onsdag 25. februar 2009

Kjøpt og betalt!

Det kan vere fleire grunnar til at eg skriv dette innlegget i dag:

1. Det kan så absolutt vere fordi eg er heime etter husmorferien min i Oslo. Eg har gangsperre i store delar av kroppen etter all gåinga og bæringa, men må nok innrømme at det vart meir gåing enn shopping! Det meste av det eg handla var til ungane - sjølvsagt! Einaste eg kjøpte til meg sjølv var ein eineståande tekopp frå Indiska (kjem eige innlegg om den seinare), og nokre beautyrelaterte produkt. Uansett, alt vart kjøpt og betalt!

kjøpt og betalt1

2. Den andre grunnen til at eg skriv dette innlegget kan vere på grunn av ein surmaga kommentar i forrige innlegg. Ein anonym person lurte på om eg kanskje var kjøpt og betalt av Dr. Hauscha sine folk i staden for Casino-folka.Eg ser jo den openberre koplinga: fyrst skriv eg eit innlegg der eg småergrar meg over tilbodet frå Casino-nettstaden, og så kjem der eit innlegg om Dr. Hauscha som heilt klart kan oppfattast som reklame. Men nei, eg er ikkje kjøpt og betalt av Dr. Hauscha! Grunnen til at eg skreiv om produkta er fordi dei er fantastisk gode, eg er oppteken av den økologiske og miljøvennlege framstillingsmåten og eg trengte noko å blogge om! Eg kan ikkje sjå skilnaden på dette, og det å blogge om Ikea sin nyaste kolleksjon, om Green Gate koppar og fat, og fattigmannssølv, om ranuklar, om prikka dukar, om fantastiske ingrediensar ein berre MÅ ha i skapet (oops, eg har visst blogga om det òg!), for ikkje å snakke om Ilse Jacobsen - med andre ord: lista over alt vi bloggarar bloggar om er LANG, og dei færraste av oss er vel kjøpt og betalt for å skrive om alt dette! Men det er klart vi vert påverka! Eg kjøpte til dømes mine fyrste Green Gate-produkt etter å ha oppdaga dei på interiørbloggar rundt omkring. Slik er det vel med mange av oss???

kjøpt og betalt2

3. Den tredje grunnen gir meg sjansen til å kome med eit hjartesukk, som for all del ikkje er kritikk til dei som har slikt på bloggen sin, men eg er ikkje særleg glad i desse reklamesnuttane som dukkar opp på bloggar. Då snakkar eg om dei som kjem etter innlegg som bloggeigar sjølv har skrive. Ein kan inngå avtaler som tillet reklame som kan relaterast til innhaldet i innlegget. Dersom eg skriv eit innlegg om kor glad eg er i å bruke ullkle på ungane mine, så kan det t.d. dukke opp ein reklamesnutt for Milo eller nettbutikkar som sel ullkle. I min spede bloggstart var eg inne på tanken om at dette kanskje var ein god idè, slik at eg kunne tene nokre kroner på bloggen min. Eg bestemte meg fort for at dette ikkje var noko for min blogg, nettopp fordi eg ikkje vil vere kjøpt og betalt! Mi personlege meining om min personlege blogg er at reklameinnslag ville ha gått ut over bloggintegriteten min. For ikkje å snakke om det estetiske uttrykket! Men for all del; eg klandrar ikkje dei som gjer det. Nokre bloggar har eit anna uttrykk enn min, der det kanskje passar betre inn.

4. Den fjerde og siste grunnen til dette innlegget, er vel kanskje at den surmaga kommentaren vart verande på netthinna mi i går. Eg vil for all del ikkje gi nokon inntrykk av at eg er kjøpt og betalt - for det er eg ikkje! Som sagt ser eg koplinga mellom Casinoinnlegget mitt og Dr. Hauscha-innlegget mitt, og at enkelte kanskje trur at eg vart kjøpt og betalt for å skrive om produkta.

Sukk..........

Det var ikkje eit slikt innlegg eg hadde tenkt å skrive i dag. Eg hadde sett for meg bileter av den skjønne tekoppen min, eller bileter av dei skjønne kleda eg kjøpte til jentene mine. Kanskje eit utdrag frå boka eg kjøpte til sonen min, eller eit forsøk på å skildre lukta av parfymen eg kjøpte til mannen min.

Men så vart det eit litt engasjert innlegg om kor vidt ein er kjøpt og betalt eller ikkje. Det måtte nok berre ut! For kome tilbake til alt det andre seinare.....

I dag skal eg nyte min einaste fridag i vinterferien - deilig!

