torsdag 19. februar 2009

...om eg berre var ein mann...

Det enklaste er å bestille hotellrom. Å bakse seg gjennom flyselskap sine nettstadar for å finne billegaste flybillett., enkelt som berre det. Å lese seg gjennom sakspapir og aktuelle artiklar går som ein leik. Det er heller ikkje vanskeleg å organisere alt på heimebane slik at mann og barn skal ha alt dei treng medan eg er vekk.

Det aller mest vanskelege er å finne ut kva ein skal ha på seg!!!! Det er vel eit kjent dameproblem, kanskje?

mann

(Foto: Ricco Vero)

Eg har ofte vore misunnleg på mannen min. Han tuslar seg berre inn i klesskapet, hentar dressen, varierer med ei skjorte eller fem og plukkar seg eit slips. Kor enkelt er vel ikkje det???

Når eg skal på vift må eg må bruke dagesvis på å planlegge, tenkje ut, prøve, vurdere, eliminere, kanskje kjøpe noko nytt, eller i verste fall: halde meg heime!

mann1 

(Foto: Ricco Vero)

Eg er ofte på møte og skal representere folk og fedreland, og då må eg vere både praktisk, presentabel, anstendig og aldri bruke same antrekket mange gongar på rad. Skal tru om menn veit kor vanskeleg vi har det? Ein dress, eit slips, kvit skjorte måndag, lys blå skjorte onsdag og svart skjorte fredag - kan det verte enklare enn det? Ved å bytte ut dressbuksa med ei dongeribukse kan dei gjere antrekket litt meir casual - ny look i ein fei!

mann2

På måndag skal eg til Oslo, og tankane mine er berre ein stad: i klesskapet! Eg vrir hovudet mitt for å finne ut kva eg skal ha på meg. Kanskje eg må gjere nokre innkjøp før eg reiser? Eller skal eg ta sjansen på å finne nye kle i Oslo? Det seier seg sjølv at antrekket må stemme når ein skal vere einaste dame på eit mannsdominert møte.

Ja, ja.... Eg har tre dagar på å finne ut av det store klesproblemet. Det blir hard jobbing og fullt fokus, men eg kjem nok i mål!

... om eg berre var ein mann!

(Til orientering: Dersom det er menn der ute som dreg dette fullstendig opp i nasen, så må det nemnast at eg er fullstendig klar over at menn òg har kvaler når det gjeld antrekk. Husbonden er utruleg kresen når det gjeld kle, så det skjer faktisk at han brukar mykje lenger tid på å kle seg enn meg! )

7 kommentarer:

  1. Ja tenk om ;)
    Men det er jo mange fordeler med å vere dame også :)
    God tur til oslo - kos deg
    klemma fra monika

    SvarSlett
  2. Gjett om eg kjenner meg igjen!!! Og så er det om å gjere å late som om ein ikkje bruker så mykje tid på det heller. Og kofferten skal helst ikkje vere for stor...men eg angrar alltid på at eg ikkje tok ein litt større koffert likevel, med plass til litt til. For det eg syntest var genialt då eg pakka, følest litt keitete og feil når eg endeleg skal ha det på.

    Sukk! Men det er pittelitt kjekt også da... :-)

    SvarSlett
  3. Tanken har slått meg ja. Men søren heller!
    Litt betre å vere kvinne... klesmareritt eller ikkje:) Men du har då kjempemasse fint i skapet ditt! Du er både fargerik og har god smak. Sikker på du finn noko fint:)

    SvarSlett
  4. Dette var en kjent problemstilling, gitt. Men menn ser det nok ikke slik.

    Ei venninne av meg arrangerte felles 40-årsdag for seg og mannen. Ordnet mat, vasket hus, ba folk, organiserte klær til seg og de tre ungene og da det var en halv time igjen til gjestene skulle komme, kom mannen inn fra fjøset og sa:"Hva skal jeg ha på meg da?" Da var fruen rød-glødende...

    Dersom du skal være eneste dame blandt mange menn, så tenker de bare over klærne dine hvis du har svært lite av dem på, og det anbefaler jeg ikke nå i kulda, hehe.

    Ha en flott Oslo-tur.

    SvarSlett
  5. Husbonden da..han er vel glad du er kvinne...vil eg tru.....God tur da..spent på kva hotell da vart??

    SvarSlett
  6. Menn bruker nok kortere tid enn oss ja, men jeg liker å pynte meg/vurdere antrekk osv. Det eneste jeg ikke liker er å pakke koffert. Aner ikke hvorfor? Ha en fin helg.

    SvarSlett
  7. Innlegget ditt har definitivt mange gode poeng. Men jeg må innrømme at jeg ble såpass distrahert av de usannsynlig kjekke dress-mennene dine der, at jeg mistet fokus og ikke har noe særlig fornuftige innspill å komme med! Mannfolk i dress er bare snaskens! :) Ha ei flott helg i klesskapet, og god tur til Oslo!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!