Av alle dei hemmelege ingrediensane eg brukar når eg lagar mat, er sitron min absolutte favoritt!
I tillegg til å setje prikken over i`en i maten du lagar, har sitronen uante moglegheiter!
Dersom du er korsongar, bør du alltid ha med deg ei flaske med vatn og sitronsaft. Du kan bruke sitronsaft på flaske, men det er absolutt best med fersk pressa sitronsaft.
Sitronsaft blanda med salt kan fjerne rustflekkar på kle. Ha blandinga direkte på flekken og la det ligge 10-15 minutt, skyl deretter av med kaldt vatn og kast i vaskemaskina.
Vask sitronen godt, rasp skalet og bruk det i deigen når du skal lage rundstykker. Du kan også bruke det i kjøttsausen når du lagar bolognese, strø det over kyllingfilètar, kyllinglår eller fiskefilètar. Det er berre fantasien som set grenser!
Når du kjenner at forkjølinga kjem snikande, må du alltid ha sitron på lur. Skjær opp ein sitron i skiver og legg den i ein stor tekopp. Dryss over litt chilipulver og slå over kokt vatn. La det trekke ei stund før du drikk det. Kan evt søtast om du synest det vert i suraste laget. Del ein sitron i to og press ut safta. Safta brukar du i matlaginga eller du drikk den, dei to ferdigpressa sitronhalvene set du albogane dine opp i. Då får du mjuk og fin hud med ein gong! Du kan vaske hendene dine i sitronsaft når du har arbeidd med illeluktanede saker; fisk, løk etc.
Vatn med sitronsaft er kvalmedempande! Anten du er gravid, har hatt ein fuktig kveld på byen eller har spysjuka - sitron er god medisin!
Dersom du er igong med din andre ungdom, eller har tenåringar i hus, kan du bruke sitronsafta til å smøre på kvisene!
Dei eteriske oljane i sitronskalet er bra for mangt og mykje om du puttar det i mat eller drikke: infeksjonar i mage og tarm , ved dårlig appetitt, sure oppstøt, magesår og mykje, mykje meir. Dei eteriske oljane har endåtil god effekt på feber!
Til slut må det nemnast at sitron også kan brukast til pynt! I dag medan eg stulla rundt med vaskefille og støvklut, kom eg brått på at eg kunne putte sitronar i nokre lysestakar. Så no har eg sitronar både i stova og i kjøkkenglaset! Det må vere gulfargen som har trigga fantasien min!
No ynskjer eg alle ei strålande helg, med ein dæsj sitron i alt du et og drikk!
I morgon og søndag skal eg på årsmøte i Kristiansund, så då det vert stille på bloggen! Håper du kosar deg her likevel!
(Det aller fyrste biletet har eg lånt her)
Heia. Arig innlegg om sitronen. Jeg er også glad i sitron og syns den setter en spiss på mange ting. men jeg er ikke så flink til å presse den selv,- jeg er glad i den grønne flaska...
SvarSlettGod helg til deg.
Jøss, med hånda på hjertet så hadde jeg ingen anelse om alle disse rådene! Takk som deler!
SvarSlett-Kristiansund, du. Betterdø ikke langt unna Smøla heller du, da. Kos deg i baill-byen vår, da:-)
(spis på brasseriet-bryggekanten restaruant!!anbefales!)
Takk for gode råd!
SvarSlettGod sitron helg til deg også;)
Har faktisk et par i kjøleskapet jeg også....
Ang tips til korsangere....jeg har også hatt med meg en flaske sitron i sangerveska, inntill en dirigent sa til meg at de anbefalte det ikke...pga slimdannelse i halsen...ha du hørt nåkka så tullat...æ slutta da, men innrøm at før opptredena, ja da svelg æ sitronsaft så det hold.....lalalalla
SvarSlettHeia Søta!
SvarSlettDa lærte jeg litt i dag også gitt. Sitron er jummi, men må innrømme at jeg er flittigst på sommeren. Mmmm, over nygrillet kylling, skalldyr, salat. Ooo, blir rett sulten og jeg kjenner magesaftene gjør seg klar bare ved tanken.
Nå skal jeg straks krype til køys. Tror jeg rekker det før i dag blir til i morgen. Og i morgen må du ha en riktig god tur til Kristiansund og ett produktivt møte!
Eplekos
Jøss, NÅ lærte jeg mye nytt her :-))
SvarSlettEit estetisk vakkert innlegg, i tillegg til mykje nyttig! Eg blir stadig overraska over alt du kan og veit, Tove :-) Trur du det med rustfjerning funkar på gamle flekkar også? Har eit gammalt, vakkert putevar med nokre små, men skjemmande rustflekkar. Det skadar vel ikkje å prøve :-)
SvarSlettHa ei god helg og god tur til Kristiansund!
Hvem i all verden lærer deg alt du kan og vet?
SvarSlettJeg er lærenem, så jeg tar med alt!
Og stikker innom her når jeg skal spre denne infoen til gode venner..
Alltid greit å lære noe nytt!
God helg, igjen!
Nunne.
Takk for mange gode tips Tove!
SvarSlettKlem og god lørdagskveld fra meg .-)
Her var det mange gode tips! Skal prøve sitron neste gang e laga rundstykker!
SvarSlettGod helg!
:-D Stilig!
SvarSlettMonica
Hei hei
SvarSlettHer var flotte bilder og mykje nyttig å legge seg bak øret. Eg forstår no at sitronen er undervurdert..... Den var berre knallstilig som pynt. Ein ny påsketradisjon kanskje....
Ha ein super dag
Smil frå Lill
Så mange fine tips! Skjønner at jeg bruker alt for lite sitron :D At det er kvalmestillende har jeg fått erfare, gikk med mye sitron under svangerskapene ;) Artig pynt også! ønsker deg en god ny uke- klemmer fra Gunhild.
SvarSlett