(Eg ber så mykje om orsaking til dei to opphavsmennene bak bileta eg har brukt. Det var ikkje råd å finne ut kven som hadde teke bileta eller kven eg kunne kontakte for å finne det ut. Eg fann dei då eg søkte på "shopping" på Kvasir)

20 kommentarer:

  1. Kjære vene Tove..... Har ikke fått med meg dette jeg, men jeg blir like overrasket hver gang anonyme gidder å legge igjen sure kommentarer..... for et eller annet.
    Vi er jo forbrukere for f... og er selvfølgelig opptatt av ulike saker og ting. Og hva er vel ikke mere naturlig enn at vi blogger om det som opptar oss? Hva skulle vi ellers blogge om??
    At du er opptatt av alt annet enn Greengate og Ilse Jacobsen osv er det som gjør at bloggen din er så befriende å komme inn på. Du kjører ditt eget løp og har en blogg som enkelt kan skilles fra de fleste andre.....fordi du har DITT særpreg :-)
    Stå på!

    Klem Torunn

    SvarSlett
  2. Hei Tove
    Jeg er anonym,men slettes ikke spydig.Alle er ikke det...
    Synes du har en kjempefin blogg,du skriver om ditt hverdagsliv.Og for å være helt ærlig så blir det nok interiør og polkadottkopper for meg.Men...det er min mening,og vi er forskjellige,og takk for det.Fannt for lenge siden en kakeoppskrift hos deg,som brukes.
    Så fortsett som før du Tove,vær deg sjøl.Me like----
    Hilsen meg

    SvarSlett
  3. KJæreset Tove, HEV deg over denne kjiipe kommentaren. Skjønner at den sitter på netthinnen, irriterende , men det er vel sånn mange av oss er. Det slo ikke meg å tenke slik...,og de fleste bloggene er jo fulle av reklame for Tildabøker og Greengate kopper. Personlig tror jeg godt jeg kunne hatt reklame på min om jeg kunne leve av bloggen da (en besnærende tanke), men det er så urealistisk at jeg ikke tenker på det engang.Jeg storkoser meg med egen og andres blogger og stuller og steller i heimen og lar meg stadid inspirere! Skal garantert prøve doktoren din, varm klem fra Anette

    SvarSlett
  4. Halloen der ute på Halsane:0)
    Reklame..... tenkte ikkje på det ein gong eg då...... Synes det er veldig flott å få tips om ulike ting her rundt på bloggane. Anonyme som kjem med lite hyggelege kommentarar er langt ifrå noko koseleg lesing. Blir til at det kvernar oppe i hovudet.... gjorde det når eg fekk ein slik på innlegget mitt om Silje si trening....
    Og når du snakkar om reklame... det kjem ikkje på tale her inne hos meg heller. Den saken er klar :0) Gleder meg til å sjå tekoppen din eg:0)
    Stort bloggarsmil til deg Tove

    SvarSlett
  5. Hei Tove,

    Skjønner at du blir oppgitt over slike kommentarer.. Jeg tenkte også i begynnelsen over reklameinntekter, men fabt ut at det ble litt pes og ville nok ikke bli samme kosen over bloggingen. Da ville det heller blitt et race for å få flest mulig treff.. Og ikke minst det estetiske.. Har vi ikke nok reklame på de fleste nettsider vi er innom? Kos deg med bloggen og den nye koppen fra INdiska (Elsker INdiska!!:))..Klem fra Linda:)

    SvarSlett
  6. Hei! På tide å legge igjen ei helsing.. har vore innom nokre gongar, og det blir nok fleire! :)
    Skal prøve ut den hærlege gryte/suppa di forresten!! Såg himelsk god ut! :)
    Ha en fin dag, og det slo ikkje meg at du skulle være kjøpt og betalt.. Syns det er pinleg på vegne av dei anonyme som legg igjen slike små stikk!

    SvarSlett
  7. Hold deg for god til å legge slike kommentarer i hode min venn.
    Noen bare mangler litt takt og tone i denne bloggverden, oppførsel bør også gjelde i denne verden. og liker de ikke det en skriver, en man velkomen tilå klikke seg videre til neste blogg, DET er nå min mening!!

    Stå på jente, venter nå snart på å få sett den flotte te koppen din jeg :-)

    SvarSlett
  8. Husker foressten jeg fikk en stygg kommentar en gang jeg også. hele dagen var jeg opphengt i den ENE, alle de andre... glemte jeg desverre. Men slik er nå min hjerne...

    Egentlig er vi nå litt sårbare i dennebloggverden også. vi vil jo at folk skal like det vi skriver og gjør, ikke sant??

    SvarSlett
  9. Uff! kan kjenna meg att, og mest av alt ergra eg meg over at eg heng meg oppi slikt!
    Nei, dette må du ikkje bruke energi på! Me har vår "takt og tone" her inne og er inforstått med det! Og green gate er eg lei av! (unnskyld!unnskyld! unnskyld!)såå befriande med noko anna!
    Skal speide etter deg i neste veke, nappe deg i jakken og sei hei!;)
    Stå på! No ventar me på koppen og kleda!

