tirsdag 17. februar 2009

Dottera til mor si...

Eg trur vesle Sina har vore med på å lage kvar einaste middag her i huset sidan ho var fødd. Karrieren hennar starta i sovestilling over skuldra mi, flytteaseg vidare ned til hofta og er no vidareutvikla endå eit hakk.  Ho sit ikkje lydig på golvet og leikar medan mor rører i grytene. Ho sit ikkje pent og pynteleg i tripp trapp-stolen og ser på. Og eg klarer ikkje å lure henne inn på stova for å sjå teiknefilm på TV eller lokke med godteri for å sitje stille og kose seg.

Denne dama veit å ordne seg! Ho tek kjøkkenstolane og dreg dei dit det måtte passe, klatrar frå stolen og opp på benken - og plasserer seg strategisk, alt etter kvar matlaginga foregår. Ho skal røre, bake, steike, raspe, skrelle og alt anna som høyrer matlaging til. Eplet ramlar ikkje langt frå stammen, ho er nok lik mor si denne frøkena...

I dag hadde vi fiskebollar til middag. Etter å ha rydda av bordet gjekk eg inn på stova for å legge ihop kle. Ikkje tenkte eg på at fiskebollepanna framleis stod på komfyren....

Det vart brått stille på kjøkkenet og Sina var ingen stad å sjå - eller høyre..... Klok av skade spratt eg på beina, og møtte dette herlege synet:

017

Panna hadde sjølvsagt ikkje fått stå i fred! Frøkena var tydelegvis ikkje mett, og fiska ut fiskebollar med nevane.

018

I tillegg måtte noko av sausen smørast over komfyrtoppen.

019

Ho hadde også kvit saus i andletet, på kleda, på besteskoa (som sjølvsagt er det naturlige tilbehør ein heilt vanleg tysdag med ullbody og strømpebukse!), på stolen ho stod på, på benkeplata og på golvet. Ho kastar  ikkje vekk tida denne knetta....

016

Skjennepreika sette seg sjølvsagt fast i halsen, for kven kan vel motstå noko så skjønt...???

21 kommentarer:

  1. Å nei og nei, for ei nydelig kokke. Denne dama får du nok mye hjelp av framover, ja. Men heller tørke litt søl når de viser interesse. Hærlig førkje! sier vi på Toten.

    SvarSlett
  2. For ei skjønn jente. Dei er så små og sjøre, men likevel så fulle av liv og idèar og ikkje minst pågangsmot.

    Ho kjem nok ikkje til å svelte ihjel framfor brødskuffa denne kjellå nei, heldig den mannen som får henne til husfrue ;)

    ha en flott kveld

    SvarSlett
  3. Hm, jeg sendte nettopp avgårde n kommentar her...Rett ut i cyberspace den da.

    Vel, så herlig historie og jente. Jeg kjenner meg igjen både med tanke på nysgjerrighet på grytene, klatriga på benkene og antrekket. Her går også finskoa til det meste.

    Simpelthen bedårende!

    SvarSlett
  4. Søt jente
    -OG jeg er imponert over mor som klarer å se kun det morsomme og søte i det...jeg vet ikke om jeg med hånda på hjerte kunne lovet å ikke lire av meg noen kvalte banne-regler...

    SvarSlett
  5. Herlig, ho veit å svinge vispen den vesle kjella der. Så godt når dei får delta og lære, sjølv om det av og til kan føre til litt ekstraarbeid for mor.

    SvarSlett
  6. Hehehe!! skjønne jenta!! :-)

    Monica

    SvarSlett
  7. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  8. Herlig unge og herlig historie. Du skriver så godt og beskrivende, så det er lett å se for seg hendelsen. Hun er nok moren sin datter når det gjelder kokkeleringen, men ellers ser det ut som at hun er en pappajente. Uansett; glimt i øyet har hun i massevis c",)

    SvarSlett
  9. Hehehehe...så hærlige da!! Ja, de skakje monge sekundas uoppmerksomheit før dei he funne på nokke "lurt" lol!!

    SvarSlett
  10. Lekkert - eller klisssete :)
    Flotte bilder iallefall
    klemma fra monika

    ps- kunne du tenke deg ein tur til moa neste veke - og kose oss litt :)

    SvarSlett
  11. Sjarmerende! ;)))

    SvarSlett
  12. Er det som MOR SÅ DATTER :0))
    Kjempesøte bilder av snuppa di:0))
    Trur du skal ta deg ein tur innom bloggen min:0))
    Stort smil

    SvarSlett
  13. En kokke i min smak må eg si.
    Hun veit å ordne seg.
    Vad må det bli av denne lille damen?
    Koslige bilder av den vesle jente.
    Det gav med dagens beste föleleser og en latter når eg sårt trengte det.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  14. Veit du Tove, eg forstår godt at den skjennepreika sette seg fast. Det må vere umulig å la vere å smile av den skjønne jenta di. Det siste bildet er så lekkert at det kunne ha gått rett inn i reklameverda. Det eg ikkje veit, er kva i all verda ho skulle reklamere for....

    Ha ein herleg kveld.

    SvarSlett
  15. inger elin b aam18/2/09 22:39

    ha ha ha ha ha, måtte berre skrive en kommentar her. ej flira høgt og masse når ej såg ditte. heilt nydeli:-)

    SvarSlett
  16. Hei og takk fo komentaren. Kunstnaren heiter Anne Marit Varpen og kjem frå Volda.

    Eg er heilt enig med deg, det er eit nydeleg bilete.

    SvarSlett
  17. Lille Sina lurelina :) Ho er eit lite fyrverkeri av ei jente. Er så glad for at tuppehønene går i barnehage i lag. Kan ikkje eg og Sannah bli med opp til dokke ein dag etter barnehagen?

    SvarSlett
  18. Så flink og hjelpsom hun er :-) Skjønn pike!

    SvarSlett
  19. Ei lita sjarmerene dame dette , kjekt å hjelpe mamma, om det blir litt søl, må me tåle det, herlig var hun iallefall.

    SvarSlett
  20. Herlig!
    For en fin blogg du har!
    Jeg er ganske ny på blogging og blir så imponert når jeg ser blogger som din! Hvordan lager du de fine rammene rundt og sånn!!?!?
    Flott blogg!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!