onsdag 24. september 2008

Nok ei dør...

Skjønne Anna Lisa kom for litt sidan med ei kjekk utfordring! Ho oppfordra oss alle til å ta bilete av ei dør. Eg tek gjerne denne utfordringa, for eg er glad i dører. Døra i innlegget mitt er ikkje vakker. Malinga flassar av og  handtaket skulle kanskje ha vore skifta. Men døra er solid, ho har sjel og ho har historie.

001  

Dette er døra inn til veslefjøsen min. Heile fjøsen skulle hatt ny bordkledning og fått seg nokre malingsstrøk, men det for kome etterkvart. Veslefjøsen var lagerplass for fòr, oppbevaringsplass for blomsterpotter, hagemøblar, vaskestasjon for egg og mykje meir. Rommet har hems, noko som er til stor glede for ungane. Her skjuler det seg mange skattar og gir rom for leik. Det fungerer mest som lagerplass i dag, men vi har store planar for å gjere veslefjøsen om til "sommarstove". Då skal min kjære sage hòl i betongen og så skal vi setje inn glas på alle veggane (vi er på jakt etter brukte, småruta vindauge, helst gamle). Inne i rommet skal det vere grue og peis, og stoooooort spisebord!

002

GANGDØRA HEIME

"Dei syng om naturen om æra og plikta
og kjærleiken, gong etter gong.
Men aldri så har vel eit menneskje dikta
om gangdøra heime ein song.
Men det veit eg visst at om ho kunne tala
så kom det for dagen båd' rettvist og gale.

003

Eg veit nok at ho kunne hendingar finne
Frå mang ei forunderleg natt.
Om han som gjekk heimatt i rasende sinne
Og ikkje kom oftare att.
Om han som du bad måtte aldri gå frå deg
Og han som du sprang frå og ikkje let nå deg.

005

Det kunne vel hende at døra laut flire,
Men aldri i klinka det knatt.
Om klokka vart to eller tre eller fire
Før de sa for alvor godnatt.
Nei, aldri du høyrde eit vondord ho seie.
Ho tagde, som berre ei gangdør kan teie.

Ho såg når det blenkte ei ørlita tåre,
når smila i andleta taut.
Ho høyrde vel ord som var beiske og såre,
og kanskje ein lovnad de braut.
Eg tenkjer ho såg når de stod der på trappa
Og klemde kvarandre så hjarto dei hoppa.

006

(sjå den fantastiske utsikta som speglar seg i dei gamle vindauga!)

Ja, gangdøra veit om ein gut kjem der ofte,
og om han er sein eller snar.
Ho veit om kva tid han får fylgje på loftet
og ser kva slags sokkar han har.
Men når han fer utatt med skorne i neven
då gjer ho ein knirk for å skremme den reven .

Ja, gangdøra heime, ho er som eg seier,
den same mot helt eller skarv.
Og bra er det sanneleg òg at ho teier,
og ikkje fer kringom med slarv.
Men kanskje vi slutta å døme vår neste,
om gangdøra sa, det ho veit, om dei fleste."

- Marie Lovise Widnes -

007 

Viser eit bileta av låvedøra vår òg. Berre synet av den gjer at eg kjenner lukta av tørrhøy! Eg hugsar kor glad gamle onkel Johan var når alt høyet var i hus og han kunne ta seg ein kvild i låvedøra og sende ei stille takk for at dei lukkast med slåtten i år òg. Det er ikkje mykje tørrhøy på låven no. Låven er meir ein tumleplass for ungane der dei i fred og ro kan planlegge, gjennomføre og prøve ut alle sine kreative prosjekt. Både denne døra og døra øvst i innlegget er handlaga av gamle-Johan som budde på garden før oss. Difor vert dei aldri bytta ut, berre påpassa og oppussa!

No sender eg utfordringa vidare til alle som vil ha den; har du ei dør å vise fram?

9 kommentarer:

  1. Vakker dør og JA til hverdagsblogging :-)
    Klem fra meg

    SvarSlett
  2. hehe...he vore en lang veg å gå ja...men no funka maskina mi igjen..jippi....
    Nei, blir nok ikkje Volda med meg......får tanteunge frå bya på overnatting og då må eg lage litt fredagskos, men kos dokke, blir sikkert triveleg. Takk for hjelpa Tove ;)

    Du e heldig som har så stor boltreplass, hadde vore fint med ein låve til lagringsplass, får liksom aldri nok av det.

    SvarSlett
  3. Hærle stemningsfullt m døra! Flotte bilde og supert dikt! Og eg henge meg veeeeeeeeldig på Jaaaaaaaaaaaa t Blogg akkurat som du vil om da so måtte dukka opp i kvardagen og da du måtte finna på! Suuuuuupert ;o) STÅ PÅ!
    Kooooz deg!

    SvarSlett
  4. Wow!! Så flotte bilder du:-)) Og vakkert skrevet.

    :-)))))

    SvarSlett
  5. Henger meg på Lyst på livet:)

    Flotte bilder, og flotte dører, vi leter etter en gammel dør til det "nye" badet, men den blir inne altså...hehe;)
    Også elsker jeg blogger som skriver på dialekt, alt blir så mye mer stemningsfullt, og ikke så hardt, hvis du skjønner:)
    Ha en flott dag, og jeg har deg på listen min;)

    SvarSlett
  6. Fin gammal dør det der :) Tusen takk for at du forklarte meg hvordan jeg lager link.. Da skal jeg nok finne ut av det. Ha en fin kveld

    SvarSlett
  7. Heisann.
    Eg fann deg via Lyst på livet, og for ein koseleg blogg du har:)
    Det var ein aldeles nydeleg sang om gangdøra, og så sant, så sant:)
    Eg gekk heilt klomp i halsen.
    Las innlegget ditt lengre ned om NIB, og er einig med deg.
    Eg er kanskje lettare dum som ikkje har kjent mi eøkelsestid der inne, men eg vert varande ei stund til og ser korleis det går.
    Eg har heller ikkje noko rein interiørblogg, men skriv om litt av kvart som opptek meg.
    Kjem nok innom deg igjen.
    Ha ein fin kveld.

    SvarSlett
  8. Så artig at du tok utfordringa mi:) Og jammen gjorde du det på ein fantastisk måte. Nydeleg dikt.
    Og nydelige bilder.
    Ønska deg fin helg vidare!
    Klem

    SvarSlett
  9. Så artig at du tok utfordringa mi:) Og jammen gjorde du det på ein fantastisk måte. Nydeleg dikt.
    Og nydelige bilder.
    Ønska deg fin helg vidare!
    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!