søndag 22. februar 2009

Ein doktor i skapet!

Eg er så heldig å ha min heilt eigen doktor. Han held til i skapet på badet, og passar på meg kvar einaste dag! Eg snakkar sjølvsagt om  Dr. Hauscha. Eg har rett og slett forelska meg i desse produkta! Ikkje fordi dei luktar godt, eller fordi serien er eksklusiv og forbeholdt dei få - men fordi dei held det dei lovar, i tillegg til at dei er prisgunstige samanlikna med andre hudpleieprodukt. Eg har snart prøvt det meste innan hudpleie, og sjølv om mykje er bra er det ikkje alltid samsvar mellom pris og kvalitet!  Når eg bruker Dr. Hauscha får eg mykje for pengane, har produkt som gjer godt for huda mi og som er framstilt på ein økologisk og miljøvennleg måte. Kan det bli betre???

030

Dr. Hauscha-produkta har vorte kjempepopulære rett og slett fordi dei har fantastisk effekt og fordi mange menneske har vorte miljøbevisste med omsyn til kva vi smørjer huda vår med.  Ingen av produkta er tilsette parfyme. Her får du luktene av det dei er laga av. Ikkje alle luktene er like gode, men alle er naturlege!

035034

Denne hudpleieserien er laga av dei beste råstoffa frå planter som er dyrka på økologisk måte og i viltveksande områder. Blomar og planter vert plukka for hand og foredla på ein skånsam måte slik at dei gode råstoffa vert bevarte.

033

Det som kjenneteikner Hauscha sine produkt er behandlingsprosessen, som er ein rytmisk prosess der olje vert trekt ut av plantene ved hjelp av naturlige rytmer, t.d. lys og mørke, varme og kulde, rørsle og ro.

037

Det er vel ikkje det minste rart at eg har forelska meg i desse produkta? For alle dei seks produkta som du ser på øvste biletet, betalte eg så vidt over tusen kroner. Det inkluderte også ei leirmaske, og du må tru eg og Ida kosa oss med den i går!

002

Medan resten av gjengen sat i stova og venta på MGP, gjekk vi på badet og leika hudpleiesalong. Først måtte det sjølvsagt rensast, peelast og så skulle leirmaska på.

007 

Det var litt rart då maska byrja å stivne! Det kitla på huda og det var vanskeleg å smile! Men du verden så spennande!

009

Vi jentene hadde kvalitetstid på badet i går! Ida er sjølvsagt altfor liten til å trenge peeling og leirmaske, men av og til er det kjekt å få prøve det same som mamma. Etter å ha skylt vekk maska, brukte vi skintonic, augekrem og ansiktskrem.

Leirmaska hadde eg ikkje prøvd før, men fekk den anbefalt av kjekke Mai Britt på helsekostbutikken i Ørsta. Eg kan med handa på hjartet seie at eg aldri har kjent huda mi så glatt, mjuk og pulserande før! Kva i alle dagar som er i denne leiren veit eg ikkje, men at det virkar er i allefall heilt sikkert!

040

Det kjem vel som inga overrasking at eg anbefalar desse produkta av heile mitt hjarte? Når sjølvaste Madonna er svoren tilhengar av Dr. Hauscha sine produkt, kan vel ikkje vi vere noko verre? Vi veit alle kor flott Madonna er...

Eg ynskjer alle ein strålande søndag - med eller utan doktor!

(Kjelde til faktastoffet  finn du her)

 

14 kommentarer:

  1. Nå frister du meg, merker at jeg nærmer meg 40 og at huden ikke er som den var...

    SvarSlett
  2. Kor artig :)
    Dette er sikkert noe for meg :O)
    Har baka bolla og sydd eg - sammen med ski på radioen
    Kos deg i oslo - har ei på veg dit eg og
    Klemma fra monika
    ps. når kommer du hjem og har du tid til ein moa tur da ??

