mandag 2. mars 2009

Travle dagar...

Når altfor mykje skal pressast inn på altfor kort tid, MÅ det på eit eller anna tidspunkt gå ut over noko. Siste veka har eg "liksom" hatt vinterferie. Det skulle vere ei veke med rekreasjon, adspredelse, avslapping, turgåing og alt anna som høyrer med til ordet FERIE. Slik vart det ikkje. Bombe.

001

Eg hadde ein dag fri, og den vart flittig nytta til husvask. Det var sjølvsagt kjekt å vere i Oslo, til trass for at eg opplevde at det er ein måndagsstengt by. I staden for å traske i butikkar, skulle eg vere kulturell og besøke galleri og museum, men: STENGT! Ingenting innanfor gåavstand for ein småsjuk sunnmøring var altså stengt. Så då enda det med litt shopping likevel. Eg viste sunt måtehald, så Visa-kortet gjekk seg ikkje varmt, og det var stort sett til ungane eg handla. Bombe.

005

Eg var likevel så heldig å gå meg rett på desse tekoppane! Det er ei kjent sak at Indiska har mykje fint,og denne dagen fann eg  dei vakraste tekoppane eg nokon gong har sagt! Indiska har fått grafisk designer Lisa Bengtsson til å designe ein serie til dei, og det samarbeidet vil eg påstå har vorte ein ubetinga suksess! 

006

Så utruleg vakkert, så utruleg sart, så utruleg feminint, så utruleg estetisk - og så UTRULEG DUMT at eg ikkje kjøpte meir enn ein kopp!!!! Eg tenkte sjølvsagt på at alt skulle vere med heim og at eg hadde begrensa med plass. Vel, vel, det ser ut til at det vert fleire turar til Oslo - kan Indiska sørge for å ha desse i butikken ei stund, PLEASE???

 016 

Her ser du den vakre koppen frå innsida. Tenk så deilig å sitte i godstolen med denne koppen i hendene. Ein kopp til å verte i godt humør av!

018

Denne krusa fekk også vere med heim. Endå eit Indiska-produkt eg ikkje klarte å gå ifrå... Eg har faktisk tenkt å vere så raus at eg skal gi den vekk til ei venninne som treng den! No kan de lure.....

 021

Så kjekt med litt fargar!

033

Det har dessverre vore dårleg med tid til å besøke mine medbloggarar rundt omkring. Det er så vidt eg har hatt tid til å opne bloggen, så besøksrunder og kommentarar frå meg har det vorte lite av... Eg lovar å kome sterkare tilbake, når eg berre får litt betre tid!

039

Resten av denne veka skal eg tilbringe i justisens teneste, nok eit pliktoppdrag som eg har pådrege meg.... Utruleg spennande å få vere ein del av det norske rettssystemet, sjølv om eg heller skulle ha likt å vere på jobb og heime med ungane mine.

  046

Om eg er heldig kan det hende eg klarar å lure meg til ei lite bloggrunde på kveldstid. Har så mykje eg vil skrive om, så mange eg vil innom og så mange kommentarar eg vil dele ut! Enn så lenge skal de alle vite at eg har kvar og ein av dykk lagra på harddisken - det er ikkje til å unngå at de er i tankane mine!

048

Eg har forresten kjøpt meg måneskinnslampe i dag!!! Har gått så lenge og hatt lyst på ein av desse vakre lampane frå Nordal, og i dag vart denne med meg heim, gitt! Mann og barn hadde ommøblert heile stova då eg kom heim etter ei travel politikkhelg, og då var der ei litt for mørk krå i stova som måtte få seg ein lampe! Vi har ikkje fått montert den opp endå, men gjett om eg gler meg til å få lys i den!

 041

Ynskjer alle ei fortsatt god veke!

Eg er brått tilbake!

 

8 kommentarer:

  1. Hei på deg, og velkommen heim igjen. Du skal ikkje ha dårleg samvit for noko. Det er slik livet er!

    Nydeleg kopp frå Indiska. Eg trur eg må innom der denne veka. Du inspirerer med slike innlegg.

    Ha ei god veke, du og dine!

    SvarSlett
  2. Hei ToveO=)

    Velkommen hjem fra hovedstaden.... den koppen var bare så utrolig fin..nydelig farge og mønsterO=)
    Her var det fantastiske flotte bilder i dag Tove, ja hver gang er det det altså.

    Koser mg her inne hos deg... du må huske å ta vare på deg selv i denne travle tiden nå da. Klemmer Kerstin

    SvarSlett
  3. Den tekoppen var utruleg lekker...eller kanskje vi like gjerne kan seie delikat?
    Er med på mandagstema der delikat var dagens ord, he he...
    Ein skal aldri ha dårleg samvet for noko her inne, ein bloggar, les og kommenterar når ein har tid, lyst og anledning...
    Vi er her for kvarandre i tjukt og tynt!!
    Klem

    SvarSlett
  4. Hallo:)nydelig tekopp du hadde kjøpt..
    HA EN STRÅLENDE DAG:)STOOOOR KLEM:)

    SvarSlett
  5. Ferie er oppskrytt Tove! Alt det vi skal rekke på noen skarve fridager lager mere stress enn det vi har i hverdagen har jeg erfart...
    Synd du ikke fikk med deg kulturelle opplevelser i Oslo, men jammen godt du fikk kjøpt noen lekre tekopper i stedet .)

    Klem

    SvarSlett
  6. Ja. Sånn er det - been there, done that! Husk å puste mellom slaga. Hjelper med en pen lampe og kopper som passer til. Nydelig ting. H.

    SvarSlett
  7. For noen nydelige kopper! Og utrolig flotte bilder.

    SvarSlett
  8. Tenkte faktisk på deg her ein dag eg satt med avisa. Var eit eller anna politisk greier ( huska ikkje kva) Der du ha lurt deg med på eit bilete. Da tenkte eg (og grubla) over alt du får tid til i livet ditt. Er imponert.
    Så ikkje ha dårlig samvit om du ikkje får tid til blogging i periodar. Livet består av viktigare ting. Det veit vi alle.
    Flotte koppar du har fått deg også:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!