    SvarSlett
  10. Forstår godt at denne komentaren satte seg litt fast hos deg. Det er ikkje noko kjekt å få negative kommentarar. Har lest begge innlegga dine å tanken om at du skulle vere kjøpt og betalt slo meg ikkje.
    Du skriv om ting som engasjerar deg og interiserar deg. Det er vel det ein blogg skal innehalde. TIng som bloggeigaren har lyst og interesse av og ha der. Så får dei som les den synst kva dei synst..
    Er ikkje alt eg les på andre sine bloggar som interiserer meg eller eg er einig i. Da går eg berre vidare til neste blogg..Utan å legge igjen ein komentar om at eg er uenig i kva det er ein bloggar om...
    Ha ein fin fri dag:)

    SvarSlett
  11. Hei igjen :-)
    Synd linken ikke virket, det må jeg få fikset.

    Her er nettadressen:
    www.euro-caravan.no

    Lykke til!
    Hilsen
    Mette

    SvarSlett
  12. Kjempekjekt at du gir oss gode tips om ting du er nøgd med.
    Det er no det som er kjekt med denne bloggverda at ein kan la seg inspirere. Eg har ikkje eigen blogg, men syns det er kjekt å kunne sjå kva andre styrar med.
    Nesten som eit ukeblad for meg.
    Nei hev deg over dei som er anonyme og skriv skit til deg. stå på. Alltid like kjekt å stikke innom bloggen din.
    stor klem frå anonym,sig

    SvarSlett
  13. Beklager - beklager - beklager... Synes du har en flott blogg, og den nettpoker vs doktorhudpleie-kommentaren kom helt feil ut. Ble skrevet som en litt ironisk "satt på spissen" -kommentar, men skjønner at inntrykket du sitter igjen med ble et annet. Er, i motsetning til alle andre her, ikke veldig bevandret i denne bloggverden. Men liker veldig godt å lese din blogg! Blir derfor helt feil hvis du sitter igjen med inntrykket av en anonym, kritisk leser. Igjen, BEKLAGER... skal skjerpe meg!

    SvarSlett
  14. hmmmm . ja ikkje alltid like greit - det er JO alltid noen som finner feil og tramper i bloggene våre :(
    Men ikkje bry deg med dei du.

    eg gleda med til å se ny koppen din - og ein anna gang når tiden strekker til - så finner vi på noe artig
    Smil fra monika

    SvarSlett
  15. Det kan være godt med en utblåsning av og til. Og etter den gleder jeg meg til bilder og reiserapport. :)

    SvarSlett
  16. Ser at du fekk orsaking frå den anonyme :-) Slik kan det gå viss ein skriv/seier noko og det blir oppfatta feil...men det fekk i det minste opp litt engasjement :-D

    Såg heller ikkje koplinga mellom kjøpt og betalt i dei to innlegga. Vart berre glad for tips eg. Har t.o.m. henta meg ei brosjyre på helsekost for å sjå nærare på produkta.

    SvarSlett
  17. Kjære vakre vene:) ikke hadde jeg fått det med meg, men det forundrer meg ikke. Helt enig i din konklusjon om tilfeldig markedsføring. Om det skulle være ikea, green gate eller som meg - som i dag har svart en blogger på ett blomster spørsmål og ref til arbeidsgiveren Plantasjen... nei - dette for holde! Ingen tror vel at hverken du eller andre er kjøpt & betalt, det blir dumt - og ferdig med det! men du... den te koppen vil jeg se. Kan jeg? Nyt dagen i sola med ungene, eller inne med bakst og andre ting. Stor klem fra meg

    SvarSlett
  18. Heisann Tove!
    Det er visst mykje som skjer i blogglandia på eit par-tre veker:) No har eg lese meg litt nedover på bloggen din, kosa meg med både tekst og bilete. Takk for tips om Dr. Hauscha, trur faktisk at eg skal investere i litt hudpleieprodukt snart, eg har gått tomt for Kaneboprodukta mine, kanskje skal eg prøve noko nytt?

    Utfordring til deg på bloggen min:)
    Ynskjer deg ein fortsatt fin vinterferie!

    Flott stykke om deg i Møre-Nytt i dag forresten! :) Du er flink!

    SvarSlett
  19. Godt det ble oppklart ang "kjøpt og betalt" :) Tenkte bare kommentere at det aldri falt meg inn at det kunne bli tolket slik, men da var det jo også bare en misforståelse.
    Hørtes nå deilig ut med husmortur til Oslo! :) ha en fin torsdag videre. stor klem!

    SvarSlett
  20. Hei! Har ikkje vist kven du var.. Men no har eg altså plasert deg! Artig.. Håvollig du altså. Gler deg vel til snart å få mange nye naboar??.. (Følger med på utviklinga gjennom Hege og Erik..)
    Har eg lagt igjen helsing her før altså?.. Jaja.. velfortjent det veit du! :) Likar e legge igjen eit lite hei ved kjekke bloggar.. :)
    La deg til på lista mi eg, så kikar eg nok innom no og då.. :)
    Takk for koseleg kommentar forresten! :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!