torsdag 19. februar 2009

Ei lite tulle med auge blå...

Eg er så heldig å få eige litt i denne nydlege, lille frøkena!

Sannah

Lille Sannah er eitt av tantegulla mine, og er ei blid og strålande jente! Ho går i same barnehage som lissjesnuppa mi, så eg er heldig og får treffe henne kvar dag! Når eg kjem og skal hente Sina, er det som regel Sannah som kjem springande fyrst, og får krype opp i tantefanget og kose litt.

Sannah1

Før jul skulle dette mirakelet forevigast framfor kamera. Sannah har ikkje vanskar med å vere midtpunkt, så fotoseansen gjekk som ein leik! Det er Fotograf Ma som har teke bileta. I tillegg til at ho er ein dyktig og engasjert fotograf, har ho eit heilt eige lag med born - det ser du vel??? Det er ei spesiell oppleving å verte fotografert av Ma. I haust pussa Ma opp gamleskulen i bygda og laga den om til topp moderne fotostudio.

Sannah2

Litt Anne Geddes over desse bileta, kanskje? Eg er så glad i bilete med få effektar, som får fram det eineståande og vakre i motivet! Sjå kor herleg Sannah har det i den gamle trebøtta!

Sannah3

Har du sett så skjønn ei trulte??? Ikkje rart tanta er stolt...

Om ikkje lenge er det ungane mine som skal besøke Ma i studioet. Eg grur meg aldri så lite, for eg kan ikkje sjå for meg at alle tre skal vere like smilande blide på akkurat same tidspunkt! Men eg uroar meg utan grunn; Ma veit kva ho styrer med!

Du bør verkeleg ta turen innom Ma sin blogg. Her kan du sjå fleire fantastiske bileter ho har teke, og så skriv ho så vakkert om stunda ho har hatt i studio ilag med dei ho har fotografert.

Eg er så glad for at eg kjenner denne flotte dama! Ho har meir mot enn mange eg kjenner, og eg beundrar hennar særeigne evne til å sjå det positive i alt!

(Eg har lånt bileta med tillatelse frå systra mi, Linda)

10 kommentarer:

  1. eg må berre flire...
    sjekk bloggen min så forstår!!
    vi tenker bra likt..på nøyaktig same tid også:)

    men vi er bra heldige som har ei niese som er så søt og snild...

    (flira bra når eg såg tittelen på siste innlegget ditt dukka opp på sida av bloggen min..flirar enda!)

    SvarSlett
  2. vi laga det sikkert omtrent samtidig..for eg hadde litt problem med å legge det ut..brukte et par minutt før writeren ville publisere innlegget.

    hehe...creepy:)

    SvarSlett
  3. For nokre herlege bilete:)

    SvarSlett
  4. Virkelig herlige bilder av sjarmtrolletO=) Skjønner du er glad for å være tante til denne skattenO=)

    ha en fin dag
    klem Kerstin

    SvarSlett
  5. Skjønn lita jente :) Småe barnehender og gode klemmer e det beste på jord!!!
    Har vært innom MA mange ganger og det er ei flott kreativ dame :) Tar nydelige bilder..
    Det blir nok flotte bilder av dine små også ;)
    Ha ei fin helg Tove!!
    Klem Anne

    SvarSlett
  6. Dette var flotte Bilder av ei flott jente:0) Og det enkle er oftast det beste:0)
    Ha ein fin fredag.
    Smil frå meg

    SvarSlett
  7. før jeg leste hele innlegget, tenkte jeg akkruat det samme; -det var noe Anne Geddes over bildene. knall-stilig! Flink ho der fotografen dokkers! Har jo sett innom hos henne før, når du har fortalt om henne. -også nusselig frøken og, da:-)

    SvarSlett
  8. For ei nydelig lita jente, det skinner i øyene hennes!! God helg til deg og dine!!

    SvarSlett
  9. Så utruleg skjønn du er, Tove!!!!
    Blei så kjempe glade for innlegget!
    Tusen tusen tusen takk for slike varmande ord, både fra deg og Linda.

    Vakre Sannah sjarmerte meg i senk, og det rekner eg med at dine tre skattar også gjer, Gleda meg veldig til å få besøk av dokke i studio. :)

    Tusen takk igjen, Vakre Tove. Din godheit og vakre ord sprer så mykje lys og glede.

    Takk for at du er fantastiske deg!!!

    klem klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!