ting. absolutt et sommerminne :)
Eit koselig sommerminne:) Smakte nok veldig godt. God helg:)
SvarSlettSer nydelig godt ut!
SvarSlettHerlig sommerminne dette;)
Klem fra Maja
når du beskriv det så vakkert - får vi lyst til å finne ein kvan å plukke bringebær med!
SvarSlettmmmm...kor deilig
SvarSlettDu eg har en pose med litt klær eg lurte på om du ville overta for ho Sina. Eg har stengt salgsbloggen så det er litt ting eg skal gi vekk derifra:) Hvis du vil ha dei så sei ifra.
Ha en fin dag
Klem
Kan nesten sjå den lille snuppa forran meg der hun går mot bringerbärbuska.
SvarSlettHåper dere andre fikk smake av den gode sylta.