    SvarSlett
  3. Det ser virkelig ut som du har flott hud også!! Jeg var på MaryKay party for et par uker siden og ble omvendt... Men blir jeg ikke fornøyd skal jeg jammen hilse på doktoren din jeg også :)

    SvarSlett
  4. Mmmm...ditte såg spannande ut...kansje me skal ta å prøve?? He sjøl ei hud som ikkje tåler noko særlig, so ditte må vel være midt i blinken! ;)

    SvarSlett
  5. En herlig stund på badet for mor og datter. Koselig! :)
    Jeg har noen produkter av dette merket også. Og ja, de er veldig gode.

    SvarSlett
  6. Er bare innom for å ønske deg ei god vinterferieveke.
    Kos deg!!
    Klem

    SvarSlett
  7. Hei Tove!
    Reknar med du er på veg til storbyen no. Tenk å få kose seg der, nyte eit par dagar av vinterferien, sjølv om eg veit det ikkje er berre kos, men også litt jobb.
    Ser at du og Ida har kosa dokke skikkelig på laurdagskvelden. Eg har ikkje jenter eg, men kanskje snart.

    Nyt ferien

    SvarSlett
  8. Dette må prøves... Så herlige bilder av snuppa da!! Klem

    SvarSlett
  9. Hmmm... To du imot dette tilbudet i steden for nettpoker? Bare lurer...

    SvarSlett
  10. Hei min venn,
    nå ble jeg fristet til å prøve ut noen av disse du...
    Selv har jeg litt ømfintlig hud og er veldig glad i Dermalogica.
    Og du så gøy at du har noen bøker av Rachel Ray!
    Har du bestillt de på nett eller?
    Noen av de som er favoritter?
    Jeg legger herved inn et ønske om et blogginnlegg om R.R.-bøkene... ;o)
    Og så må jeg si at her var mange fine innlegg siden sist jeg var innom :o)
    Fikk helt tårer i øyekroken av "Spede spira"-innlegget ditt.
    Det diktet minner meg så veldig om min kjære,kjære farfar.
    Han er et av de skjønneste menneskene jeg vet om!
    Han ble nesten 98 år,sovnet inn i sommer.
    Sådde alltid masse nydelige blomster og elsket naturen og dyrelivet.
    Han hadde et langt og godt liv,og var så utrolig heldig at han fikk bo hjemme hele livet!
    Ønsker deg ei fortsatt go uke :o)
    Kjerstiklem
    PS:Kjenner du til ei som heter Anette i Ørsta el. Volda,rundt 40 år,har bodd i Sandnessjøen for mange år siden...

    SvarSlett
  11. Dr. Hauschka hadde jeg ikke hørt om før...bra med nye bekjentskaper...kanskje jeg snart får en doktor i skapet jeg, også;)
    TAKK for tips, Tove!

    SvarSlett
  12. Dette så jo riktig så bra ut! Jeg føler aldri at jeg kommer helt i mål når det gjelder hudpleie...

    Det er en utfordring til deg inne hos meg.

    Ha en super kveld og tusen takk for alle de koselige kommentarene du gir meg :-)

    SvarSlett
  13. Hmmm, dette såg riktig så spennande ut...
    Eg med mi eksemhud toler nemleg veldig lite, og har vel stort sett prøvd ALT av hudpleieprodukt...Men dett tilbake på Spenol kvar gong, for den toler eg i alle fall!!
    Og ein ting som forundrar meg, det er at dei surmaga kommentarane ALLTIDT er anonyme...
    Hmm, kva kan det kome av??

    SvarSlett
  14. Blir så glad når jeg ser flere som oppdager slike herligheter! :) Er selv fan av den ansiktsmasken, kan varmt anbefales! (Ellers har jeg funnet mine andre favoritter hos Origins, også rent og naturlig. )
    Men sant det er deilig å glede seg til og nyte både morgen- og kveldsstell? ;)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!